Flora kommune

Fra Folkehelseoversikt.no
Hopp til: navigasjon, søk

Helseoversiktsdokument - Flora kommune

Befolkningssamansetnad

Folketalsutvikling

Befolkninga i Vestland har på fylkesbasis hatt vekst siste fem åra. Ein ser vekst i dei største kommunane, medan mindre kommunar har hatt negativ eller svingande befolkningsutvikling. Det er ein generell trend at folketalet aukar i alder over 80 og at det er ein reduksjon i gruppa 0-17 år.



Befolkningsutvikling blir sett på som ein indikator for regional utvikling. Ønsket om befolkningsvekst har samanheng med fleire forhold som kommunens inntektsgrunnlag og tilgang på arbeidskraft. Utvikling i innbyggjarartal har betyding for kommunen sine planar på omfang og kvalitet av dei ulike tenestane som skal leverast til innbyggjarane i framtida.


Folketalsframskrivingar

Kommunane i Vestland kan forvente at andel eldre over 80 år aukar kraftig fram mot 2040. Folketalsutviklinga i alderesgruppa 0-17 år er meir usikker. Ein vil truleg sjå ein nedgang i folketal i den yngste aldersgruppa i åra som kjem. Det er verdt å merke at SSB vil oppdatere sine berekningar i juni 2020.



Høg levealder betyr at folk er ved god helse og at vi har gode velferdsordningar, fleire eldre betyr også at det blir fleire som er sjuke og som har behov for helse- og omsorgstenester. Kjelde: 'St.meld. nr. 47, 2008-2009, Samhandlingsreformen.Berekningar har vist at forventa auke i levealder i Noreg vil føre til meir enn dobling i førekomst av demens frå 2015 til 2050, dersom aldersspesifikk utbreiing held seg på dagens nivå. Kjelde: 'Folkehelserapporten 2014. Kommunen må ha ein langsiktig plan for å førebu det aukande tal eldre som vil gje auka belastning på kommunen sitt helse og velferdsapparat.


Etnisk samansetting og utvikling

Innvandrarar har kome til Norge på grunn av arbeid, gjennom familie, som flyktningar eller for å ta utdanning. I 2018 var arbeid den viktigaste innvandringsgrunnen.

I fylgje SSB var det per 5. mars 2019 omlag 944 402 med innvandrarbakgrunn busett i Noreg. Dette utgjer 17.7 % av befolkinga. Det har vore ein mindre tilvekst av innvandrarar dei siste åra. Dei fleste av innvandrarane kjem frå Europa.

Flora kommune har eitt mottak, Solbakken asylmottak som har plass til 190 personar. Her er det ca 160 bebuarar per 22. desember 2015. Desse kjem i hovudsak frå Syria, men òg frå Eritrea og Irak. Her er 10 palestinarar i tillegg til personar frå fleire andre land. Bebuarane bur her i frå ein månad til fleire år, slik situasjonen er i dag skjer det raske endringar. KOA driv omsorgssenter for EM (einsleg mindreårige flyktingar ) og har i dag 15 bebuarar i alderene 12-15 år. Det er varsla 2 til. I tilegg bur det 8 einsleg mindreårige i to ulike privatbustader i Flora kommune.

Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre, etter region, innvandringskategori, landbakgrunn, tid og statistikkvariabel, 2015, (kjelde; SSB, teke ut 28.01.16) Flora-innvandrarar.jpg


Det er store helsemessige forskjellar mellom grupper av innvandrarar og mellom innvandrarar og etnisk norske. Forskjellane omfattar både fysisk og psykisk helse, i tillegg til helseåtferd. Flyktningar er ei spesielt sårbar gruppe med ekstra folkehelseutfordringar. Vanskar med kommunikasjon og kulturelle forskjellar kan gjere det vanskelig å komme til kjernen av problemet. Det kan vere spesielt vanskeleg å avdekke psykiske sjukdomar. Fysisk inaktivitet, overvekt og fedme er utbredt. Diabetes og hjerte- karsjukdom førekjem hyppigare blant innvandrar frå Afrika og Asia. Kjelde: ''Folkehelserapporten 2014, Folkehelseinstituttet

Kommunen skal mellom anna yte tilfredsstillande helsehjelp, førebyggjande smitteverntiltak, psykososial oppfølging og tannhelsehjelp. Kjelde: ''Helsedirektoratet: Veileder for helsetjenestetilbudet til asylsøkere, flyktninger og familiegjenforente

Kommunal kompetanse om helse blant flyktningar og innvandrarar er viktig for å lukkast med helsefremjande og førebyggjande arbeid. Tiltak som reduserer språkvanskar og lettar integreringa er viktig folkehelsearbeid.