Forskjell mellom versjoner av «Flora kommune»

Fra Folkehelseoversikt.no
Hopp til: navigasjon, søk
Linje 26: Linje 26:
  
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|etnisk_2}}
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|etnisk_2}}
 +
 +
= Oppvekst- og levekår =
 +
 +
=== Låginntekt hushaldning ===
 +
{{#lst:Folkehelseoversikt|låginntekt_1}}
 +
 +
'''Flora kommunen [http://khp.fhi.no/PDFVindu.aspx?Nr=1401&sp=1&PDFAar=2015 er ikkje eintydig forskjellig frå landet når det gjeld andel born som bur i hushaldningar med låg inntekt.]  Låg inntekt vert definert her som under 60 % av nasjonal medianinntekt.'''
 +
 +
{{#lst:Folkehelseoversikt|låginntekt_2}}
 +
 +
=== Einslege forsørgjarar ===
 +
{{#lst:Folkehelseoversikt|einslege_1}}
 +
 +
{{#lst:Folkehelseoversikt|einslege_2}}
 +
 +
=== Arbeidsløyse ===
 +
{{#lst:Folkehelseoversikt|arbeidsløyse_1}}
 +
 +
'''Flora kommune hadde i desmber 2015 ei arbeidsløyse på 3,4 %, dette utgjer 212 personar. Arbeidsløysa I Sogn og Fjordane var på 2,0 % i same tidsrom. [https://www.nav.no/no/NAV+og+samfunn/Statistikk/Arbeidssokere+og+stillinger+-+statistikk/Helt+ledige Helt ledige - www.nav.no]'''
 +
 +
{{#lst:Folkehelseoversikt|arbeidsløyse_2}}
 +
 +
=== Sjukefråvær ===
 +
{{#lst:Folkehelseoversikt|sjukefråvær_1}}
 +
 +
'''Flora kommune ligg om lag på landssnittet i høve legemeldt sjukefråvær.'''
 +
 +
{{#lst:Folkehelseoversikt|sjukefråvær_2}}
 +
 +
=== Uføretrygd ===
 +
{{#lst:Folkehelseoversikt|uføretrygd_1}}
 +
 +
{{#lst:Folkehelseoversikt|uføretrygd_2}}
 +
 +
=== Mottakarar av sosialhjelp ===
 +
{{#lst:Folkehelseoversikt|mottakarar_1}}
 +
 +
'''Flora kommune har eit noko høgare snitt mottakarar av sosialhjelp enn Sogn og Fjordane fylke.'''
 +
 +
{{#lst:Folkehelseoversikt|mottakarar_2}}
 +
 +
=== Utdanningsnivå ===
 +
{{#lst:Folkehelseoversikt|utdanningsnivå_1}}
 +
 +
'''Innbyggjarane i Flora kommune har lågare utdanningsnivå enn landet.'''
 +
 +
{{#lst:Folkehelseoversikt|utdanningsnivå_2}}
 +
 +
=== Fråfall i vidaregåande skule ===
 +
{{#lst:Folkehelseoversikt|fråfall_1}}
 +
 +
'''99,5% av elevane i Flora kommune som avslutta grunnskulen våren 2014 var registrerte som elevar i
 +
vidaregåande opplæring same haust. Våren 2015 hadde 90% av desse fullført og bestått vg1. Flora har aldri hatt så høg gjennomføring tidlegare.  Tett samarbeid mellom ungdomsskulane og Flora vidaregåande skule er viktig for å jobbe fram tiltak som styrker gjennomføring. Dette er eit godt etablert samarbeid som både sikrar god overgang, og som femner om arbeid med fag og grunnleggjande ferdigheiter.'''
 +
 +
[[Fil:Flora-vgs.jpg]]
 +
 +
'''Fråfallet er størst mellom vg2 i skule til vg3 i bedrift, og potensialet for auka gjennomføring er såleis størst der. I tillegg er det ein nedgang i tal elevar som sluttar  i løpet av vg2 på dei yrkesfaglege programma. I 2014 var det 50 som slutta i løpet av vg2 mot 36 i 2015. Dette tilsvarar 1 % nedgang. [http://www.sfj.no/fleire-fullfoerer-yrkesfag.5842817-339464.html Fleire fullfører yrkesfag].
 +
'''
 +
'''I 2013 vart det gjort eit grundig arbeid med å vidareutvikle samarbeidet mellom ungdomstrinnet og vidaregåande opplæring, det er laga eit forpliktande årshjul for samarbeid med desse målsetjingane:
 +
# Sikre elevane god overgang frå grunnskule til vidaregåande opplæring
 +
# Styrke det faglege samarbeidet mellom grunnskulen og vidaregåande skule for å gje elevane god progresjon i faga
 +
# Sikre god gjennomføring i vidaregåande opplæring
 +
# Gje elevane kunnskap om vidaregåande opplæring og arbeidsliv, samt innsikt i eigen kompetanse slik at dei kan gjere rette val for framtida
 +
# Sikre at den enkelte elev får god og nødvendig tilrettelegging i nytt skuleslag
 +
Kjelde; [https://www.dropbox.com/s/rqema2k4p1lal1g/Tilstandsrapport%20for%20grunnskulen%20skule%C3%A5ret%202014_2015.pdf?dl=0 Tilstandsrapport for grunnskulen skuleåret 2014-2015]'''

Revisjonen fra 20. des. 2016 kl. 13:54

Helseoversiktsdokument - Flora kommune

Befolkningssamansetnad

Folketalsutvikling

Befolkninga i Vestland har på fylkesbasis hatt vekst siste fem åra. Ein ser vekst i dei største kommunane, medan mindre kommunar har hatt negativ eller svingande befolkningsutvikling. Det er ein generell trend at folketalet aukar i alder over 80 og at det er ein reduksjon i gruppa 0-17 år.



Befolkningsutvikling blir sett på som ein indikator for regional utvikling. Ønsket om befolkningsvekst har samanheng med fleire forhold som kommunens inntektsgrunnlag og tilgang på arbeidskraft. Utvikling i innbyggjarartal har betyding for kommunen sine planar på omfang og kvalitet av dei ulike tenestane som skal leverast til innbyggjarane i framtida.


Folketalsframskrivingar

Kommunane i Vestland kan forvente at andel eldre over 80 år aukar kraftig fram mot 2040. Folketalsutviklinga i alderesgruppa 0-17 år er meir usikker. Ein vil truleg sjå ein nedgang i folketal i den yngste aldersgruppa i åra som kjem. Det er verdt å merke at SSB vil oppdatere sine berekningar i juni 2020.



Høg levealder betyr at folk er ved god helse og at vi har gode velferdsordningar, fleire eldre betyr også at det blir fleire som er sjuke og som har behov for helse- og omsorgstenester. Kjelde: 'St.meld. nr. 47, 2008-2009, Samhandlingsreformen.Berekningar har vist at forventa auke i levealder i Noreg vil føre til meir enn dobling i førekomst av demens frå 2015 til 2050, dersom aldersspesifikk utbreiing held seg på dagens nivå. Kjelde: 'Folkehelserapporten 2014. Kommunen må ha ein langsiktig plan for å førebu det aukande tal eldre som vil gje auka belastning på kommunen sitt helse og velferdsapparat.


Etnisk samansetting og utvikling

Innvandrarar har kome til Norge på grunn av arbeid, gjennom familie, som flyktningar eller for å ta utdanning. I 2018 var arbeid den viktigaste innvandringsgrunnen.

I fylgje SSB var det per 5. mars 2019 omlag 944 402 med innvandrarbakgrunn busett i Noreg. Dette utgjer 17.7 % av befolkinga. Det har vore ein mindre tilvekst av innvandrarar dei siste åra. Dei fleste av innvandrarane kjem frå Europa.

Flora kommune har eitt mottak, Solbakken asylmottak som har plass til 190 personar. Her er det ca 160 bebuarar per 22. desember 2015. Desse kjem i hovudsak frå Syria, men òg frå Eritrea og Irak. Her er 10 palestinarar i tillegg til personar frå fleire andre land. Bebuarane bur her i frå ein månad til fleire år, slik situasjonen er i dag skjer det raske endringar. KOA driv omsorgssenter for EM (einsleg mindreårige flyktingar ) og har i dag 15 bebuarar i alderene 12-15 år. Det er varsla 2 til. I tilegg bur det 8 einsleg mindreårige i to ulike privatbustader i Flora kommune.

Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre, etter region, innvandringskategori, landbakgrunn, tid og statistikkvariabel, 2015, (kjelde; SSB, teke ut 28.01.16) Flora-innvandrarar.jpg


Det er store helsemessige forskjellar mellom grupper av innvandrarar og mellom innvandrarar og etnisk norske. Forskjellane omfattar både fysisk og psykisk helse, i tillegg til helseåtferd. Flyktningar er ei spesielt sårbar gruppe med ekstra folkehelseutfordringar. Vanskar med kommunikasjon og kulturelle forskjellar kan gjere det vanskelig å komme til kjernen av problemet. Det kan vere spesielt vanskeleg å avdekke psykiske sjukdomar. Fysisk inaktivitet, overvekt og fedme er utbredt. Diabetes og hjerte- karsjukdom førekjem hyppigare blant innvandrar frå Afrika og Asia. Kjelde: ''Folkehelserapporten 2014, Folkehelseinstituttet

Kommunen skal mellom anna yte tilfredsstillande helsehjelp, førebyggjande smitteverntiltak, psykososial oppfølging og tannhelsehjelp. Kjelde: ''Helsedirektoratet: Veileder for helsetjenestetilbudet til asylsøkere, flyktninger og familiegjenforente

Kommunal kompetanse om helse blant flyktningar og innvandrarar er viktig for å lukkast med helsefremjande og førebyggjande arbeid. Tiltak som reduserer språkvanskar og lettar integreringa er viktig folkehelsearbeid.


Oppvekst- og levekår

Låginntekt hushaldning

Noreg har hatt ein liten, men jamn auke av hushaldningar med under 60% av nasjonal medianinntekt (EU60) siste fem år.

Sogn og Fjordane har følgd same trend, men ligg under under nasjonalt nivå. Trendane på kommunalt nivå føl fylkesutviklinga, I løpet av 2015 og 2016 opplevde nokre av kommunene ei prosentvis auke og steig over nasjonalt og fylkeskommunalt nivå. Grunna lågt talmateriale er det vanskeleg å tolke resultata. Kjelde: fhi.no


Flora kommunen er ikkje eintydig forskjellig frå landet når det gjeld andel born som bur i hushaldningar med låg inntekt. Låg inntekt vert definert her som under 60 % av nasjonal medianinntekt.


Inntekt og økonomi er grunnleggande påverknadsfaktorar for helse. Forsking viser at det er samanheng mellom inntektsnivå og helsetilstand. Lav inntekt aukar sannsynet for dårleg helse, sjukdom og tidleg død. Kjelde: fhi.no. Studiar viser at levevanar føl inntekt- og utdanningsnivå. Barn og unge av foreldre med lav sosioøkonomisk status har også auka risiko for langvarige sjukdomar og plagar. Reduserte sosiale helseforskjellar er eit viktig mål i folkehelsearbeidet. Innsats for å gjere noko med levekår, som arbeid og utdanning, kan bidra til å fremje helse og jamne ut sosiale helseforskjellar. Ei utjamning av dei sosiale helseforskjellane gjev eit stort potensiale for forbetring av folkehelsa. Kjelde: Folkehelserapporten, 2014


Einslege forsørgjarar

Einslege forsørgjarar har vore stabilt i Noreg siste 5 åra. Vestland ligg igjen under landsgjennomsnittet. Tala for enkelt kommunar i Vestland varierar kommunane i mellom, men dei fleste har hatt flat utvikling over tid. Tala for einslege forsørgjarar speglar ikkje tala for låginntekt hushaldning.


Analyser viser at einslege forsørgjarar oftare har lav inntekt enn hushaldningar med fleire vaksne medlemmar. Tap av forsørgjar gjennom samlivsbrot eller død fører for mange til økonomiske problem. Kjelde: 'fhi.no.'


Arbeidsløyse

Utviklinga av arbeidsløyse i Noreg og Vestland har svinga mellom 1-3% siste 5 åra. Vestland ligg under landsgjennomsnittet for arbeidsløyse. Det er forskjellar mellom kommunar i Vestland, dette ofte grunna nedleggingar og permiteringar i enkelt bedrifter. For kommunar med lågt folketal påverkar permiteringar statistikken ekstra mykje.


Flora kommune hadde i desmber 2015 ei arbeidsløyse på 3,4 %, dette utgjer 212 personar. Arbeidsløysa I Sogn og Fjordane var på 2,0 % i same tidsrom. Helt ledige - www.nav.no


Ein reknar arbeidsledige for å vere ei utsett gruppe, både økonomisk, helsemessig og sosialt. Kjelde: ''fhi.no

Utfordringen framover vil være å holde sysselsettingen høy og bevare de likhetsbevarende trekkene i den nordiske modellen som blant annet bidrar til liten lønnsspredning. Det er en utfordring at noen grupper er betydelig mer utsatt for lavinntekt enn andre, og at noen blir værende i lavinntektsgruppen over lang tid. Særlig er det en utfordring at andelen barn som lever i lavinntektsfamilier har økt de siste årene. Det gjelder særlig barn av innvandrere og aleneforeldre. Det er betydelige forskjeller i lavinntekt. Det er derfor en utfordring å holde en høy sysselsetting i alle deler av landet og sørge for at alle kommuner er rustet til å ivareta de oppgavene de har overfor sårbare grupper. De fleste med lavinntekt har svak tilknytning til arbeidslivet og får en vesentlig del av inntekten gjennom offentlige overføringer. Det gjelder blant annet nyankomne flyktninger, personer med nedsatt funksjonsevne og grupper med kort utdanning. De som faller utenfor arbeidsmarkedet faller også lett utenfor andre deler av velferdssamfunnet og de har dårligere helse enn andre grupper i befolkningen. Mange med lavinntekt har psykiske problemer og/eller rusproblemer.

Kjelde: Folkehelsemeldingen (s 40)


Sjukefråvær

Sjukefråværet i Vestland har vore stabilt rundt 4%. Kommunane viser variasjon rundt fylkesgjennomsnitt. Folketalet i kommunane gjer at ein får kraftige utslag i prosentvis endring frå år til år, dette gjerne utan at sjukefråværet totalt har endra seg mykje.


Flora kommune ligg om lag på landssnittet i høve legemeldt sjukefråvær.


Sjukefråværet vil bli påverka av fleire faktorar. Muskel- og skjellettlidingar og psykiske lidingar dominerer

statistikken sjukefråværsstatistikken. Kjelde: ''nav.no.

Universell innsats mot muskel- og skjellettlidingar og psykiske lidingar vil truleg gje størst helsegevinst.


Uføretrygd

Vestland ligg nært landsgjennomsnittet for prosent av befolkninga som tar i mot uføretrygd. Utviklinga er stabil med noko variasjon frå år til år. Det er noko statistisk variasjon blant kommunane i Vestland. Noko kan skuldast lokale forhold med jobbtilbod og utdanningsnivå, noko kan skuldast lavt talmateriale. Nokre av kommunane har til dømes ikkje offentlege tal grunna lavt folketal. Ein kan ikkje trekke sikre konklusjonar om trendar på kommunenivå grunna lavt talmateriale.


Gruppa som tar i mot uføretrygd er ei utsett gruppe for negativ helsepåverknad. Kor mange som tar i mot uføretrygd er ein indikator på helsetilstand, men må sjåast i samanheng med næringsliv, utdanningsnivå og jobbtilbod i kommunen.  De siste ti år har andelen som får sjukmelding og uføretrygd vore høgare i Noreg enn i andre OECD-land. Auka helseproblem i befolkninga kan ikkje forklare dette. Årsakene til sjukefråvær og uførepensjon er vanskelige å fastslå. Ofte er dei samansette, og forhold som usikker arbeidssituasjon, nedbemanningar og livsstilsfaktorar kan påverke sjukefråværet og andelen som søkjer om uføretrygd. Kjelde: ''fhi.no


Mottakarar av sosialhjelp

Mottakarar av stønad til livsopphold varerier mykje mellom kommunane i Vestland. Dette er truleg grunna individuelle lokale forhold.


Flora kommune har eit noko høgare snitt mottakarar av sosialhjelp enn Sogn og Fjordane fylke.


Grupper som står utenfor arbeidsliv og skole har oftere dårligere psykisk helse og mer usunne levevaner enn de som er i arbeid. De siste ti årene har andelen som får sykemelding og uføretrygd vært høyere i Norge enn i andre OECD-land. Økte helseproblemer i befolkningen kan ikke forklare dette. Årsakene til sykefravær og uførepensjon er vanskelige å fastslå. Ofte er de sammensatte, og forhold som usikker arbeidssituasjon, nedbemanninger og livsstilsfaktorer kan påvirke sykefraværet og andelen som søker om uføreytelser. Flertallet av sykemeldinger og langvarige trygdestønader gis for muskel- og skjelettlidelser og psykiske lidelser som angst og depresjon.

Kjelde: fhi.no


Utdanningsnivå

Vestland har opplevd ein jamn nedgang i antall personar i alderen 30-39 år som har fullført høgare utdanning siste 5 år. Ein ser i varierande grad den same trenden i kommunane som i fylket, med auke i antal med fullført høgskule, og jamn nedgang totalt med størst nedgang i antal med fullført vidaregåande. Dette kan truleg knyttast til jobbtilbod og demografiske endringar.


Innbyggjarane i Flora kommune har lågare utdanningsnivå enn landet.


Kvinner og menn med lengst utdanning lev 5-6 år lengre og har betre helse enn dei som har kortast utdanning.

Det er færre som røyker og er overvektige i grupper med lang utdanning.

Dei sosiale forskjellane i levealder aukar, særleg hos kvinner. Forskjellane er større i Norge enn i mange andre europeiske land. Kjelde;fhi.no


Fråfall i vidaregåande skule

99,5% av elevane i Flora kommune som avslutta grunnskulen våren 2014 var registrerte som elevar i vidaregåande opplæring same haust. Våren 2015 hadde 90% av desse fullført og bestått vg1. Flora har aldri hatt så høg gjennomføring tidlegare. Tett samarbeid mellom ungdomsskulane og Flora vidaregåande skule er viktig for å jobbe fram tiltak som styrker gjennomføring. Dette er eit godt etablert samarbeid som både sikrar god overgang, og som femner om arbeid med fag og grunnleggjande ferdigheiter.

Flora-vgs.jpg

Fråfallet er størst mellom vg2 i skule til vg3 i bedrift, og potensialet for auka gjennomføring er såleis størst der. I tillegg er det ein nedgang i tal elevar som sluttar i løpet av vg2 på dei yrkesfaglege programma. I 2014 var det 50 som slutta i løpet av vg2 mot 36 i 2015. Dette tilsvarar 1 % nedgang. Fleire fullfører yrkesfag. I 2013 vart det gjort eit grundig arbeid med å vidareutvikle samarbeidet mellom ungdomstrinnet og vidaregåande opplæring, det er laga eit forpliktande årshjul for samarbeid med desse målsetjingane:

  1. Sikre elevane god overgang frå grunnskule til vidaregåande opplæring
  2. Styrke det faglege samarbeidet mellom grunnskulen og vidaregåande skule for å gje elevane god progresjon i faga
  3. Sikre god gjennomføring i vidaregåande opplæring
  4. Gje elevane kunnskap om vidaregåande opplæring og arbeidsliv, samt innsikt i eigen kompetanse slik at dei kan gjere rette val for framtida
  5. Sikre at den enkelte elev får god og nødvendig tilrettelegging i nytt skuleslag

Kjelde; Tilstandsrapport for grunnskulen skuleåret 2014-2015