Forskjell mellom versjoner av «Befolkingssamansetnad»

Fra Folkehelseoversikt.no
Hopp til: navigasjon, søk
 
Linje 1: Linje 1:
=== Folketalsutvikling ===
+
= Folketalsutvikling =
 
<section begin="folketalsutvikling_1"></section>
 
<section begin="folketalsutvikling_1"></section>
 
Befolkninga i Sogn og Fjorande har på fylkesbasis hatt jamn vekst siste 5 åra. Ein ser størst vekst i dei [https://statistikk.samhandlingsbarometeret.no/webview/index.jsp?headers=Alder&headers=rstal&stubs=Kommune&virtualslice=Samlainnbyggartal_value&layers=virtual&charttype=null&study=https%3A%2F%2F161.4.9.106%3A443%2Fobj%2FfStudy%2FD005&Alderslice=Samla&mode=cube&v=2&rstalslice=2015&measuretype=4&cube=https%3A%2F%2Fstatistikk.samhandlingsbarometeret.no%3A443%2Fobj%2FfCube%2FD005_C1&Kommunesubset=14+-+1401%2C1416%2C1428+-+1432%2C1438+-+1441%2C1449&Kommuneslice=14&top=yes største kommunane, medan mindre kommunar] har hatt negativ eller svingande befolkningsutvikling. Noko av variasjonen kan ein forklare med lavt talmateriale og tilfeldige variasjonar.  
 
Linje 11: Linje 11:
 
<section end="folketalsutvikling_2"></section>
 
<section end="folketalsutvikling_2"></section>
  
=== Folketalsframskrivingar ===
+
= Folketalsframskrivingar =
  
<section begin="folketalsframskrivingar_1"></section>
 
<section begin="folketalsframskrivingar_1"></section>
Linje 29: Linje 29:
 
<section end="folketalsframskrivingar_2"></section>
 
<section end="folketalsframskrivingar_2"></section>
  
=== Etnisk samansetting og utvikling ===
+
= Etnisk samansetting og utvikling =
 
<section begin="etnisk_1"></section>
 
<section begin="etnisk_1"></section>
 
Innvandrarar har kome til Norge på grunn av arbeid, gjennom familie, som flyktningar eller for å ta utdanning. Mellom 2007 og 2015 var arbeid den viktigaste [https://www.ssb.no/befolkning/statistikker/innvgrunn/aar innvandringsgrunnen.] I 2016 kom det flest gjennom familieinnvandring og fleire kom grunna flukt enn arbeid. I 2017 var og familie hovudårsak til innvandring, deretter arbeid..
 
Nåværende revisjon fra 15. okt. 2019 kl. 13:13

Folketalsutvikling

Befolkninga i Sogn og Fjorande har på fylkesbasis hatt jamn vekst siste 5 åra. Ein ser størst vekst i dei største kommunane, medan mindre kommunar har hatt negativ eller svingande befolkningsutvikling. Noko av variasjonen kan ein forklare med lavt talmateriale og tilfeldige variasjonar.

Befolkningsutvikling blir sett på som ein indikator for regional utvikling. Ønsket om befolkningsvekst har samanheng med fleire forhold som kommunens inntektsgrunnlag og tilgang på arbeidskraft. Utvikling i innbyggjarartal har betyding for kommunen sine planar på omfang og kvalitet av dei ulike tenestane som skal leverast til innbyggjarane i framtida.

Folketalsframskrivingar

Framskriving 80 + Sogn og Fjordane.png

Kommunane i Sogn og Fjordane kan forvente at andelen eldre over 80 år aukar kraftig. I andre aldersgrupper er endringane mindre tydelege. Kjelde: Samhandlingsbarometeret (2018)

Høg levealder betyr at folk er ved god helse og at vi har gode velferdsordningar, fleire eldre betyr også at det blir fleire som er sjuke og som har behov for helse- og omsorgstenester. Kjelde: 'St.meld. nr. 47, 2008-2009, Samhandlingsreformen.Berekningar har vist at forventa auke i levealder i Noreg vil føre til meir enn dobling i førekomst av demens frå 2006 til 2050, dersom aldersspesifikk utbreiing held seg på dagens nivå. Kjelde: 'Sosial- og helsedirektoratet, 2007 (s23).

Kommunen må ha ein langsiktig plan for å førebu det aukande tal eldre som vil gje auka belastning på kommunen sitt helse og velferdsapparat.

Etnisk samansetting og utvikling

Innvandrarar har kome til Norge på grunn av arbeid, gjennom familie, som flyktningar eller for å ta utdanning. Mellom 2007 og 2015 var arbeid den viktigaste innvandringsgrunnen. I 2016 kom det flest gjennom familieinnvandring og fleire kom grunna flukt enn arbeid. I 2017 var og familie hovudårsak til innvandring, deretter arbeid..

I fylgje SSB var det per 1. januar 2018 omlag 917 000 personar busett i Noreg som enten har innvandra sjølv (750 000) eller som er fødd i Noreg med to innvandrarforeldre (170 000). Til saman utgjer desse 17,3 % av Noregs befolkning. Ein stor del av innvandrarane er frå Polen, Litauen, Sverige, Tyskland, Pakistan, Somalia, Irak og Syria. Kommunar med asylmottak har fleire innvandrarar frå Afrika og Asia enn andre kommunar. For historiske tal kan ein søke direkte på kommunenivå for detaljerte tal på SSB.

Noreg og Sogn og Fjordane hadde ei kraftig auke i antal asylsøkjarar i 2015. Dette heng saman med flyktningestraumen frå Syria, Afghanistan, Eritrea og Irak som pregar Europa generelt.

I fylgje IMDi vart 2016 eit rekordår med over 15 000 busette flyktningar, 1 600 av desse var einslege mindreårige. Busettinga vil halde seg på eit høgt nivå også i 2017 og oppdaterte prognosar for busettingsbehov frå UDI tilseier at behovet vil vere om lag 11 080 personar inkludert 820 einslege mindreårige. Samstundes vil lågare innkomst av asylsøkjarar føre til eit lågare busettingsbehov i 2018.

Basert på anmodnings- og vedtakstal frå IMDI så ser det foreløpig ut som at behovet for busetting av flyktningar i 2019 vil vere om lag 5 350 personar.

Det er store helsemessige forskjellar mellom grupper av innvandrarar og mellom innvandrarar og etnisk norske. Forskjellane omfattar både fysisk og psykisk helse, i tillegg til helseåtferd. Flyktningar er ei spesielt sårbar gruppe med ekstra folkehelseutfordringar. Vanskar med kommunikasjon og kulturelle forskjellar kan gjere det vanskelig å komme til kjernen av problemet. Det kan vere spesielt vanskeleg å avdekke psykiske sjukdomar. Fysisk inaktivitet, overvekt og fedme er utbredt. Diabetes og hjerte- karsjukdom førekjem hyppigare blant innvandrar frå Afrika og Asia. Kjelde: ''Folkehelserapporten 2014, Folkehelseinstituttet

Kommunen skal mellom anna yte tilfredsstillande helsehjelp, førebyggjande smitteverntiltak, psykososial oppfølging og tannhelsehjelp. Kjelde: ''Helsedirektoratet: Veileder for helsetjenestetilbudet til asylsøkere, flyktninger og familiegjenforente

Det er naturleg å tenke at den kraftige auka i flyktningar og asylsøkjarar vil gje ei auka belastning på heile velferdsapparatet til kommunen, der barnehage, skule og helse er spesielt utsett. Kommunal kompetanse om helse blant flyktningar og innvandrarar er viktig for å lukkast med helsefremjande og førebyggjande arbeid. Tiltak som reduserer språkvanskar og lettar integreringa er viktig folkehelsearbeid.