Folkehelseoversikt

Fra Folkehelseoversikt.no
Revisjon per 29. aug. 2017 kl. 09:33 av Elisabeth Solheim (diskusjon | bidrag) (Folketalsframskrivingar)

Hopp til: navigasjon, søk

Befolkningssamansetnad

Folketalsutvikling

Befolkninga i Sogn og Fjorande har på fylkesbasis hatt jamn vekst siste 5 åra. Ein ser størst vekst i dei største kommunane, medan mindre kommunar har hatt negativ eller svingande befolkningsutvikling. Noko av variasjonen kan ein forklare med lavt talmateriale og tilfeldige variasjonar.


Befolkningsutvikling blir sett på som ein indikator for regional utvikling. Ønsket om befolkningsvekst har samanheng med fleire forhold som kommunens inntektsgrunnlag og tilgang på arbeidskraft. Utvikling i innbyggjarartal har betyding for kommunen sine planar på omfang og kvalitet av dei ulike tenestane som skal leverast til innbyggjarane i framtida.


Folketalsframskrivingar

Framskriving 80 + Sogn og Fjordane.png

Kommunane i Sogn og Fjordane kan forvente at andelen eldre over 80 år aukar kraftig. I andre aldersgrupper er endringane mindre tydelege. Kjelde: Samhandlingsbarometeret (2017)



Høg levealder betyr at folk er ved god helse og at vi har gode velferdsordningar, fleire eldre betyr også at det blir fleire som er sjuke og som har behov for helse- og omsorgstenester. Kjelde: 'St.meld. nr. 47, 2008-2009, Samhandlingsreformen.Berekningar har vist at forventa auke i levealder i Noreg vil føre til meir enn dobling i førekomst av demens frå 2006 til 2050, dersom aldersspesifikk utbreiing held seg på dagens nivå. Kjelde: 'Sosial- og helsedirektoratet, 2007 (s23).

Kommunen må ha ein langsiktig plan for å førebu det aukande tal eldre som vil gje auka belastning på kommunen sitt helse og velferdsapparat.


Etnisk samansetting og utvikling

Innvandrere har kommet til Norge på grunn av arbeid, gjennom familie, som flyktninger eller for å ta utdanning. Mellom 2007 og 2015 var arbeid den viktigste innvandringsgrunnen. I 2016 kom det flest gjennom familieinnvandring til innvandrarar og til personar uten innvandrarbakgrunn. Det kom i 2016 og fleire grunna flukt enn arbeid.

I fylgje SSB var det per 1. januar 2017 omlag 884 000 personar busett i Noreg som enten har innvandra sjølv (725 000) eller som er fødd i Noreg med to innvandrarforeldre (159 000). Til saman utgjer desse 17 % av Noregs befolkning. Ein stor del av innvandrarane er frå Polen, Litauen og Somalia. Kommunar med asylmottak har fleire innvandrarar frå Afrika og Asia enn andre kommunar. For historiske tal kan ein søke direkte på kommunenivå for detaljerte tal på SSB.

Noreg og Sogn og Fjordane hadde ei kraftig auke i antal asylsøkjarar i 2015. Dette heng saman med flyktningestraumen frå Syria, Afghanistan, Eritrea og Irak som pregar Europa generelt.

I fylgje IMDi vart 2016 eit rekordår med over 15 000 busette flyktningar, 1 600 av desse var einslege mindreårige. Busettinga vil halde seg på eit høgt nivå også i 2017 og oppdaterte prognosar for busettingsbehov frå UDI tilseier at behovet vil vere om lag 11 080 personar inkludert 820 einslege mindreårige. Samstundes vil lågare innkomst av asylsøkjarar føre til eit lågare busettingsbehov i 2018.

Basert på anmodnings- og vedtakstal frå IMDI så ser det foreløpig ut som at behovet for busetting av flyktningar i 2018 vil vere om lag 4 440 personar. Dette er om lag ein tredel av busettingsbehovet for inneverande år. Det er vanskeleg å seie om desse tala vil endre seg.


Det er store helsemessige forskjellar mellom grupper av innvandrarar og mellom innvandrarar og etnisk norske. Forskjellane omfattar både fysisk og psykisk helse, i tillegg til helseåtferd. Flyktningar er ei spesielt sårbar gruppe med ekstra folkehelseutfordringar. Vanskar med kommunikasjon og kulturelle forskjellar kan gjere det vanskelig å komme til kjernen av problemet. Det kan vere spesielt vanskeleg å avdekke psykiske sjukdomar. Fysisk inaktivitet, overvekt og fedme er utbredt. Diabetes og hjerte- karsjukdom førekjem hyppigare blant innvandrar frå Afrika og Asia. Kjelde: ''Folkehelserapporten 2014, Folkehelseinstituttet

Kommunen skal mellom anna yte tilfredsstillande helsehjelp, førebyggjande smitteverntiltak, psykososial oppfølging og tannhelsehjelp. Kjelde: ''Helsedirektoratet: Veileder for helsetjenestetilbudet til asylsøkere, flyktninger og familiegjenforente

Det er naturleg å tenke at den kraftige auka i flyktningar og asylsøkjarar vil gje ei auka belastning på heile velferdsapparatet til kommunen, der barnehage, skule og helse er spesielt utsett. Kommunal kompetanse om helse blant flyktningar og innvandrarar er viktig for å lukkast med helsefremjande og førebyggjande arbeid. Tiltak som reduserer språkvanskar og lettar integreringa er viktig folkehelsearbeid.


Oppvekst- og levekår

Låginntekt hushaldning

Noreg har hatt ein liten men jamn auke av hushaldningar med under 60% av nasjonal medianinntekt (EU60) frå 2009 til 2014. Sogn og Fjordane har følgd same trend, men om lag 2,5% under nasjonalt nivå. Trendane på kommunalt nivå føl fylkesutviklinga, men er vanskeleg å tolke, truleg grunna lågt talmateriale.



Inntekt og økonomi er grunnleggande påverknadsfaktorar for helse. Forsking viser at det er samanheng mellom inntektsnivå og helsetilstand. Lav inntekt aukar sannsynet for dårleg helse, sjukdom og tidleg død. Kjelde: fhi.no. Studiar viser at levevanar føl inntekt- og utdanningsnivå. Barn og unge av foreldre med lav sosioøkonomisk status har også auka risiko for langvarige sjukdomar og plagar. Reduserte sosiale helseforskjellar er eit viktig mål i folkehelsearbeidet. Innsats for å gjere noko med levekår, som arbeid og utdanning, kan bidra til å fremje helse og jamne ut sosiale helseforskjellar. Ei utjamning av dei sosiale helseforskjellane gjev eit stort potensiale for forbetring av folkehelsa. Kjelde: Folkehelserapporten, 2014


Einslege forsørgjarar

Einslege forsørgjarar har vore stabilt i Noreg siste 5 åra. Sogn og Fjordane ligg igjen under landsgjennomsnittet. Tala for enkelt kommunar i Sogn og Fjordane varierer mykje mellom kommunane, men har hatt stabil flat utvikling over tid. Tala for einslege forsørgjarar speglar ikkje tala for låginntekt hushaldning.


Analyser viser at einslige forsørgjarar oftare har lav inntekt enn hushaldningar med fleire vaksne medlemmar. Tap av forsørgjar gjennom samlivsbrot eller død fører for mange til økonomiske problem. Kjelde: 'fhi.no.'


Arbeidsløyse

Utviklinga av arbeidsløyse i Noreg og Sogn og Fjordane har vore flat siste 3 åra. Sogn og Fjordane ligg under landsgjennomsnittet for arbeidsløyse. Det er forskjellar mellom kommunane i Sogn og Fjordane, dette ofte grunna nedleggingar og permiteringar i enkelt bedrifter. For kommunar med lågt folketal påverkar permiteringar statistikken ekstra mykje.


Ein reknar arbeidsledige for å vere ei utsett gruppe, både økonomisk, helsemessig og sosialt. Kjelde: ''fhi.no

Utfordringen framover vil være å holde sysselsettingen høy og bevare de likhetsbevarende trekkene i den nordiske modellen som blant annet bidrar til liten lønnsspredning. Det er en utfordring at noen grupper er betydelig mer utsatt for lavinntekt enn andre, og at noen blir værende i lavinntektsgruppen over lang tid. Særlig er det en utfordring at andelen barn som lever i lavinntektsfamilier har økt de siste årene. Det gjelder særlig barn av innvandrere og aleneforeldre. Det er betydelige forskjeller i lavinntekt. Det er derfor en utfordring å holde en høy sysselsetting i alle deler av landet og sørge for at alle kommuner er rustet til å ivareta de oppgavene de har overfor sårbare grupper. De fleste med lavinntekt har svak tilknytning til arbeidslivet og får en vesentlig del av inntekten gjennom offentlige overføringer. Det gjelder blant annet nyankomne flyktninger, personer med nedsatt funksjonsevne og grupper med kort utdanning. De som faller utenfor arbeidsmarkedet faller også lett utenfor andre deler av velferdssamfunnet og de har dårligere helse enn andre grupper i befolkningen. Mange med lavinntekt har psykiske problemer og/eller rusproblemer.

Kjelde: Folkehelsemeldingen (s 40)


Sjukefråvær

Sjukefråværet i Sogn og Fjordane har vore stabilt rundt 5%. Kommunane viser variasjon rundt fylkesgjennomsnitt. Folketalet i kommunane gjer at ein får kraftige utslag i prosentvis endring frå år til år, dette gjerne utan at sjukefråværet totalt har endra seg mykje.


Sjukefråværet vil bli påverka av fleire faktorar. Muskel- og skjellettlidingar og psykiske lidingar dominerer

statistikken sjukefråværsstatistikken. Kjelde: ''nav.no.

Universell innsats mot muskel- og skjellettlidingar og psykiske lidingar vil truleg gje størst helsegevinst.


Uføretrygd

Sogn og Fjordane ligg nært landsgjennomsnittet for prosent av befolkninga som tar i mot uføretrygd. Utviklinga er stabil med noko variasjon frå år til år. Det er noko statistisk variasjon blant kommunane i Sogn og Fjordane. Noko kan skuldast lokale forhold med jobbtilbod og utdanningsnivå, noko kan skuldast lavt talmateriale. Nokre av kommunane har til dømes ikkje offentlege tal grunna lavt folketal. Ein kan ikkje trekke sikre konklusjonar om trendar på kommunenivå grunna lavt talmateriale.


Gruppa som tar i mot uføretrygd er ei utsett gruppe for negativ helsepåverknad. Kor mange som tar i mot uføretrygd er ein indikator på helsetilstand, men må sjåast i samanheng med næringsliv, utdanningsnivå og jobbtilbod i kommunen. 


Grupper som står utanfor arbeidsliv og skule har oftare dårlegare psykisk helse og meir usunne levevaner enn dei som er i arbeid. De siste ti år har andelen som får sjukmelding og uføretrygd vore høgare i Noreg enn i andre OECD-land. Auka helseproblem i befolkninga kan ikkje forklare dette. Årsakene til sjukefråvær og uførepensjon er vanskelige å fastslå. Ofte er dei samansette, og forhold som usikker arbeidssituasjon, nedbemanningar og livsstilsfaktorar kan påverke sjukefråværet og andelen som søkjer om uføretrygd. Kjelde: ''fhi.no


Mottakarar av sosialhjelp

Mottakarar av sosialhjelp varerier mykje mellom kommunane i Sogn og Fjordane. Dette er truleg grunna individuelle lokale forhold.


Mottakarane av sosialhjelp er ei utsett gruppe psykososialt og materielt. Dei har ofte ein meir marginal tilknyting til arbeidsmarknaden, kortare utdanning og lågare bustandard enn befolkninga elles. Det er også vist at det er langt større innslag av helseproblem blant sosialhjelpsmottakarane enn i befolkninga elles, og særlig er det ein stor del med psykiske plager og lidingar. 


Utbreiinga av sosialhjelp i totalbefolkninga er eit uttrykk for pågangen på det kommunale hjelpeapparatet frå personar som for kortare eller lengre tid er avhengig av økonomisk støtte til livsopphold. Lang tids avhengighet av sosialhjelp kan mellom anna spegle eit lokalt vanskeleg arbeidsmarknad, men også at sosialtenesta legg ulik vekt på aktivisering av den enkelte og på tverrfaglig samarbeid. Kjelde: ''fhi.no


Utdanningsnivå

Prosent av befolkninga med fullført vidaregåande eller høgare utdanning i aldersgruppa 30-39 har vore stabil for kommunane siste 5 år. Kommunane har variasjon seg i mellom. Dette er også knytt opp mot jobbtilbodet i dei ulike kommunane.


Tal frå 2009 viser at menn med universitets- eller høgskuleutdanning kan forvente å leve 6 år lengre enn menn med grunnskule. For kvinner er forskjellen 5 år. Kjelde: ''Folkehelserapporten, 2014


Fråfall i vidaregåande skule

Fråfallet frå vidaregåande skule i Sogn og Fjordane har lege stabilt på kring 18% siste 5 åra. Det er stor variasjon mellom utvalde kommunar i Sogn og Fjordane. Absolutt sett er tala for fråfall høge. I Noreg fullfører og består 57 prosent av elevane vidaregåande opplæring på normert tid. ''at a Glance 2014_Sammendrag_fra nettsiden til KD.docx Kjelde: Kunnskapsdepartementet: Education at a Glance 2014 (s.2)


Det er godt dokumenterte samanhengar mellom utdanningsnivå, materielle levekår og helse. Ein antar at personar som ikkje har fullført vidaregåande utdanning er like utsett for levekårs- og helseproblem som dei som har valt å ikkje ta meir utdanning etter fullført ungdomsskule. Kjelde: ''fhi.no.


Grupper som generelt sett har høyere risiko for å ikke gjennomføre videregående skole er elever med svake grunnskolekarakterer, elever med lavt utdannede foreldre, gutter, minoritetsspråklige elever med manglende norskkunnskap og yrkesfagelever med dårlige grunnferdigheter. Frafall er sluttpunkt av en lengre prosess. Årsakene er ofte sammensatte og kan ligge i ulike faser, gjerne tidligere i opplæringen og i overganger mellom ulike skoletrinn. Den viktigste direkte årsaken til frafall er svake skoleprestasjoner i ungdomsskolen som ofte faller sammen med lav motivasjon og manglende engasjement for læring. Dette kan igjen ha bakgrunn i tidlig sosialisering. Rapporten har vist at familiebakgrunn, særlig foreldres utdanning, har stor betydning for hvordan barn lykkes i utdanningssystemet. Kjelde: ''NOVA Rapport nr 12/10. Språk, stimulans og læringslyst – Tidlig innsats og tiltak mot frafall i videregåande opplæring gjennom hele oppveksten (s68)


Barnevern

Barn under tiltak frå barnevernet varierer i følgje tal frå KOSTRA mellom utvalde kommunar i Sogn og Fjordane. Utviklinga siste 5 åra har vore stabil utan at ein kan identifisere større trendar. Ein må vere merksam på at ei auke i barn under tiltak frå barnevernet ikkje nødvendigvis er ein negativ folkehelsetrend. Ei auke kan skuldast at barnehagen har blitt meir oppmerksam på risikofaktorar og sender fleire meldingar til barnevernet.


Vi vet at risikofaktorer kan være foreldres psykiske sykdom eller rusmiddelmisbruk, vold i hjemmet, foreldre som er langtidsledige/trygdemottakere, fattigdom i familien osv. Jo flere av disse faktorene som et barn utsettes for, jo større sannsynlighet for skjevutvikling. Jo tidligere en klarer å identifisere disse risikofaktorene og sette i verk tiltak, jo større sannsynlighet er det for at barna klarer seg bra.

Kjelde: Folkehelsepolitisk rapport 2012 (s.46), Helsedirektoretet.


Fysisk, biologisk, kjemisk og sosialt miljø

Radon

Førekomsten av radon er låg generelt i Sogn og Fjordane. Enkelte lommer med høg konsentrasjon av radon førekjem (Norges Geologiske Undersøkelse). Kommunane har kartlagt radonførekomst med at alle skular og barnehagar skal ha gjennomført radonmålingar.


Kvalitet på drikkevatn

Drikkevatnet er generelt godt blant kommunane i Sogn og Fjordane. Men det er nokre variasjonar mellom kommunane. Det er uklart kva som er grunnen til dette ut i frå vedlagte data. Kjelde: ''fhi.no


Drikkevatn fritt for smittestoff er ein vesentleg faktor for folkehelsa, og E.coli er ein av dei mest sentrale parameter for kontroll. E.coli er en tarmbakterie som indikerer fersk fekal forureining.  Kjelde: ''fhi.no.


Lovbrot

Sogn og Fjordane ligg under landsgjennomsnittet for sikta personar per 1000 innbyggjarar samanlikna med resten av landet. Trenden har frå 2011 til 2015 ikkje vist markante utviklingstrekk. Kjelde: ''SSB


Frivillige lag og organisasjonar

Frivillige organisasjoner representerer en betydelig ressurs i norsk samfunnsliv, også i forhold til samfunnsområder der det offentlige har påtatt seg ansvar og der ansvaret er reflektert gjennom tjenester som ytes til befolkningen. Kjelde: ''Stortingsmelding 47, kapittel 16


Mobbing og trivsel i skulen

Tala for mobbing i Sogn og Fjordane ligg under gjennomsnittet for resten av landet. Utvalde kommunar i fylket har trend i positiv utvikling, med mindre mobbing generelt i skulen. Same positive utviklinga ser ein på trivsel i skulen. Dei siste 5 åra har tala for trivsel auka for kommunane.

Det er viktig med fokus på vidare systematisk arbeid for å førebyggje mobbing i skule og barnehagar.


Mobbing er en vesentlig individuell risikofaktor for psykiske lidelser (Fosse 2006). Barn som mobbes har opptil sju ganger høyere risiko for psykiske plager som engstelse, depresjon, ensomhet og rastløshet, enn barn som ikke mobbes. Blant barn og unge som mobbes er også kroppslige helseplager som hodepine, ryggsmerter, "vondt i magen" og svimmelhet, dobbelt så vanlig som blant andre barn. Jo oftere et barn blir mobbet jo større er risikoen for helseplager (Nordhagen 2005). Sammenhengen mellom mobbing og helseplager understreker at det er viktig å forebygge mobbing i skolen. Det er dessuten viktig å følge med på statistikk over andelen som har vært utsatt for mobbing for å si om hvordan iverksatte tiltak fungerer, og for å kunne drive lokalt kvalitetsforbedringsarbeid. Kjelde: ''fhi.no


Skader og ulykker

Personskadar behandla i sjukehus

Utviklinga av personskadar har gått jamt ned på landsbasis sidan 1950-talet. Sogn og Fjordane ligg over landsgjennomsnittet, og det har det vore lite endring i innlegging grunna personskadar sidan 2008. Kommunane har variasjon seg i mellom og noko variasjon frå år til år. Ein har ikkje sikker grunn til at Sogn og Fjordane ligg høgare enn landet generelt på innlegging grunna personskadar.


Blant eldre er hoftebrot spesielt alvorleg då det kan føre til redusert funksjonsevne og behov for hjelp, og dermed redusert livskvalitet. Blant ungdom og unge menn gjev trafikkulykker både redusert helse og tapte liv. Det er et betydelig potensial for førebygging av skader og ulykker. Sjukehusbehandla personskadar synar berre omfanget av dei alvorlegaste skadane.  Kjelde: ''fhi.no


Andre ulykker

Trafikkulykker: Drepne i trafikken varierer mykje frå kommune til kommune. I følgje data frå kommuneprofilen.no (velg Sogn og Fjordane) har det vore over ein halvering av drepne og skadde i trafikken sidan år 2000 i Sogn og Fjordane.

Drukningsulykker: Tal frå Norsk Folkehjelp viser at Sogn og Fjordane har 2 til 10 drukningsulykker årleg siste 4 åra.

Brann: Tal frå DSB viser at omkomne i brann i Sogn og Fjordane årleg er lave: 2013: 1, 2014: 0, 2015: 2, 2016: 1.


Helserelatert atferd

Fysisk aktivitet

Tal frå undersøking av fysisk aktivitet blant barn og ungdom i Sogn og Fjordane er sprikande. Statistikkgrunnlaget er lite og resultata varierer frå år til år og mellom kommunane. Generelt viser tala at 10-20% av barn og ungdom mellom 11 og 15 år er fysisk aktive dagleg, i over 60 minutt som er anbefalingar frå Helsedirektoratet. Tal frå vidaregåande skule viser at 70-90% av ungdom i Sogn og Fjordane har aktivitet med idrett på fritida.


Regelmessig fysisk aktivitet er viktig for barn si vekst og utvikling. Helsedirektoratet anbefaler at barn og unge deltar i fysisk aktivitet med moderat eller høg intensitet i minimum 60 minutt dagleg. I tillegg bør barn og unge utføre aktivitet med høg intensitet minst tre gonger i veka. Vaksne bør ha moderat fysisk aktivitet 150 minutt kvar veke, eller 75 minutt med aktivitet med høg intensitet i veka.

Kjelde: 'Folkehelserapporten 2014, Fysisk aktivitet i Norge og 'Anbefalinger om kosthold,ernæring og fysisk aktivitet ( s.12) - Helsedirektoretet


Kosthald

Tal frå Samhandlingsbarometeret viser at omlag 50% barn og unge mellom 11 og 15 år et frukt dagleg. I den vidaregåande skulen er det liknande resultat, men med noko meir variasjon mellom kommunane. På vidaregåande et om lag halvparten av ungdom grønsaker dagleg. Igjen er talmaterialet noko lågt som gir forskjellar mellom kommunane. Det er interessant å observere at jenter generelt et meir frukt og grønsaker i alle aldersgrupper. Tala seier ikkje noko om variasjon i kosthald eller i kva form frukt og grønsaker vert konsumert.


Sunt og variert kosthald, kombinert med fysisk aktivitet er bra for både kropp og velvære. Med riktig kosthald kan ein førebygge sjukdom. Ofte kan små grep i kvardagen ha stor betyding for helsa. Matvarer merka med Nøkkelhol er eit hjelpemiddel for å ta dei små, sunne grepa i kvardagen. Det er anbefalt å ete minst fem porsjoner grønsaker, frukt og bær dagleg. Kjelde: ''Helsedirektoratet. Kostholdsråd.


Mange barn får i seg for mykje sukker gjennom brus eller saft. Ein halv liter brus eller saft inneheld om lag 50 gram sukker som svarar til 25 sukkerbitar. Kjelde: 'Matportalen.no, Helsedirektoratet

'Virkemidlene for å fremme sunne valg ligger i all hovedsak utenfor helsesektoren, og samarbeidet med andre sektorer, frivillige organisasjoner og private aktører er viktig. Dette er en felles oppgave. Ansvaret på tvers av sektorer må i større grad synliggjøres. Kjelde: 'Meld.St.34 Folkehelsemeldingen 2012-2013. God helse – felles ansvar (s.75).


Overvekt

Andel gravide med KMI over 25 har vore stabilt høg siste 5 år. Sesjonstal frå 2011 til 2015 viser generelt forhøgja KMI. BMI målt i vidaregåande skule 2012 KMI under 25. Tal frå elevar 11 og 13 år gamle i 2011 viser normale verdiar. Avgrensa talmateriale gjev variasjonar mellom kommunane og ein saknar data over tid. Ein bør merke seg at KMI stig frå 11 års alder og fram til vaksen alder, samt at elevar i alderen 11 til 15 år opplev seg som meir overvektig enn kva faktiske målingar av KMI viser.


Kroppsmasseindeks (KMI) gjev uttrykk for vekt i forhold til høgde og vert nytta til å kunne måle og samanlikne helserisikoen ved blant anna overvekt i ei befolkning. WHO har satt følgjande grenseverdi for å klassifisere overvekt og fedme blant vaksne over 18 år ved hjelp av KMI (kg/m²): 

KMI på mellom 25 og 29,9 = overvektig 

KMI på 30 og over = fedme 


Overvekt og fedme gjev auka risiko for type 2-diabetes, hjerte- og karsjukdom, høgt blodtrykk, slitasjegikt i kne og hofter og enkelte kreftsjukdomar som tjukktarmskreft. Overvekt og fedme kan også ha alvorlige psykiske helsekonsekvensar. Det er ingen klar KMI-grense for når sjukdomsrisiko aukar eller fell, overgangane er glidande. 


Erfaring viser at det for dei fleste er vanskelig å oppnå varig vektreduksjon når ein først har blitt overvektig. Førebygging av overvekt med tiltak som kan påverke mat- og aktivitetsvanar er derfor viktig. Kjelde: ''fhi.no


Røyking og rusmidlar

Utvalde kommunar i Sogn og Fjordane har sett ein fallande trend for kvinner som røyker under svangerskapet. Tala for røykevanar frå vidaregåande skule er låge, men ein manglar samanlikningsgrunnlag frå fleire år. Tala frå Sogn og Fjordane føl trenden for den norske befolkninga som viser ein kraftig nedgang i røykarar i Noreg siste åra, spesielt blant ungdom.


Ein høg del av elevar i 10. klasse har prøvd snus. Tala beskriv ikkje den daglege bruken av snus.


Tal frå vidaregåande om ungdom som har prøvd narkotiske stoff ligg lågt i Sogn og Fjordane.



Røyking er ein av dei viktigaste årsakene til redusert helse og levealder. Omtrent halvparten av dei som røyker daglig i mange år, dør av sjukdomar som skuldast tobakk. I tillegg råkast mange av sjukdommar som fører til helseplager og redusert livskvalitet. Studiar viser at dei som røyker dagleg, i snitt dør 10 år tidligare enn ikkje-røykarar, og 25 prosent av dei som røyker dagleg dør 20-25 år tidligare enn gjennomsnittleg levealder for ikkje-røykarar. Kjelde: fhi.no

Røykevanar er knytt opp mot sosial ulikskap i helse. Kjelde: ''SIRUS.no (kapittel 3.3.4)

Bruk av snus aukar risiko for kreft i bukspyttkjertel, spiserøyr og munnhole og har fleire andre negative effektar. Snus aukar risiko for dødfødde og for tidleg fødsel. Kjelde: Helsedirektoratet. Helseskader av snus.


Helsetilstand

Tannhelse

Tannhelsa til barn og unge i Sogn og Fjordane er rekna for å vere god og ligg over landsgjennomsnittet.


Dei siste 30 åra har tannhelsa betra seg mykje. Fleire barn og unge har ingen eller få hol i tenna. Endå varierer tannhelse med alder, økonomi, og kvar i landet ein bur. Kjelde: fhi.no


Sjukehusinnleggingar generelt

Tal på innleggingar på sjukehus for pasientar i Sogn og Fjordane har vore relativt stabilt frå 2009 til 2016.


Diabetes

Bruk av legemiddel til behandling av type 2-diabetes har auka gradvis frå 2008 til 2016, både nasjonalt og i Sogn og Fjordane. Tala for dei utvalde kommunane varierer.


Ein reknar at ca 350.000 personer i Noreg har diabetes type 2, og at halvparten av desse ikkje veit dei har sjukdommen. Ca 28.000 personar har diabetes type 1. Kjelde:Diabetes.no.

Kosthald, mosjon og vektreduksjon kan for nokre normalisere blodsukkeret og halde sjukdomen under kontroll, og er ein sentral del av behandlinga for alle med sjukdommen. Moderne retningslinjer for behandling av diabetes legg likevel i aukande grad vekt på nytta av medikamentell behandling for å redusere førekomsten av seinkomplikasjonar av sjukdommen (tap av syn, amputasjon, hjarte/kar-sjukdommar, sår, nyresjukdom), som er den viktigaste årsaken til redusert helse og økte helsekostnader for denne sjukdommen. Overvekt er ein viktig risikofaktor for utvikling av type 2-diabetes og førekomst av type-2 diabetes kan derfor spegle befolkninga sine levevaner. Kjelde:Helsebilioteket


Hjerte- og karsjukdomar

Det har sidan 2002 vore ein jamn reduksjon i dødelegheit (0-74 år) av hjerte- og karsjukdom. Dette kan skuldast både meir effektiv behandling og førebygging, men også auka levealder i befolkninga generelt.


Muskel- og skjelettlidingar

Sogn og Fjordane ligg rett over landsgjennomsnittet i registrering av muskel og skjelettlidingar i primærhelsetenesta. Liknande trend finn ein og i spesialisthelsetenesta, medan lårbeinsbrot ligg på landsgjennomsnittet.


Kreft

I Sogn og Fjordane har dødelegheit av kreft vore stabil siste 5 åra . Nye krefttilfelle har auka jamt i same periode. Tala frå Sogn og Fjordane føl nasjonal utvikling.


Årsak til kreftsjukdom er knytt til miljøpåverknader og arvemateriale. Ein reknar at det er få tilfelle av kreft der arv er einaste årsak. Førebygging av kreftsjukdom er knytt til reduksjon i eksponering av miljøgifter, å redusere tobakksrøyking, redusere alkoholkonsum, auke inntak av frukt og grønsaker, auke fysisk aktivitet, førebygge overvekt og unngå å bli solbrend. Kjelde: ''fhi.no

Årsak til auke i krefttilfelle kan vere aukande alder i befolkninga og betring i diagnostiske verktøy. Kjelde: ''fhi.no


Psykiske lidingar

På oversikt over registrerte psykiske lidingar i primærhelsetenesta ligg Sogn og Fjordane under landsgjennomsnittet. Det er stor variasjon i data mellom dei utvalde kommunane, noko som kan forklarast med lavt talmateriale i enkelte kommunar. Ein har for lite data til å kunne vurdere utviklinga.

Nasjonalt viser tal frå reseptregisteret ei auke i bruk av antidepressiva i aldersgruppa 15-19 sidan 2004.

Folkehelseinstituttet estimerer at 8% av barn og unge mellom 3-18 år har ei psykisk liding. Kjelde: ''Psykiske lidelser i Norge: Et folkehelseperspektiv (s 43)


Begrepet psykiske lidingar omfattar alt frå mildare plager som fobiar og lettare angst og depresjonslidingar, til omfattade og alvorlege tilstander som schizofreni. Kjelde: ''Folkehelseinstituttet: Psykiske lidelser i Norge: Et folkehelseperspektiv (s 15)

Omtrent halvparten av den norske befolkninga vil ha ein form for psykisk liding i løpet av livet, og om lag ein tredjedel i løpet av eit år. Dei tre vanligaste gruppene psykiske lidingar er angstlidingar, depressive lidingar og alkoholmisbruk. Førekomsten har vore stabil i den norske befolkninga siste 10 år. Kjelde: ''Folkehelseinstituttet: Psykiske lidelser i Norge: Et folkehelseperspektiv (s 22)

Tala referert over er høge, og ein kan ikkje trekke konklusjon om at ein tredjedel av befolkinga er psykisk sjuke. Personar kan i kortare perioder vere deprimerte, og det er forholdsvis høg førekomst av fobiar og alkoholavhengighet. Desse gruppene føler seg ofte ikkje psykisk sjuke. Kjelde: ''Folkehelseinstituttet: Psykiske helse i Norge

Andel av befolkinga med alvorleg psykisk sjukdom er turleg låg. Ein studie frå Sogn og Fjordane (Kringlen E, Torgersen S, Cramer V. Mental illness in a rural area - A Norwegian psychiatric epidemiological study. Social Psychiatry and Psychiatric Epidemiology 2006; 41: 713-9) viser at 5,1 prosent av befolkinga er utsett for å få alvorleg psykisk sjukdom.

Psykiske lidingar i barne- og ungdomsåra aukar risikoen for fysisk sjukdom, fråfall frå skulen, lausare tilknyting til arbeidsmarknaden og rusmisbruk. Barn som viser teikn til psykiske plager, eller som er eksponert for alvorlege risikoforhold bør fangast opp på eit tidleg tidspunkt. Helsestasjon, barnehage og skule er sentrale arenaer. Kjelde: ''Folkehelserapporten 2014