Flora kommune

Fra Folkehelseoversikt.no
Revisjon per 1. okt. 2016 kl. 15:12 av Kjell-Arne Nordgård (diskusjon | bidrag) (Kjell-Arne Nordgård flyttet siden Flora til Flora kommune)

Hopp til: navigasjon, søk

Befolkningssamansetnad

Folketalsutvikling

Befolkninga i Sogn og Fjorande har på fylkesbasis hatt jamn vekst siste 5 åra. Ein ser størst vekst i dei største kommunane, medan mindre kommunar har negativ befolkningsutvikling. Noko av variasjonen kan ein forklare med lavt talmateriale og tilfeldige variasjonar.

Befolkningsutvikling blir sett på som ein indikator for regional utvikling. Ønsket om befolkningsvekst har samanheng med fleire forhold som kommunens inntektsgrunnlag og tilgang på arbeidskraft. Utvikling i innbyggjarartal har betyding for kommunen sine planar på omfang og kvalitet av dei ulike tenestane som skal leverast til innbyggjarane i framtida.


Folketalsframskrivingar

Kommunane i Sogn og Fjordane kan forvente at andelen eldre over 80 år aukar kraftig. I andre aldersgrupper er endringane mindre tydelege.

Høg levealder betyr at folk er ved god helse og at vi har gode velferdsordningar, fleire eldre betyr også at det blir fleire som er sjuke og som har behov for helse- og omsorgstenester. Kjelde: 'St.meld. nr. 47, 2008-2009, Samhandlingsreformen

Berekningar har vist at forventa auke i levealder i Noreg vil føre til meir enn dobling i førekomst av demens frå 2006 til 2050, dersom aldersspesifikk utbreiing held seg på dagens nivå. Kjelde: 'Sosial- og helsedirektoratet, 2007 (s23).


Kommunen må ha ein langsiktig plan for å førebu det aukande tal eldre som vil gje auka belastning på kommunen sitt helse og velferdsapparat.

Etnisk samansetting og utvikling

Innvandring siste åra har i stor del vore knytt til arbeidsinnvandring av menn frå Aust-Europa. Tal frå SSB syner at Polen er høgt representert. Kommunar med asylmottak har fleire innvandrarar frå Afrika og Asia enn andre kommunar. For historiske tal kan ein søke direkte på kommunenivå for detaljerte tal på SSB.


Tala nasjonalt for antal personar i transittmottak i 2015 syner dei framtidige utfordringane til kommunane i Noreg. Frå veke 30 til veke 49 var det ei auke frå 1025 personar til 13699 personar som opphaldt seg i transittmottak i Noreg. UDI estimerte i november 2015 at det i Noreg er behov for 100 000 nye mottaksplassar i 2016.


Flora kommune har eitt mottak, Solbakken asylmottak. Her er det ca 160 bebuarar per 22. desember 2015. Desse kjem i hovudsak frå Syria, men òg frå Eritrea, Irak. Her er 10 palestinarar i tillegg til personar frå fleire andre land. Solbakken har plass til 190 personar. Bebuarane bur her i frå ein månad til fleire år, slik situasjonen er i dag skjer det raske endringar.

KOA driv omsorgssenter for EM (einsleg mindreårige flyktingar ) og har i dag 15 bebuarar i alderene 12-15 år. Det er varsla 2 til. I tilegg bur det 8 einsleg mindreårige i to ulike privatbustader i Flora kommune.

Arbeidsinnvandrarar

Det er store helsemessige forskjellar mellom grupper av innvandrarar og mellom innvandrarar og etnisk norske. Forskjellane omfattar både fysisk og psykisk helse, i tillegg til helseåtferd. Flyktningar er ei spesielt sårbar gruppe med ekstra folkehelseutfordringar. Vanskar med kommunikasjon og kulturelle forskjellar kan gjere det vanskelig å komme til kjernen av problemet. Det kan vere spesielt vanskeleg å avdekke psykiske sjukdomar. Fysisk aktivitet er lite utbredt. Diabetes og hjerte- karsjukdom førekjem hyppigare blant innvandrar frå Afrika og Asia. Kjelde: ''[http://www.fhi.no/artikler/?id=111676 Folkehelserapporten 2014, Folkehelseinstituttet

]

Kommunen skal mellom anna yte tilfredsstillande helsehjelp, førebyggjande smitteverntiltak, psykososial oppfølging og tannhelsehjelp. Kjelde: 'Helsedirektoratet: Veileder for helsetjenestetilbudet til asylsøkere, flyktninger og familiegjenforente


Det er naturleg å tenke at den kraftige auka i flyktningar og asylsøkjarar vil gje ei auka belastning på heile velferdsapparatet til kommunen, der barnehage, skule og helse er spesielt utsett. Kommunal kompetanse om helse blant flyktningar og innvandrarar er viktig for å lukkast med helsefremjande og førebyggjande arbeid. Tiltak som reduserer språkvanskar og lettar integreringa er viktig folkehelsearbeid.


Flora kommune har eitt mottak, Solbakken asylmottak. Her er det ca 160 bebuarar per 22. desember 2015. Desse kjem i hovudsak frå Syria, men òg frå Eritrea, Irak. Her er 10 palestinarar i tillegg til personar frå fleire andre land. Solbakken har plass til 190 personar. Bebuarane bur her i frå ein månad til fleire år, slik situasjonen er i dag skjer det raske endringar.

KOA driv omsorgssenter for EM (einsleg mindreårige flyktingar ) og har i dag 15 bebuarar i alderene 12-15 år. Det er varsla 2 til. I tilegg bur det 8 einsleg mindreårige i to ulike privatbustader i Flora kommune.


Oppvekst- og levekår

Låginntekt hushaldning

Noreg har hatt ein jamn men liten auke av hushaldningar under 60% av nasjonal medianinntekt (EU60) frå 2009 til 2012. Sogn og Fjordane har følgd same trend, men om lag 2,5% under nasjonalt nivå. Trendane på kommunalt nivå føl fylkesutviklinga, men er vanskeleg å tolke, truleg grunna lågt talmateriale.


Flora kommunen er ikkje eintydig forskjellig frå landet når det gjeld andel born som bur i hushaldningar med låg inntekt. Låg inntekt vert definert her som under 60 % av nasjonal medianinntekt.


Inntekt og økonomi er grunnleggande påverknadsfaktorar for helse. Forsking viser at det er samanheng mellom inntektsnivå og helsetilstand. Lav inntekt aukar sannsynet for dårleg helse, sjukdom og tidleg død. Kjelde: 'fhi.no.


Studiar viser at levevanar føl inntekt- og utdanningsnivå. Barn og unge av foreldre med lav sosioøkonomisk status har også auka risiko for langvarige sjukdomar og plagar. Reduserte sosiale helseforskjellar er eit viktig mål i folkehelsearbeidet. Innsats for å gjere noko med levekår, som arbeid og utdanning, kan bidra til å fremje helse og jamne ut sosiale helseforskjellar. Ei utjamning av dei sosiale helseforskjellane gjev eit stort potensiale for forbetring av folkehelsa. Kjelde: 'Folkehelserapporten, 2014


Einslege forsørgjarar

Einslege forsørgjarar har vore stabilt i Noreg siste 5 åra. Sogn og Fjordane ligg igjen under landsgjennomsnittet. Tala for enkelt kommunar i Sogn og Fjordane varierer mykje mellom kommunane, men har hatt stabil flat utvikling over tid. Tala for einslege forsørgjarar speglar ikkje tala for låginntekt hushaldning.


Analyser viser at einslige forsørgjarar oftare har lav inntekt enn hushaldningar med fleire vaksne medlemmar. Tap av forsørgjar gjennom samlivsbrot eller død fører for mange til økonomiske problem. Kjelde: 'fhi.no.


Arbeidsløyse

Utviklinga av arbeidsløyse i Noreg og Sogn og Fjordane har vore flat siste 3 åra. Sogn og Fjordane ligg under landsgjennomsnittet for arbeidsløyse. Det er forskjellar mellom kommunane i Sogn og Fjordane, dette ofte grunna nedleggingar og permiteringar i enkelt bedrifter. For kommunar med lågt folketal påverkar permiteringar statistikken ekstra mykje.

Flora kommune hadde i november 2015 ei arbeidsløyse på 3,0 %, dette utgjer 187 personar. Arbeidsløysa I Sogn og Fjordane var på 1,8 % i same tidsrom. Helt ledige - www.nav.no (Dårleg lenke)

Ein reknar arbeidsledige for å vere ei utsett gruppe, både økonomisk, helsemessig og sosialt. Kjelde: 'fhi.no


Utfordringen framover vil være å holde sysselsettingen høy og bevare de likhetsbevarende trekkene i den nordiske modellen som blant annet bidrar til liten lønnsspredning. Det er en utfordring at noen grupper er betydelig mer utsatt for lavinntekt enn andre, og at noen blir værende i lavinntektsgruppen over lang tid. Særlig er det en utfordring at andelen barn som lever i lavinntektsfamilier har økt de siste årene. Det gjelder særlig barn av innvandrere og aleneforeldre. Det er betydelige forskjeller i lavinntekt. Det er derfor en utfordring å holde en høy sysselsetting i alle deler av landet og sørge for at alle kommuner er rustet til å ivareta de oppgavene de har overfor sårbare grupper. De fleste med lavinntekt har svak tilknytning til arbeidslivet og får en vesentlig del av inntekten gjennom offentlige overføringer. Det gjelder blant annet nyankomne flyktninger, personer med nedsatt funksjonsevne og grupper med kort utdanning. De som faller utenfor arbeidsmarkedet faller også lett utenfor andre deler av velferdssamfunnet og de har dårligere helse enn andre grupper i befolkningen. Mange med lavinntekt har psykiske problemer og/eller rusproblemer.

Kjelde: Folkehelsemeldingen (s 40)


Sjukefråvær

Sjukefråværet i Sogn og Fjordane har vore stabilt rundt 5%. Kommunane viser variasjon rundt fylkesgjennomsnitt. Folketalet i kommunane gjer at ein får kraftige utslag i prosentvis endring frå år til år, dette gjerne utan at sjukefråværet totalt har endra seg mykje.

Flora kommune ligg om lag på landssnittet i høve legemeldt sjukefråvèr. (veldig svakt over)


Sjukefråværet vil bli påverka av fleire faktorar. Muskel- og skjellettlidingar og psykiske lidingar dominerer statistikken sjukefråværsstatistikken. Kjelde: 'nav.no.

Universell innsats mot muskel- og skjellettlidingar og psykiske lidingar vil truleg gje størst helsegevinst.

Uføretrygd

Sogn og Fjordane ligg nært landsgjennomsnittet for prosent av befolkninga som tar i mot uføretrygd. Utviklinga er stabil med noko variasjon frå år til år. Det er noko statistisk variasjon blant kommunane i Sogn og Fjordane. Noko kan skuldast lokale forhold med jobbtilbod og utdanningsnivå, noko kan skuldast lavt talmateriale. Nokre av kommunane har til dømes ikkje offentlege tal grunna lavt folketal. Ein kan ikkje trekke sikre konklusjonar om trendar på kommunenivå grunna lavt talmateriale.


Gruppa som tar i mot uføretrygd er ei utsett gruppe for negativ helsepåverknad. Kor mange som tar i mot uføretrygd er ein indikator på helsetilstand, men må sjåast i samanheng med næringsliv, utdanningsnivå og jobbtilbod i kommunen. 


Grupper som står utanfor arbeidsliv og skule har oftare dårlegare psykisk helse og meir usunne levevaner enn dei som er i arbeid. De siste ti år har andelen som får sjukmelding og uføretrygd vore høgare i Noreg enn i andre OECD-land. Auka helseproblem i befolkninga kan ikkje forklare dette. Årsakene til sjukefråvær og uførepensjon er vanskelige å fastslå. Ofte er dei samansette, og forhold som usikker arbeidssituasjon, nedbemanningar og livsstilsfaktorar kan påverke sjukefråværet og andelen som søkjer om uføretrygd. Kjelde: 'fhi.no


Mottakarar av sosialhjelp

Mottakarar av sosialhjelp varerier mykje mellom kommunane i Sogn og Fjordane. Dette er truleg grunna individuelle lokale forhold.


Flora kommune har eit noko høgare snitt mottakarar av sosialhjelp enn Sogn og Fjordane fylke.

Mottakarane av sosialhjelp er ei utsett gruppe psykososialt og materielt. Dei har ofte ein meir marginal tilknyting til arbeidsmarknaden, kortare utdanning og lågare bustandard enn befolkninga elles. Det er også vist at det er langt større innslag av helseproblem blant sosialhjelpsmottakarane enn i befolkninga elles, og særlig er det ein stor del med psykiske plager og lidingar. 


Utbreiinga av sosialhjelp i totalbefolkninga er eit uttrykk for pågangen på det kommunale hjelpeapparatet frå personar som for kortare eller lengre tid er avhengig av økonomisk støtte til livsopphold. Lang tids avhengighet av sosialhjelp kan mellom anna spegle eit lokalt vanskeleg arbeidsmarknad, men også at sosialtenesta legg ulik vekt på aktivisering av den enkelte og på tverrfaglig samarbeid. Kjelde: 'fhi.no


Utdanningsnivå

Prosent av befolkninga med fullført vidaregåande eller høgare utdanning i aldersgruppa 30-39 har vore stabil for kommunane siste 5 år. Kommunane har variasjon seg i mellom. Dette er også knytt opp mot jobbtilbodet i dei ulike kommunane.


Innbyggjarane i Flora kommune har lågare utdanningsnivå enn landet.


Tal frå 2009 viser at menn med universitets- eller høgskuleutdanning kan forvente å leve 6 år lengre enn menn med grunnskule. For kvinner er forskjellen 5 år. Kjelde: 'Folkehelserapporten, 2014


Fråfall i vidaregåande skule

Fråfall frå vidaregåande skule i Sogn og Fjorande har gått jamt ned siste 4 åra. Det er stor variasjon mellom utvalde kommunar i Sogn og Fjordane. Absolutt sett er tala for fråfall høge. I Noreg fullfører og består 57 prosent av elevane vidaregåande opplæring på normert tid. 'at a Glance 2014_Sammendrag_fra nettsiden til KD.docx Kjelde: Kunnskapsdepartementet: Education at a Glance 2014 (s.2)


Fråfallet i vidaregåande skule i Flora kommune er på 25 %. Dette er på nivå med landssnittet, men eg høgare enn fråfallsprosentetn for fylket.

Det er godt dokumenterte samanhengar mellom utdanningsnivå, materielle levekår og helse. Ein antar at personar som ikkje har fullført vidaregåande utdanning er like utsett for levekårs- og helseproblem som dei som har valt å ikkje ta meir utdanning etter fullført ungdomsskule. Kjelde: 'fhi.no.


Grupper som generelt sett har høyere risiko for å ikke gjennomføre videregående skole er elever med svake grunnskolekarakterer, elever med lavt utdannede foreldre, gutter, minoritetsspråklige elever med manglende norskkunnskap og yrkesfagelever med dårlige grunnferdigheter. Frafall er sluttpunkt av en lengre prosess. Årsakene er ofte sammensatte og kan ligge i ulike faser, gjerne tidligere i opplæringen og i overganger mellom ulike skoletrinn. Den viktigste direkte årsaken til frafall er svake skoleprestasjoner i ungdomsskolen som ofte faller sammen med lav motivasjon og manglende engasjement for læring. Dette kan igjen ha bakgrunn i tidlig sosialisering. Rapporten har vist at familiebakgrunn, særlig foreldres utdanning, har stor betydning for hvordan barn lykkes i utdanningssystemet. Kjelde: 'NOVA Rapport nr 12/10. Språk, stimulans og læringslyst – Tidlig innsats og tiltak mot frafall i videregåande opplæring gjennom hele oppveksten (s68)

Barnevern

Barn under tiltak frå barnevernet varierer i følgje tal frå KOSTRA mellom utvalde kommunar i Sogn og Fjordane. Utviklinga siste 5 åra har vore stabil utan at ein kan identifisere større trendar. Ein må vere merksam på at ei auke i barn under tiltak frå barnevernet ikkje nødvendigvis er ein negativ folkehelsetrend. Ei auke kan skuldast at barnehagen har blitt meir oppmerksam på risikofaktorar og sender fleire meldingar til barnevernet.


Vi vet at risikofaktorer kan være foreldres psykiske sykdom eller rusmiddelmisbruk, vold i hjemmet, foreldre som er langtidsledige/trygdemottakere, fattigdom i familien osv. Jo flere av disse faktorene som et barn utsettes for, jo større sannsynlighet for skjevutvikling. Jo tidligere en klarer å identifisere disse risikofaktorene og sette i verk tiltak, jo større sannsynlighet er det for at barna klarer seg bra.