Folkehelseoversikt

Fra Folkehelseoversikt.no
Revisjon per 14. des. 2016 kl. 15:05 av Kjell-Arne Nordgård (diskusjon | bidrag) (Oppvekst- og levekår)

Hopp til: navigasjon, søk

Befolkningssamansetnad

Folketalsutvikling

Befolkninga i Sogn og Fjorande har på fylkesbasis hatt jamn vekst siste 5 åra. Ein ser størst vekst i dei største kommunane, medan mindre kommunar har negativ befolkningsutvikling. Noko av variasjonen kan ein forklare med lavt talmateriale og tilfeldige variasjonar.


Befolkningsutvikling blir sett på som ein indikator for regional utvikling. Ønsket om befolkningsvekst har samanheng med fleire forhold som kommunens inntektsgrunnlag og tilgang på arbeidskraft. Utvikling i innbyggjarartal har betyding for kommunen sine planar på omfang og kvalitet av dei ulike tenestane som skal leverast til innbyggjarane i framtida.


Folketalsframskrivingar

Framskriving.JPG

Kommunane i Sogn og Fjordane kan forvente at andelen eldre over 80 år aukar kraftig. I andre aldersgrupper er endringane mindre tydelege. Kjelde: Samhandlingsbarometeret (2015)


Høg levealder betyr at folk er ved god helse og at vi har gode velferdsordningar, fleire eldre betyr også at det blir fleire som er sjuke og som har behov for helse- og omsorgstenester. Kjelde: 'St.meld. nr. 47, 2008-2009, Samhandlingsreformen. Berekningar har vist at forventa auke i levealder i Noreg vil føre til meir enn dobling i førekomst av demens frå 2006 til 2050, dersom aldersspesifikk utbreiing held seg på dagens nivå. Kjelde: 'Sosial- og helsedirektoratet, 2007 (s23).

Kommunen må ha ein langsiktig plan for å førebu det aukande tal eldre som vil gje auka belastning på kommunen sitt helse og velferdsapparat.


Etnisk samansetting og utvikling

Innvandring siste åra har i stor del vore knytt til arbeidsinnvandring av menn frå Aust-Europa. Tal frå SSB syner at Polen er høgt representert. Kommunar med asylmottak har fleire innvandrarar frå Afrika og Asia enn andre kommunar. For historiske tal kan ein søke direkte på kommunenivå for detaljerte tal på SSB.

Noreg og Sogn og Fjordane har i 2015 hatt ei kraftig auke i antal asylsøkjarar. Dette heng saman med flyktningestraumen frå Syria, Afghanistan, Eritrea og Irak som pregar Europa generelt.

Tala nasjonalt for antal personar i transittmottak i 2015 syner dei framtidige utfordringane til kommunane i Noreg. Frå veke 30 til veke 49 var det ei auke frå 1025 personar til 13699 personar som opphaldt seg i transittmottak i Noreg. UDI estimerte i november 2015 at det i Noreg er behov for 100 000 nye mottaksplassar i 2016.


Det er store helsemessige forskjellar mellom grupper av innvandrarar og mellom innvandrarar og etnisk norske. Forskjellane omfattar både fysisk og psykisk helse, i tillegg til helseåtferd. Flyktningar er ei spesielt sårbar gruppe med ekstra folkehelseutfordringar. Vanskar med kommunikasjon og kulturelle forskjellar kan gjere det vanskelig å komme til kjernen av problemet. Det kan vere spesielt vanskeleg å avdekke psykiske sjukdomar. Fysisk inaktivitet, overvekt og fedme er utbredt. Diabetes og hjerte- karsjukdom førekjem hyppigare blant innvandrar frå Afrika og Asia. Kjelde: 'Folkehelserapporten 2014, Folkehelseinstituttet

Kommunen skal mellom anna yte tilfredsstillande helsehjelp, førebyggjande smitteverntiltak, psykososial oppfølging og tannhelsehjelp. Kjelde: 'Helsedirektoratet: Veileder for helsetjenestetilbudet til asylsøkere, flyktninger og familiegjenforente

Det er naturleg å tenke at den kraftige auka i flyktningar og asylsøkjarar vil gje ei auka belastning på heile velferdsapparatet til kommunen, der barnehage, skule og helse er spesielt utsett. Kommunal kompetanse om helse blant flyktningar og innvandrarar er viktig for å lukkast med helsefremjande og førebyggjande arbeid. Tiltak som reduserer språkvanskar og lettar integreringa er viktig folkehelsearbeid.


Oppvekst- og levekår

Fysisk, biologisk, kjemisk og sosialt miljø

Radon

Førekomsten av radon er låg generelt i Sogn og Fjordane. Enkelte lommer med høg konsentrasjon av radon førekjem (Norges Geologiske Undersøkelse). Kommunane har kartlagt radonførekomst med at alle skular og barnehagar skal ha gjennomført radonmålingar.


Kvalitet på drikkevatn

Drikkevatnet er generelt godt blant kommunane i Sogn og Fjordane. Men det er nokre variasjonar mellom kommunane. Det er uklart kva som er grunnen til dette ut i frå vedlagte data. Kjelde: 'fhi.no


Drikkevatn fritt for smittestoff er ein vesentleg faktor for folkehelsa, og E.coli er ein av dei mest sentrale parameter for kontroll. E.coli er en tarmbakterie som indikerer fersk fekal forureining.  Kjelde: 'fhi.no.


Lovbrot

Sogn og Fjordane ligg under landsgjennomsnittet for sikta personar per 1000 innbyggjarar samanlikna med resten av landet. Trenden har frå 2011 til 2013 ikkje vist markante utviklingstrekk. Kjelde: 'SSB


Frivillige lag og organisasjonar

Frivillige organisasjoner representerer en betydelig ressurs i norsk samfunnsliv, også i forhold til samfunnsområder der det offentlige har påtatt seg ansvar og der ansvaret er reflektert gjennom tjenester som ytes til befolkningen. Kjelde: 'Stortingsmelding 47, kapittel 16


Mobbing og trivsel i skulen

Tala for mobbing i Sogn og Fjordane ligg under gjennomsnittet for resten av landet. Utvalde kommunar i fylket har trend i positiv utvikling, med mindre mobbing generelt i skulen. Same positive utviklinga ser ein på trivsel i skulen. Dei siste 5 åra har tala for trivsel auka for kommunane.

Det er viktig med fokus på vidare systematisk arbeid for å førebyggje mobbing i skule og barnehagar.


Mobbing er en vesentlig individuell risikofaktor for psykiske lidelser (Fosse 2006). Barn som mobbes har opptil sju ganger høyere risiko for psykiske plager som engstelse, depresjon, ensomhet og rastløshet, enn barn som ikke mobbes. Blant barn og unge som mobbes er også kroppslige helseplager som hodepine, ryggsmerter, "vondt i magen" og svimmelhet, dobbelt så vanlig som blant andre barn. Jo oftere et barn blir mobbet jo større er risikoen for helseplager (Nordhagen 2005). Sammenhengen mellom mobbing og helseplager understreker at det er viktig å forebygge mobbing i skolen. Det er dessuten viktig å følge med på statistikk over andelen som har vært utsatt for mobbing for å si om hvordan iverksatte tiltak fungerer, og for å kunne drive lokalt kvalitetsforbedringsarbeid. Kjelde: 'fhi.no


Skader og ulykker

Personskadar behandla i sjukehus

Utviklinga av personskadar har gått jamt ned på landsbasis sidan 1950-talet. Sogn og Fjordane ligg over landsgjennomsnittet, og det har det vore lite endring i innlegging grunna personskadar sidan 2008. Kommunane har variasjon seg i mellom og noko variasjon frå år til år. Ein har ikkje sikker grunn til at Sogn og Fjordane ligg høgare enn landet generelt på innlegging grunna personskadar.


Blant eldre er hoftebrot spesielt alvorleg då det kan føre til redusert funksjonsevne og behov for hjelp, og dermed redusert livskvalitet. Blant ungdom og unge menn gjev trafikkulykker både redusert helse og tapte liv. Det er et betydelig potensial for førebygging av skader og ulykker. Sjukehusbehandla personskadar synar berre omfanget av dei alvorlegaste skadane.  Kjelde: 'fhi.no


Andre ulykker

Trafikkulykker: Drepne i trafikken varierer mykje frå kommune til kommune. I følgje data frå kommuneprofilen.no (velg Sogn og Fjordane) har det vore over ein halvering av drepne og skadde i trafikken sidan år 2000 i Sogn og Fjordane.

Drukningsulykker: Tal frå Norsk Folkehjelp viser at Sogn og Fjordane har 2 til 10 drukningsulykker årleg siste 4 åra.

Brann: Tal frå DSB viser at omkomne i brann i Sogn og Fjordane årleg er lave: 2013: 1, 2014: 0, 2015: 2.


Helserelatert atferd

Fysisk aktivitet

Tal frå undersøking av fysisk aktivitet blant barn og ungdom i Sogn og Fjordane er sprikande. Statistikkgrunnlaget er lite og resultata varierer frå år til år og mellom kommunane. Generelt viser tala at 10-20% av barn og ungdom mellom 11 til 15 år er fysisk aktiv dagleg over 60 minutt som er anbefalingar frå Helsedirektoratet. Tal frå vidaregåande skule viser at 70-90% av ungdom i Sogn og Fjordane har aktivitet med idrett på fritida.


Regelmessig fysisk aktivitet er viktig for barn si vekst og utvikling. Helsedirektoratet anbefaler at barn og unge deltar i fysisk aktivitet med moderat eller høg intensitet i minimum 60 minutt dagleg. I tillegg bør barn og unge utføre aktivitet med høg intensitet minst tre gonger i veka. Vaksne bør ha moderat fysisk aktivitet 150 minutt kvar veke, eller 75 minutt med aktivitet med høg intensitet i veka.

Kjelde: 'Folkehelserapporten 2014, Fysisk aktivitet i Norge og 'Anbefalinger om kosthold,ernæring og fysisk aktivitet ( s.12) - Helsedirektoretet


Kosthald

Tal frå Samhandlingsbarometeret viser at omlag 50% barn og unge mellom 11 og 15 år et frukt dagleg. I den vidaregåande skulen er det liknande resultat, men med noko meir variasjon mellom kommunane. På vidaregåande et om lag halvparten av ungdom grønsaker dagleg. Igjen er talmaterialet noko lågt som gir forskjellar mellom kommunane. Det er interessant å observere at jenter generelt et meir frukt og grønsaker i alle aldersgrupper. Tala seier ikkje noko om variasjon i kosthald eller i kva form frukt og grønsaker vert konsumert.


Sunt og variert kosthald, kombinert med fysisk aktivitet er bra for både kropp og velvære. Med riktig kosthald kan ein førebygge sjukdom. Ofte kan små grep i kvardagen ha stor betyding for helsa. Matvarer merka med Nøkkelhol er eit hjelpemiddel for å ta dei små, sunne grepa i kvardagen. Det er anbefalt å ete minst fem porsjoner grønsaker, frukt og bær dagleg. Kjelde: 'Helsedirektoratet. Kostholdsråd.


Mange barn får i seg for mykje sukker gjennom brus eller saft. Ein halv liter brus eller saft inneheld om lag 50 gram sukker som svarar til 25 sukkerbitar. Kjelde: ''Matportalen.no, Helsedirektoratet

'Virkemidlene for å fremme sunne valg ligger i all hovedsak utenfor helsesektoren, og samarbeidet med andre sektorer, frivillige organisasjoner og private aktører er viktig. Dette er en felles oppgave. Ansvaret på tvers av sektorer må i større grad synliggjøres. Kjelde: 'Meld.St.34 Folkehelsemeldingen 2012-2013. God helse – felles ansvar (s.75).


Overvekt

Andel gravide med KMI over 25 har vore stabilt høg siste 5 år. Sesjonstal frå 2003 til 2009 viser generelt forhøgja KMI blant unge menn. BMI målt i vidaregåande skule 2012 KMI under 25. Tal frå elevar 11 og 13 år gamle 2011 viser normale verdiar. Avgrensa talmateriale gjev variasjonar mellom kommunane. Ein saknar data over tid. Ein bør merke seg at KMI stig frå 11 års alder og fram til vaksen alder, samt at elevar i alderen 11 til 15 år opplev seg som meir overvektig enn kva faktiske målingar av KMI viser.


Kroppsmasseindeks (KMI) gjev uttrykk for vekt i forhold til høgde og vert nytta til å kunne måle og samanlikne helserisikoen ved blant anna overvekt i ei befolkning. WHO har satt følgjande grenseverdi for å klassifisere overvekt og fedme blant vaksne over 18 år ved hjelp av KMI (kg/m²): 

KMI på mellom 25 og 29,9 = overvektig 

KMI på 30 og over = fedme 


Overvekt og fedme gjev auka risiko for type 2-diabetes, hjerte- og karsjukdom, høgt blodtrykk, slitasjegikt i kne og hofter og enkelte kreftsjukdomar som tjukktarmskreft. Overvekt og fedme kan også ha alvorlige psykiske helsekonsekvensar. Det er ingen klar KMI-grense for når sjukdomsrisiko aukar eller fell, overgangane er glidande. 


Erfaring viser at det for dei fleste er vanskelig å oppnå varig vektreduksjon når ein først har blitt overvektig. Førebygging av overvekt med tiltak som kan påverke mat- og aktivitetsvanar er derfor viktig. Kjelde: 'fhi.no


Røyking og rusmidlar

Utvalde kommunar i Sogn og Fjordane har sett ein fallande trend for kvinner som røyker under svangerskapet. Tala for røykevanar frå vidaregåande skule er låge, men ein manglar samanlikningsgrunnlag frå fleire år. Tala frå Sogn og Fjordane føl trenden for den norske befolkninga som viser ein kraftig nedgang i røykarar i Noreg siste åra, spesielt blant ungdom.


Høg del av elevar i 10. klasse har prøvd snus. Tala beskriv ikkje den daglege bruken av snus.


Tal frå vidaregåande om ungdom som har prøvd narkotiske stoff ligg lågt i Sogn og Fjordane.



Røyking er ein av dei viktigaste årsakene til redusert helse og levealder. Omtrent halvparten av dei som røyker daglig i mange år, dør av sjukdomar som skuldast tobakk. I tillegg råkast mange av sjukdommar som fører til helseplager og redusert livskvalitet. Studiar viser at dei som røyker dagleg, i snitt dør 10 år tidligare enn ikkje-røykarar, og 25 prosent av dei som røyker dagleg dør 20-25 år tidligare enn gjennomsnittleg levealder for ikkje-røykarar. Kjelde: fhi.no

Røykevanar er knytt opp mot sosial ulikskap i helse. Kjelde: 'SIRUS.no (kapittel 3.3.4)

Bruk av snus aukar risiko for kreft i bukspyttkjertel, spiserøyr og munnhole og har fleire andre negative effektar. Snus aukar risiko for dødfødde og for tidleg fødsel. Kjelde: 'Helsedirektoratet. Helseskader av snus.


Helsetilstand

Tannhelse

Tannhelsa til barn og unge i Sogn og Fjordane er rekna for å vere god og ligg over landsgjennomsnittet.


Dei siste 30 åra har tannhelsa betra seg mykje. Fleire barn og unge har ingen eller få hol i tenna. Endå varierer tannhelse med alder, økonomi, og kvar i landet ein bur. Kjelde: fhi.no


Sjukehusinnleggingar generelt

Tal på innleggingar på sjukehus for pasientar i Sogn og Fjordane har vore relativt stabilt frå 2009 til 2012 med eit hopp for alle kommunane i 2013. Det er uklart kva som er årsak til auken i 2013.


Diabetes

Bruk av legemiddel til behandling av type 2-diabetes har nasjonalt og for Sogn og Fjordane auka frå 2009 til 2013. Tala for dei utvalde kommunane varierer.


Ein reknar at ca 350.000 personer i Noreg har diabetes type 2, og at halvparten av desse ikkje veit dei har sjukdommen. Ca 28.000 personar har diabetes type 1. Kjelde:Diabetes.no.

Kosthald, mosjon og vektreduksjon kan for nokre normalisere blodsukkeret og halde sjukdomen under kontroll, og er ein sentral del av behandlinga for alle med sjukdommen. Moderne retningslinjer for behandling av diabetes legg likevel i aukande grad vekt på nytta av medikamentell behandling for å redusere førekomsten av seinkomplikasjonar av sjukdommen (tap av syn, amputasjon, hjarte/kar-sjukdommar, sår, nyresjukdom), som er den viktigaste årsaken til redusert helse og økte helsekostnader for denne sjukdommen. Overvekt er ein viktig risikofaktor for utvikling av type 2-diabetes og førekomst av type-2 diabetes kan derfor spegle befolkninga sine levevaner. Kjelde:Helsebilioteket


Hjerte- og karsjukdomar

Det har sidan 2007 vore ein jamn reduksjon i dødelegheit (0-74 år) av hjerte- og karsjukdom. Dette kan skuldast både meir effektiv behandling og førebygging, men også auka levealder i befolkninga generelt.


Muskel- og skjelettlidingar

Sogn og Fjordane ligg rett over landsgjennomsnittet i registrering av muskel og skjelettlidingar i primærhelsetenesta. Likande trend finn ein og i spesialisthelsetenesta, medan lårbeinsbrot ligg på landsgjennomsnittet.


Kreft

I Sogn og Fjordane har dødelegheit av kreft siste 5 åra vore stabil. Nye krefttilfelle aukar jamt i same periode. Tala frå Sogn og Fjordane føl nasjonal utvikling.


Årsak til kreftsjukdom er knytt til arvemateriale og miljøpåverknader. Ein reknar at det er få tilfelle av kreft der arv er einaste årsak. Førebygging av kreftsjukdom er knytt til å redusere tobakksrøyking, reduksjon i eksponering av miljøgifter, redusere alkoholkonsum, auke inntak av frukt og grønsaker, auke fysisk aktivitet, førebygge overvekt og unngå å bli solbrend. Kjelde: 'fhi.no

Årsak til auke i krefttilfelle kan vere aukande alder i befolkninga og betring i diagnostiske verktøy. Kjelde: 'fhi.no


Psykiske lidingar

På oversikt over registrerte psykiske lidingar i primærhelsetenesta ligg Sogn og Fjordane under landsgjennomsnittet. Det er stor variasjon i data mellom dei utvalde kommunane, noko som kan forklarast med lavt talmateriale i enkelte kommunar. Ein har lite data til å kunne vurdere utviklinga.

Nasjonalt viser tal frå reseptregisteret ei auke av bruk av antidepressiva i aldersgruppa 15-19 sidan 2004.

Folkehelseinstituttet estimerer at 8% av barn og unge mellom 3-18 år har ei psykisk liding. Kjelde: 'Psykiske lidelser i Norge: Et folkehelseperspektiv (s 43)


Begrepet psykiske lidingar omfattar alt frå mildare plager som fobiar og lettare angst og depresjonslidingar, til omfattade og alvorlege tilstander som schizofreni. Kjelde: 'Folkehelseinstituttet: Psykiske lidelser i Norge: Et folkehelseperspektiv (s 15)

Omtrent halvparten av den norske befolkninga vil ha ein form for psykisk liding i løpet av livet, og om lag ein tredjedel i løpet av eit år. Dei tre vanligaste gruppene psykiske lidingar er angstlidingar, depressive lidingar og alkoholmisbruk. Førekomsten har vore stabil i den norske befolkninga siste 10 år. Kjelde: 'Folkehelseinstituttet: Psykiske lidelser i Norge: Et folkehelseperspektiv (s 22)

Tala referert over er høge, og ein kan ikkje trekke konklusjon om at ein tredjedel av befolkinga er psykisk sjuke. Personar kan i kortare perioder vere deprimerte, og det er forholdsvis høg førekomst av fobiar og alkoholavhengighet. Desse gruppene føler seg ofte ikkje psykisk sjuke. Kjelde: 'Folkehelseinstituttet: Psykiske helse i Norge

Andel av befolkinga med alvorleg psykisk sjukdom er turleg låg. Ein studie frå Sogn og Fjordane (Kringlen E, Torgersen S, Cramer V. Mental illness in a rural area - A Norwegian psychiatric epidemiological study. Social Psychiatry and Psychiatric Epidemiology 2006; 41: 713-9) viser at 5,1 prosent av befolkinga er utsett for å få alvorleg psykisk sjukdom.

Psykiske lidingar i barne- og ungdomsåra aukar risikoen for fysisk sjukdom, fråfall frå skulen, lausare tilknyting til arbeidsmarknaden og rusmisbruk. Barn som viser teikn til psykiske plager, eller som er eksponert for alvorlege risikoforhold bør fangast opp på eit tidleg tidspunkt. Helsestasjon, barnehage og skule er sentrale arenaer. Kjelde: 'Folkehelserapporten 2014