Forskjell mellom versjoner av «Jølster kommune»

Fra Folkehelseoversikt.no
Hopp til: navigasjon, søk
(Mottakarar av sosialhjelp)
(Uføretrygd)
Linje 228: Linje 228:
  
 
Sogn og Fjordane ligg nært landsgjennomsnittet for prosent av befolkninga som tar i mot uføretrygd. Utviklinga er stabil med noko variasjon frå år til år. Det er noko statistisk [http://khs.fhi.no/webview/index.jsp?headers=AAR&stubs=GEO&measure=common&GEOslice=0&layers=KJONN&layers=ALDER&layers=YTELSE&layers=virtual&study=http://10.1.5.16:80/obj/fStudy/Uforetrygdede&mode=cube&KJONNsubset=0&virtualsubset=MEIS_MA3_value&KJONNslice=0&YTELSEsubset=varig&AARslice=2007_2009&virtualslice=MEIS_MA3_value&ALDERslice=18_44&GEOsubset=0,14,1401,1412,1416,1428+-+1439&ALDERsubset=18_44&YTELSEslice=varig&v=2&AARsubset=2007_2009+-+2012_2014&measuretype=4&cube=http://10.1.5.16:80/obj/fCube/Uforetrygdede_C1&top=yes variasjon blant kommunane] i Sogn og Fjordane. Noko kan skuldast lokale forhold med jobbtilbod og utdanningsnivå, noko kan skuldast lavt talmateriale. Nokre av kommunane har til dømes ikkje offentlege tal grunna lavt folketal. Ein kan ikkje trekke sikre konklusjonar om trendar på kommunenivå grunna lavt talmateriale.   
 
Sogn og Fjordane ligg nært landsgjennomsnittet for prosent av befolkninga som tar i mot uføretrygd. Utviklinga er stabil med noko variasjon frå år til år. Det er noko statistisk [http://khs.fhi.no/webview/index.jsp?headers=AAR&stubs=GEO&measure=common&GEOslice=0&layers=KJONN&layers=ALDER&layers=YTELSE&layers=virtual&study=http://10.1.5.16:80/obj/fStudy/Uforetrygdede&mode=cube&KJONNsubset=0&virtualsubset=MEIS_MA3_value&KJONNslice=0&YTELSEsubset=varig&AARslice=2007_2009&virtualslice=MEIS_MA3_value&ALDERslice=18_44&GEOsubset=0,14,1401,1412,1416,1428+-+1439&ALDERsubset=18_44&YTELSEslice=varig&v=2&AARsubset=2007_2009+-+2012_2014&measuretype=4&cube=http://10.1.5.16:80/obj/fCube/Uforetrygdede_C1&top=yes variasjon blant kommunane] i Sogn og Fjordane. Noko kan skuldast lokale forhold med jobbtilbod og utdanningsnivå, noko kan skuldast lavt talmateriale. Nokre av kommunane har til dømes ikkje offentlege tal grunna lavt folketal. Ein kan ikkje trekke sikre konklusjonar om trendar på kommunenivå grunna lavt talmateriale.   
 
 
  
 
{| class="wikitable"
 
{| class="wikitable"
Linje 238: Linje 236:
 
Grupper som står utanfor arbeidsliv og skule har oftare dårlegare psykisk helse og meir usunne levevaner enn dei som er i arbeid. De siste ti år har andelen som får sjukmelding og uføretrygd vore høgare i Noreg enn i andre OECD-land. Auka helseproblem i befolkninga kan ikkje forklare dette. Årsakene til sjukefråvær og uførepensjon er vanskelige å fastslå. Ofte er dei samansette, og forhold som usikker arbeidssituasjon, nedbemanningar og livsstilsfaktorar kan påverke sjukefråværet og andelen som søkjer om uføretrygd. ''Kjelde: ''''[http://khs.fhi.no/webview/index.jsp?headers=AAR&YTELSEsubset=varig&stubs=GEO&measure=common&virtualslice=MEIS_MA3_value&ALDERslice=18_44&GEOsubset=0,14,1401,1412,1416,1428+-+1439&layers=KJONN&layers=ALDER&layers=YTELSE&layers=virtual&study=http://10.1.5.16:80/obj/fStudy/Uforetrygdede&ALDERsubset=18_44&mode=documentation&YTELSEslice=varig&v=2&KJONNsubset=0&virtualsubset=MEIS_MA3_value&KJONNslice=0&AARsubset=2006_2008+-+2011_2013&measuretype=4&submode=ddi&cube=http://10.1.5.16:80/obj/fCube/Uforetrygdede_C1&top=yes fhi.no'']
 
Grupper som står utanfor arbeidsliv og skule har oftare dårlegare psykisk helse og meir usunne levevaner enn dei som er i arbeid. De siste ti år har andelen som får sjukmelding og uføretrygd vore høgare i Noreg enn i andre OECD-land. Auka helseproblem i befolkninga kan ikkje forklare dette. Årsakene til sjukefråvær og uførepensjon er vanskelige å fastslå. Ofte er dei samansette, og forhold som usikker arbeidssituasjon, nedbemanningar og livsstilsfaktorar kan påverke sjukefråværet og andelen som søkjer om uføretrygd. ''Kjelde: ''''[http://khs.fhi.no/webview/index.jsp?headers=AAR&YTELSEsubset=varig&stubs=GEO&measure=common&virtualslice=MEIS_MA3_value&ALDERslice=18_44&GEOsubset=0,14,1401,1412,1416,1428+-+1439&layers=KJONN&layers=ALDER&layers=YTELSE&layers=virtual&study=http://10.1.5.16:80/obj/fStudy/Uforetrygdede&ALDERsubset=18_44&mode=documentation&YTELSEslice=varig&v=2&KJONNsubset=0&virtualsubset=MEIS_MA3_value&KJONNslice=0&AARsubset=2006_2008+-+2011_2013&measuretype=4&submode=ddi&cube=http://10.1.5.16:80/obj/fCube/Uforetrygdede_C1&top=yes fhi.no'']
 
|}
 
|}
 
 
 
  
 
=== Mottakarar av sosialhjelp ===
 
=== Mottakarar av sosialhjelp ===

Revisjonen fra 6. des. 2016 kl. 13:14

Befolkningssamansetnad

Folketalsutvikling

Befolkninga i Sogn og Fjorande har på fylkesbasis hatt jamn vekst siste 5 åra. Ein ser størst vekst i dei største kommunane, medan mindre kommunar har negativ befolkningsutvikling. Noko av variasjonen kan ein forklare med lavt talmateriale og tilfeldige variasjonar.


I Jølster har folketalet hatt ein oppgang frå 2007 til 2013, deretter har utviklinga gått i negativ retning. Det vert født færre barn i Jølster. Per 4.mars 2016 bur det i Jølster 17 barn i Vassenden skulekrets og 15 barn i Skei skulekrets som er fødde i 2015 (Jølster Helsestasjon).

Befolkningsutvikling blir sett på som ein indikator for regional utvikling. Ønsket om befolkningsvekst har samanheng med fleire forhold som kommunens inntektsgrunnlag og tilgang på arbeidskraft. Utvikling i innbyggjarartal har betyding for kommunen sine planar på omfang og kvalitet av dei ulike tenestane som skal leverast til innbyggjarane i framtida.

Folketalsframskrivingar

Framskriving.JPG Kommunane i Sogn og Fjordane kan forvente at andelen eldre over 80 år aukar kraftig. I andre aldersgrupper er endringane mindre tydelege.

Framskriving av folketalet i prosent, aldersgruppe 80+:

Høg levealder betyr at folk er ved god helse og at vi har gode velferdsordningar, fleire eldre betyr også at det blir fleire som er sjuke og som har behov for helse- og omsorgstenester. Kjelde: 'St.meld. nr. 47, 2008-2009, Samhandlingsreformen. Berekningar har vist at forventa auke i levealder i Noreg vil føre til meir enn dobling i førekomst av demens frå 2006 til 2050, dersom aldersspesifikk utbreiing held seg på dagens nivå. Kjelde: 'Sosial- og helsedirektoratet, 2007 (s23).

Kommunen må ha ein langsiktig plan for å førebu det aukande tal eldre som vil gje auka belastning på kommunen sitt helse og velferdsapparat.


Etnisk samansetting og utvikling

Innvandring siste åra har i stor del vore knytt til arbeidsinnvandring av menn frå Aust-Europa. Tal frå SSB syner at Polen er høgt representert. Kommunar med asylmottak har fleire innvandrarar frå Afrika og Asia enn andre kommunar. For historiske tal kan ein søke direkte på kommunenivå for detaljerte tal på SSB.


Noreg og Sogn og Fjordane har i 2015 hatt ei kraftig auke i antal asylsøkjarar. Dette heng saman med flyktningestraumen frå Syria, Afghanistan, Eritrea og Irak som pregar Europa generelt.


Tala nasjonalt for antal personar i transittmottak i 2015 syner dei framtidige utfordringane til kommunane i Noreg. Frå veke 30 til veke 49 var det ei auke frå 1025 personar til 13699 personar som opphaldt seg i transittmottak i Noreg. UDI estimerte i november 2015 at det i Noreg er behov for 100 000 nye mottaksplassar i 2016.


Jølster kommune har to asylmottak. Mottak for einslege mindreårige (15-18 år) med 60 plassar, og ordinært mottak med 150 plassar. Jølster har busette flyktningar, familiegjenforeina og ei stor gruppe arbeidsinnvandrarar. Nokre barnehagar i Jølster har 20-25% minoritetsspråklege barn. Desse barna har behov for ekstra tilrettelegging. Samarbeid foreldre-barnehage byr også på andre utfordringar enn hos etnisk norske. Barnehagane opplever dette som krevjande og ser eit aukande behov for lågterskel tilbod om foreldrerettleiing (Styrarar i Langehaugane og Skei barnehage).

For ein del framandspråklege barn i skule er det utfordringar med inkludering i fritid og på fritidsaktivitetar. Utstyr, økonomi og transport er av hovudutfordringane (Rektor Vassenden skule).

Det er store helsemessige forskjellar mellom grupper av innvandrarar og mellom innvandrarar og etnisk norske. Forskjellane omfattar både fysisk og psykisk helse, i tillegg til helseåtferd. Flyktningar er ei spesielt sårbar gruppe med ekstra folkehelseutfordringar. Vanskar med kommunikasjon og kulturelle forskjellar kan gjere det vanskelig å komme til kjernen av problemet. Det kan vere spesielt vanskeleg å avdekke psykiske sjukdomar. Fysisk inaktivitet, overvekt og fedme er utbredt. Diabetes og hjerte- karsjukdom førekjem hyppigare blant innvandrar frå Afrika og Asia. Kjelde: 'Folkehelserapporten 2014, Folkehelseinstituttet

Kommunen skal mellom anna yte tilfredsstillande helsehjelp, førebyggjande smitteverntiltak, psykososial oppfølging og tannhelsehjelp. Kjelde: 'Helsedirektoratet: Veileder for helsetjenestetilbudet til asylsøkere, flyktninger og familiegjenforente

Det er naturleg å tenke at den kraftige auka i flyktningar og asylsøkjarar vil gje ei auka belastning på heile velferdsapparatet til kommunen, der barnehage, skule og helse er spesielt utsett. Kommunal kompetanse om helse blant flyktningar og innvandrarar er viktig for å lukkast med helsefremjande og førebyggjande arbeid. Tiltak som reduserer språkvanskar og lettar integreringa er viktig folkehelsearbeid.

Oppvekst- og levekår

Låginntekt hushaldning

Noreg har hatt ein jamn men liten auke av hushaldningar under 60% av nasjonal medianinntekt (EU60) frå 2009 til 2012. Sogn og Fjordane har følgd same trend, men om lag 2,5% under nasjonalt nivå. Trendane på kommunalt nivå føl fylkesutviklinga, men er vanskeleg å tolke, truleg grunna lågt talmateriale.


Inntekt og økonomi er grunnleggande påverknadsfaktorar for helse. Forsking viser at det er samanheng mellom inntektsnivå og helsetilstand. Lav inntekt aukar sannsynet for dårleg helse, sjukdom og tidleg død. Kjelde: fhi.no. Studiar viser at levevanar føl inntekt- og utdanningsnivå. Barn og unge av foreldre med lav sosioøkonomisk status har også auka risiko for langvarige sjukdomar og plagar. Reduserte sosiale helseforskjellar er eit viktig mål i folkehelsearbeidet. Innsats for å gjere noko med levekår, som arbeid og utdanning, kan bidra til å fremje helse og jamne ut sosiale helseforskjellar. Ei utjamning av dei sosiale helseforskjellane gjev eit stort potensiale for forbetring av folkehelsa. Kjelde: Folkehelserapporten, 2014

Einslege forsørgjarar

Einslege forsørgjarar har vore stabilt i Noreg siste 5 åra. Sogn og Fjordane ligg igjen under landsgjennomsnittet. Tala for enkelt kommunar i Sogn og Fjordane varierer mykje mellom kommunane, men har hatt stabil flat utvikling over tid. Tala for einslege forsørgjarar speglar ikkje tala for låginntekt hushaldning.


Jølster har frå 2007 til 2013 vore mellom dei kommunane i fylket med flest einslege forsørgjarar. Godt over fylkessnittet og i fleire år også over landsgjennomsnittet.

Analyser viser at einslige forsørgjarar oftare har lav inntekt enn hushaldningar med fleire vaksne medlemmar. Tap av forsørgjar gjennom samlivsbrot eller død fører for mange til økonomiske problem. Kjelde: 'fhi.no.'


Arbeidsløyse

Utviklinga av arbeidsløyse i Noreg og Sogn og Fjordane har vore flat siste 3 åra. Sogn og Fjordane ligg under landsgjennomsnittet for arbeidsløyse. Det er forskjellar mellom kommunane i Sogn og Fjordane, dette ofte grunna nedleggingar og permiteringar i enkelt bedrifter. For kommunar med lågt folketal påverkar permiteringar statistikken ekstra mykje.

Jølster har ei stabil låg arbeidsløyse, kommunen har ein stabil arbeidsmarknad, og den er lite prega av svingingar (NAV Jølster).


Ein reknar arbeidsledige for å vere ei utsett gruppe, både økonomisk, helsemessig og sosialt. Kjelde: 'fhi.no

Utfordringen framover vil være å holde sysselsettingen høy og bevare de likhetsbevarende trekkene i den nordiske modellen som blant annet bidrar til liten lønnsspredning. Det er en utfordring at noen grupper er betydelig mer utsatt for lavinntekt enn andre, og at noen blir værende i lavinntektsgruppen over lang tid. Særlig er det en utfordring at andelen barn som lever i lavinntektsfamilier har økt de siste årene. Det gjelder særlig barn av innvandrere og aleneforeldre. Det er betydelige forskjeller i lavinntekt. Det er derfor en utfordring å holde en høy sysselsetting i alle deler av landet og sørge for at alle kommuner er rustet til å ivareta de oppgavene de har overfor sårbare grupper. De fleste med lavinntekt har svak tilknytning til arbeidslivet og får en vesentlig del av inntekten gjennom offentlige overføringer. Det gjelder blant annet nyankomne flyktninger, personer med nedsatt funksjonsevne og grupper med kort utdanning. De som faller utenfor arbeidsmarkedet faller også lett utenfor andre deler av velferdssamfunnet og de har dårligere helse enn andre grupper i befolkningen. Mange med lavinntekt har psykiske problemer og/eller rusproblemer.

Kjelde: Folkehelsemeldingen (s 40)


Sjukefråvær

Sjukefråværet i Sogn og Fjordane har vore stabilt rundt 5%. Kommunane viser variasjon rundt fylkesgjennomsnitt. Folketalet i kommunane gjer at ein får kraftige utslag i prosentvis endring frå år til år, dette gjerne utan at sjukefråværet totalt har endra seg mykje.

Jølster kommune har siste fem åra lagt mellom 5,2 og 4,3 prosent sjukefråvær, noko som ikkje skil seg ut. Tenesteleiarar i Pleie og Omsorg, og Økonomi og personalleiar ser likevel at pleie og omsorgssektoren her har ei utfordring. Heile pleie og omsorgstenesta ligg langt over snittet, og nokre einingar er over 16 prosent sjukefråvær (Årsmelding Jølster Kommune 2014). Ved sjukefråvær i denne sektoren er det vanskeleg å få erstatta fagkompetansen. Det er utfordrande å då kunne gje tenester med rett og god nok kompetanse, og kvaliteten på tenesta vert dårlegare (Tenesteleiarar i Pleie og Omsorg).

I tillegg til høgt sjukefråvær er rekruttering til sektoren ei utfordring. Heimetenestene har bra med søkjarar, men til faste stillingar på bufellesskapet er det er få søkjarar på utlyste stillingar. Fleire ledige stillingar og høgt sjukefråvær gjev auka arbeidspress på tilsette, og det kan sjå ut som ein vond sirkel av stort arbeidspress og høgt sjukefråvær. Leiarar i dei utsette tenestene brukar mykje av tida si på å skaffe folk til ledige vakter (arbeidsleiarar Jølster Omsorgssenter).


Sjukefråvær i prosent


2011

2012

2013

2014

2015

Heimetenester Skei

14
9,68

Heimetenester Vassenden

13,55
5,38
11,48

Skei Bufellesskap

9,1
9,87
9,83
16,67
6,94*

Vassenden Bufellesskap

14,1
8,91
12,91
9,38
16,08

*Jølster Omsorgssenter Skei

Tabell sjukefråvær ulike PLO sektorar (Årsmelding Jølster Kommune 2014 og 2015).

I samband med nybygg og omorganisering i pleie og omsorg blei det i 2015 starta eit treårig prosjekt som går på arbeidsmiljø, dette har mellom anna som mål å redusere sjukefråværet (Økonomi og personalleiar).


Sjukefråværet vil bli påverka av fleire faktorar. Muskel- og skjellettlidingar og psykiske lidingar dominerer

statistikken sjukefråværsstatistikken. Kjelde: 'nav.no.

Universell innsats mot muskel- og skjellettlidingar og psykiske lidingar vil truleg gje størst helsegevinst.


Uføretrygd

Sogn og Fjordane ligg nært landsgjennomsnittet for prosent av befolkninga som tar i mot uføretrygd. Utviklinga er stabil med noko variasjon frå år til år. Det er noko statistisk variasjon blant kommunane i Sogn og Fjordane. Noko kan skuldast lokale forhold med jobbtilbod og utdanningsnivå, noko kan skuldast lavt talmateriale. Nokre av kommunane har til dømes ikkje offentlege tal grunna lavt folketal. Ein kan ikkje trekke sikre konklusjonar om trendar på kommunenivå grunna lavt talmateriale.

Gruppa som tar i mot uføretrygd er ei utsett gruppe for negativ helsepåverknad. Kor mange som tar i mot uføretrygd er ein indikator på helsetilstand, men må sjåast i samanheng med næringsliv, utdanningsnivå og jobbtilbod i kommunen. 


Grupper som står utanfor arbeidsliv og skule har oftare dårlegare psykisk helse og meir usunne levevaner enn dei som er i arbeid. De siste ti år har andelen som får sjukmelding og uføretrygd vore høgare i Noreg enn i andre OECD-land. Auka helseproblem i befolkninga kan ikkje forklare dette. Årsakene til sjukefråvær og uførepensjon er vanskelige å fastslå. Ofte er dei samansette, og forhold som usikker arbeidssituasjon, nedbemanningar og livsstilsfaktorar kan påverke sjukefråværet og andelen som søkjer om uføretrygd. Kjelde: 'fhi.no

Mottakarar av sosialhjelp

Mottakarar av sosialhjelp varerier mykje mellom kommunane i Sogn og Fjordane. Dette er truleg grunna individuelle lokale forhold.

Mottakarane av sosialhjelp er ei utsett gruppe psykososialt og materielt. Dei har ofte ein meir marginal tilknyting til arbeidsmarknaden, kortare utdanning og lågare bustandard enn befolkninga elles. Det er også vist at det er langt større innslag av helseproblem blant sosialhjelpsmottakarane enn i befolkninga elles, og særlig er det ein stor del med psykiske plager og lidingar. 


Utbreiinga av sosialhjelp i totalbefolkninga er eit uttrykk for pågangen på det kommunale hjelpeapparatet frå personar som for kortare eller lengre tid er avhengig av økonomisk støtte til livsopphold. Lang tids avhengighet av sosialhjelp kan mellom anna spegle eit lokalt vanskeleg arbeidsmarknad, men også at sosialtenesta legg ulik vekt på aktivisering av den enkelte og på tverrfaglig samarbeid. Kjelde: 'fhi.no

Utdanningsnivå

Prosent av befolkninga med fullført vidaregåande eller høgare utdanning i aldersgruppa 30-39 har vore stabil for kommunane siste 5 år. Kommunane har variasjon seg i mellom. Dette er også knytt opp mot jobbtilbodet i dei ulike kommunane.


Pleie og omsorg har ein del ufaglært arbeidskraft og slit med rekruttering av utdanna fagpersonar (Tenesteleiarar i Pleie og Omsorg).

Tal frå 2009 viser at menn med universitets- eller høgskuleutdanning kan forvente å leve 6 år lengre enn menn med grunnskule. For kvinner er forskjellen 5 år. Kjelde: 'Folkehelserapporten, 2014

Fråfall i vidaregåande skule

Fråfall frå vidaregåande skule i Sogn og Fjorande har gått jamt ned siste 4 åra. Det er stor variasjon mellom utvalde kommunar i Sogn og Fjordane. Absolutt sett er tala for fråfall høge. I Noreg fullfører og består 57 prosent av elevane vidaregåande opplæring på normert tid. 'at a Glance 2014_Sammendrag_fra nettsiden til KD.docx Kjelde: Kunnskapsdepartementet: Education at a Glance 2014 (s.2)

Det er godt dokumenterte samanhengar mellom utdanningsnivå, materielle levekår og helse. Ein antar at personar som ikkje har fullført vidaregåande utdanning er like utsett for levekårs- og helseproblem som dei som har valt å ikkje ta meir utdanning etter fullført ungdomsskule. Kjelde: 'fhi.no.


Grupper som generelt sett har høyere risiko for å ikke gjennomføre videregående skole er elever med svake grunnskolekarakterer, elever med lavt utdannede foreldre, gutter, minoritetsspråklige elever med manglende norskkunnskap og yrkesfagelever med dårlige grunnferdigheter. Frafall er sluttpunkt av en lengre prosess. Årsakene er ofte sammensatte og kan ligge i ulike faser, gjerne tidligere i opplæringen og i overganger mellom ulike skoletrinn. Den viktigste direkte årsaken til frafall er svake skoleprestasjoner i ungdomsskolen som ofte faller sammen med lav motivasjon og manglende engasjement for læring. Dette kan igjen ha bakgrunn i tidlig sosialisering. Rapporten har vist at familiebakgrunn, særlig foreldres utdanning, har stor betydning for hvordan barn lykkes i utdanningssystemet. Kjelde: 'NOVA Rapport nr 12/10. Språk, stimulans og læringslyst – Tidlig innsats og tiltak mot frafall i videregåande opplæring gjennom hele oppveksten (s68)

Barnevern

Barn under tiltak frå barnevernet varierer i følgje tal frå KOSTRA mellom utvalde kommunar i Sogn og Fjordane. Utviklinga siste 5 åra har vore stabil utan at ein kan identifisere større trendar. Ein må vere merksam på at ei auke i barn under tiltak frå barnevernet ikkje nødvendigvis er ein negativ folkehelsetrend. Ei auke kan skuldast at barnehagen har blitt meir oppmerksam på risikofaktorar og sender fleire meldingar til barnevernet.


Barnevernet i Jølster har tiltak på rundt 20 barn. Etablering av asylmottak for 60 einslige mindreårige utgjer ein betydeleg auke i barn som kan ha behov for barnevernstenester. Barnevernet har fått 20% auka stillingsressurs i samband med etablering av mottaket (Barnevernsleiar). Helsestasjonen har psykiatrisk sjukepleiar som også arbeider opp mot mottak for einslege mindreårige (Jølster Helsestasjon).

Vi vet at risikofaktorer kan være foreldres psykiske sykdom eller rusmiddelmisbruk, vold i hjemmet, foreldre som er langtidsledige/trygdemottakere, fattigdom i familien osv. Jo flere av disse faktorene som et barn utsettes for, jo større sannsynlighet for skjevutvikling. Jo tidligere en klarer å identifisere disse risikofaktorene og sette i verk tiltak, jo større sannsynlighet er det for at barna klarer seg bra.

Fysisk, biologisk, kjemisk og sosialt miljø

Radon

Førekomsten av radon er låg generelt i Sogn og Fjordane. Enkelte lommer med høg konsentrasjon av radon førekjem (Norges Geologiske Undersøkelse). Kommunane har kartlagt radonførekomst med at alle skular og barnehagar skal ha gjennomført radonmålingar.

Jølster kommune utfører radonmålingar på alle kommunale bygg kvart 5 år. Radonnivået skal alltid vere lågare enn 200Bq, og tiltak bør alltid gjennomførast når radonnivået overstig 100 Bq/m3. Desse nivåa blei innskjerpa i 2009. Kommunen starta med målingar i 2010, og har følgt opp med målingar i 2012, 2013 og 2014. Nokre bygg har vore i overkant av dei anbefalte verdiane. Dette har ein løyst med ventilasjon, ved å regulere driftstid og mengd luft inn og ut av bygningane. Tetting av golv for å unngå radoninntrenging i bygning har også vore gjort (tenesteleiar drift og kommunalteknikk, radonmålingar 2012-2013 kommunale bygg).

Kvalitet på drikkevatn

Drikkevatnet er generelt godt blant kommunane i Sogn og Fjordane. Men det er nokre variasjonar mellom kommunane. Det er uklart kva som er grunnen til dette ut i frå vedlagte data. Kjelde: 'fhi.no


Jølster kommune har fire kommunale vassverk. Desse vert innrapportert årleg, og den hygieniske kvaliteten og leveringsstabiliteten er for desse er 93,9% (tal frå 2014, FHI). Pr 1.juli 2012 var 55% av innbyggarane i Jølster tilknytt dei kommunale vassverka. Resten av innbyggarane har forsyning frå einskildanlegg eller frå private vassverk som det då var seks av i kommunen (Kommunedelplan for vassforsyning 2014-2025).

Drikkevatn fritt for smittestoff er ein vesentleg faktor for folkehelsa, og E.coli er ein av dei mest sentrale parameter for kontroll. E.coli er en tarmbakterie som indikerer fersk fekal forureining.  Kjelde: 'fhi.no.

Lovbrot

Sogn og Fjordane ligg under landsgjennomsnittet for sikta personar per 1000 innbyggjarar samanlikna med resten av landet. Trenden har frå 2011 til 2013 ikkje vist markante utviklingstrekk. Kjelde: 'SSB

Kriminaliteten blant befolkninga i Jølster er liten. Nokre gjengangarar innan rus og lovbrot er her, desse har oppfølging frå kommunen. Strafferettsleg har politiet hatt svært lite med dei to asylmottaka i Jølster å gjere. Etter det lokalt politi kjenner til, er det eit bra ungdomsmiljø med lite rus (Jølster lensmannskontor).


Frivillige lag og organisasjonar

Jølster kommune sin Plan for Folkehelse (2013) påpeikar behov for betre samarbeid mellom kommunen og frivillige lag og organisasjonar. Jølster frivilligsentral er ein betydeleg ressurs for kommunen og har god kontakt med både enkeltpersonar i frivillig arbeid og med lag og organisasjonar. Folkehelsekoordinator skal også bidra som kontakt for lag og organisasjonar og samarbeide med frivilligsentralen. Kommunen si nettside har kontaktinformasjon til dei ulike lag og organisasjonane i Jølster.

Ein har i 2016 laga ei brosjyre der ein har forsøkt å samla helsefremjande aktivitetar og tilbod for alle aldrar, mange frivillige er her representert. Legetenesta har spesielt etterspurt dette, og ynskjer å aktivt bruke oversikta i samhandling med pasientar som har behov for ulik type aktivitet.

Dette er første gongen ei slik oversikt er laga, og ein er interessert i innspel til forbetring. Vi ynskjer å ha 2017 utgåva klar i desember 2016. Brosjyra er å finne på legekontor, kommunehus, butikkar og bensinstasjonar i Jølster.

Folkehelseteamet i Jølster kommune beståande av rådmann, kommunalsjefar, kommunelege, frivilligsentral og folkehelsekoordinator ynskjer årleg møte med frivillige lag og organisasjonar der alle kan komme med saker, og ein kan ta opp ulike tema som er av interesse for både kommunen og dei frivillige. Eininga Næring og miljø har faste årlege møter med landbruksorganisasjonane/faglag, og deltek på årsmøter hos desse.

Frivillige organisasjoner representerer en betydelig ressurs i norsk samfunnsliv, også i forhold til samfunnsområder der det offentlige har påtatt seg ansvar og der ansvaret er reflektert gjennom tjenester som ytes til befolkningen. Kjelde: 'Stortingsmelding 47, kapittel 16

Mobbing og trivsel i skulen

Tala for mobbing i Sogn og Fjordane ligg under gjennomsnittet for resten av landet. Utvalde kommunar i fylket har trend i positiv utvikling, med mindre mobbing generelt i skulen. Same positive utviklinga ser ein på trivsel i skulen. Dei siste 5 åra har tala for trivsel auka for kommunane.


Det er viktig med fokus på vidare systematisk arbeid for å førebyggje mobbing i skule og barnehagar.

Årleg elevundersøking i 7 og 10 klasse viser lite mobbing og jamt over god trivsel og læringsmiljø i Jølster. Vassenden skule nyttar PALS som er eit skuleomfattande skulemiljøarbeid. Dette inneber planar for førebyggane arbeid, handlingsplanar for oppfølging av mobbesaker, andre tiltak med vekt på positiv involvering og oppmuntring, og føreseielege reaksjonar på negativ åtferd (rektor Vassenden skule). Skei skule har tiltaksplan mot mobbing, denne vert gått gjennom med alt personale kvar haust. Kvar vår vert det gjennomført ei intern trivselsundersøking frå 1 til 10 klasse, denne viser jamt over gode resultat. Skulen har også plan for sosial kompetanse 1.-10. klasse, og småskulen nyttar delvis eit program som heiter Zippy's venner der borna lærer om sosiale relasjonar og samhald. På ungdomssteget har ein i samarbeid med helsestasjonen fokus på psykisk helse med tema i kvar klasse. Ein arbeider for å skape positivt klassemiljø, takhøgd og gode relasjonar. Fokus på fysisk aktivitet bidreg også til auka trivsel (rektor Skei skule).

Mobbing er en vesentlig individuell risikofaktor for psykiske lidelser (Fosse 2006). Barn som mobbes har opptil sju ganger høyere risiko for psykiske plager som engstelse, depresjon, ensomhet og rastløshet, enn barn som ikke mobbes. Blant barn og unge som mobbes er også kroppslige helseplager som hodepine, ryggsmerter, "vondt i magen" og svimmelhet, dobbelt så vanlig som blant andre barn. Jo oftere et barn blir mobbet jo større er risikoen for helseplager (Nordhagen 2005). Sammenhengen mellom mobbing og helseplager understreker at det er viktig å forebygge mobbing i skolen. Det er dessuten viktig å følge med på statistikk over andelen som har vært utsatt for mobbing for å si om hvordan iverksatte tiltak fungerer, og for å kunne drive lokalt kvalitetsforbedringsarbeid. Kjelde: 'fhi.no

Luft / Lyd

Drift og kommunalteknikk saman med rektorar ved skulane og styrarar i barnehagar i kommunen ynskte å ha luft og lyd som eige punkt i denne oversikta.

Luft

CO2 målingar gir eit bilde av om luftskiftet i eit rom er tilstrekkeleg. FHI`s anbefalingar på CO2 innhald i lufta er på 1000 ppm. Det er ikkje dokumentert at høge CO2 verdiar i seg sjølv gir helseeffekt, men det gir følelse av tung luft og sjenerande lukt (FHI, rapport 2013;7). CO2 målingar gjort i 2011 og 2012 viser verdiar over 1000ppm på begge skulane i Jølster. På Skei skule ligg klasserom brukt av SFO og mellomtrinn innanfor med målingar på 500-600 ppm, medan barneskule og ungdomsskulen på Skei har varierande nivå over 1000 ppm, høgste målt til 1600 ppm på barneskulen.

Vassenden skule har CO2 konsentrasjonar som overskrid anbefalte nivå på spesialromfløy (1120-1420 ppm), og ungdomsskulen (1650 ppm). Andre bygg har balansert ventilasjon så inneklimaet er mykje betre. God lufting i friminutt er vesentleg for å redusere verdiane. Høgste nivå utan lufting på grunn av kaldt ute målt til 2000 ppm i klasserom på ungdomsskulen på Vassenden. For alle rom med høge verdiar trengs balansert ventilasjonsanlegg, eit behov ein no har sett i fleire år (Inneklima kommunale bygg, Vassenden skule 2014, Skei skule 2013).


Lyd

Barneskulen på Skei har store problem med støy frå E39, dette kjem tydeleg fram i tiltaksplan etter årlege vernerunder. Same klasseromma treng lufting på grunn av dårleg luftkvalitet, men lufting avgrensar seg sidan støyen då vert svært forstyrrande. Jamfør akustikk-målingar gjort i klasserom på Skei barneskule våren 2016, så er heller ikkje det akustiske lydnivået i klasseromma optimal. Skei barneskule er eit gamalt murbygg, det eldste kommunale bygget i Jølster som er i bruk (rektor Skei skule).

Skader og ulykker

Personskadar behandla i sjukehus

Utviklinga av personskadar har gått jamt ned på landsbasis sidan 1950-talet. Sogn og Fjordane ligg over landsgjennomsnittet, og det har det vore lite endring i innlegging grunna personskadar sidan 2008. Kommunane har variasjon seg i mellom og noko variasjon frå år til år. Ein har ikkje sikker grunn til at Sogn og Fjordane ligg høgare enn landet generelt på innlegging grunna personskadar.


Jølster kommune ligg høgt, og sidan FHI gav ut første folkehelseprofilen i 2012 har dette punktet utmerka seg som eit der kommunen ligg dårlegare an enn resten av landet. Sogn og Fjordane fylke totalt ligg høgt her i forhold til resten av landet. Statistikken skil ikkje på kommunenivå mellom dei ulike diagnosane, så ein veit ikkje om det er spesielle ulykker som dominerer.

På landsbasis står landbruket for 20-30 % av alle dødsulykker i arbeidslivet, trass i at berre 3 prosent er sysselsett her. Ein veit lite om årsakar og tal ulykker i landbruket (www.bygdeforskning.no).


Blant eldre er hoftebrot spesielt alvorleg då det kan føre til redusert funksjonsevne og behov for hjelp, og dermed redusert livskvalitet. Blant ungdom og unge menn gjev trafikkulykker både redusert helse og tapte liv. Det er et betydelig potensial for førebygging av skader og ulykker. Sjukehusbehandla personskadar synar berre omfanget av dei alvorlegaste skadane.  Kjelde: 'fhi.no


Andre ulykker

Trafikkulykker: Drepne i trafikken varierer mykje frå kommune til kommune. I følgje data frå kommuneprofilen.no (velg Sogn og Fjordane) har det vore over ein halvering av drepne og skadde i trafikken sidan år 2000 i Sogn og Fjordane.

Drukningsulykker: Tal frå Norsk Folkehjelp viser at Sogn og Fjordane har 2 til 10 drukningsulykker årleg siste 4 åra.

Brann: Tal frå DSB viser at omkomne i brann i Sogn og Fjordane årleg er lave: 2013: 1, 2014: 0, 2015: 2.

Helserelatert atferd

Fysisk aktivitet

Tal frå undersøking av fysisk aktivitet blant barn og ungdom i Sogn og Fjordane er sprikande. Statistikkgrunnlaget er lite og resultata varierer frå år til år og mellom kommunane. Generelt viser tala at 10-20% av barn og ungdom mellom 11 til 15 år er fysisk aktiv dagleg over 60 minutt som er anbefalingar frå Helsedirektoratet. Tal frå vidaregåande skule viser at 70-90% av ungdom i Sogn og Fjordane har aktivitet med idrett på fritida.


Skulane i Jølster har fokus på fysisk aktivitet. Skei skule har siste 10-11 åra praktisert 30 minutt fysisk aktivitet for alle elevar dei dagane dei ikkje har gym. I tillegg arrangerer skulen ski-veke, skidag, fjelldag og aktivitetsdagar for heile skulen (rektor Skei skule). Vassenden skule har Active Smart Kids (ASK) med 30 minutt fysisk aktivitet kvar skuledag som satsingsområde, i tillegg organiserer elevane sjølve «Friminutt aktiv» tre matfriminutt i veka (rektor Vassenden skule). Felles for skulane er mellom anna planlagde turar som sykkeldag, barmarkstur, vintertur med overnatting og dagstur på breen. Frivillige lag og organisasjonar står for mykje organisert fysisk aktivitet i kommunen, trening og dans for folk flest, og dans for både seniorar og for barn. Jølster idrettslag, gjennom sin allsidige aktivitet bidreg med eit betydeleg tilbod innan fysisk aktivitet for Jølstringar i alle aldrar. Idrettslaget har undergruppene Alpint, Barneidrett, Fotball, Fjelltrim, Friidrett, Handbak, Handball, Langrenn, Spinning, Volleyball og Jølster Maraton. Tilboda vert drifta på frivillig basis og ein er heilt avhengige av stor dugnadsinnsats for å oppretthalde tilboda. Innbyggarane i Jølster har fleire tilgjengelege trimrom, treningssenter og langrennsløyper. Golfanlegg, alpinsenter, ei grasbane, to kunstgrasbaner for fotballaktivitet og skytebane i Dvergsdalsdalen. Naturen i Jølster gjev store mogelegheiter til fysisk aktivitet heile året.

Regelmessig fysisk aktivitet er viktig for barn si vekst og utvikling. Helsedirektoratet anbefaler at barn og unge deltar i fysisk aktivitet med moderat eller høg intensitet i minimum 60 minutt dagleg. I tillegg bør barn og unge utføre aktivitet med høg intensitet minst tre gonger i veka. Vaksne bør ha moderat fysisk aktivitet 150 minutt kvar veke, eller 75 minutt med aktivitet med høg intensitet i veka.

Kjelde: 'Folkehelserapporten 2014, Fysisk aktivitet i Norge og 'Anbefalinger om kosthold,ernæring og fysisk aktivitet ( s.12) - Helsedirektoretet


Kosthald

Tal frå Samhandlingsbarometeret viser at omlag 50% barn og unge mellom 11 og 15 år et frukt dagleg. I den vidaregåande skulen er det liknande resultat, men med noko meir variasjon mellom kommunane. På vidaregåande et om lag halvparten av ungdom grønsaker dagleg. Igjen er talmaterialet noko lågt som gir forskjellar mellom kommunane. Det er interessant å observere at jenter generelt et meir frukt og grønsaker i alle aldersgrupper. Tala seier ikkje noko om variasjon i kosthald eller i kva form frukt og grønsaker vert konsumert.


Kosthald er tema allereie på helsestasjonen. Skulane har tilbod om skulefrukt og skulemjølk. Tilsette i barnehagar, SFO og lærarar i faget mat og helse har delteke på fiskeprell kurs og nyttar fisk og matlaging ute i arbeidet med barna (Leiarar for dei ulike tenestene). Fokus på sunn mat og kurs for foreldre har det vore ynskje om. I eldreomsorga er kosthald eit prioritert fokusområde frå regjeringa. Området bør få meir fokus enn det har i dag. I heimetenesta i Jølster vert det gjort kartlegging av ernæringsstaus av utsette grupper, med månadleg oppfølging og vektkontroll. Fokuset er underernæring, men her er behov for å ha fokus på overvekt også (tenesteleiar heimetenesta Skei).

Sunt og variert kosthald, kombinert med fysisk aktivitet er bra for både kropp og velvære. Med riktig kosthald kan ein førebygge sjukdom. Ofte kan små grep i kvardagen ha stor betyding for helsa. Matvarer merka med Nøkkelhol er eit hjelpemiddel for å ta dei små, sunne grepa i kvardagen. Det er anbefalt å ete minst fem porsjoner grønsaker, frukt og bær dagleg. Kjelde: 'Helsedirektoratet. Kostholdsråd.


Mange barn får i seg for mykje sukker gjennom brus eller saft. Ein halv liter brus eller saft inneheld om lag 50 gram sukker som svarar til 25 sukkerbitar. Kjelde: ''Matportalen.no, Helsedirektoratet

'Virkemidlene for å fremme sunne valg ligger i all hovedsak utenfor helsesektoren, og samarbeidet med andre sektorer, frivillige organisasjoner og private aktører er viktig. Dette er en felles oppgave. Ansvaret på tvers av sektorer må i større grad synliggjøres. Kjelde: 'Meld.St.34 Folkehelsemeldingen 2012-2013. God helse – felles ansvar (s.75).

Overvekt

Andel gravide med KMI over 25 har vore stabilt høg siste 5 år. Sesjonstal frå 2003 til 2009 viser generelt forhøgja KMI blant unge menn. BMI målt i vidaregåande skule 2012 KMI under 25. Tal frå elevar 11 og 13 år gamle 2011 viser normale verdiar. Avgrensa talmateriale gjev variasjonar mellom kommunane. Ein saknar data over tid. Ein bør merke seg at KMI stig frå 11 års alder og fram til vaksen alder, samt at elevar i alderen 11 til 15 år opplev seg som meir overvektig enn kva faktiske målingar av KMI viser.

Kroppsmasseindeks (KMI) gjev uttrykk for vekt i forhold til høgde og vert nytta til å kunne måle og samanlikne helserisikoen ved blant anna overvekt i ei befolkning. WHO har satt følgjande grenseverdi for å klassifisere overvekt og fedme blant vaksne over 18 år ved hjelp av KMI (kg/m²): 

KMI på mellom 25 og 29,9 = overvektig 

KMI på 30 og over = fedme 


Overvekt og fedme gjev auka risiko for type 2-diabetes, hjerte- og karsjukdom, høgt blodtrykk, slitasjegikt i kne og hofter og enkelte kreftsjukdomar som tjukktarmskreft. Overvekt og fedme kan også ha alvorlige psykiske helsekonsekvensar. Det er ingen klar KMI-grense for når sjukdomsrisiko aukar eller fell, overgangane er glidande. 


Erfaring viser at det for dei fleste er vanskelig å oppnå varig vektreduksjon når ein først har blitt overvektig. Førebygging av overvekt med tiltak som kan påverke mat- og aktivitetsvanar er derfor viktig. Kjelde: 'fhi.no

Røyking og rusmidlar

Utvalde kommunar i Sogn og Fjordane har sett ein fallande trend for kvinner som røyker under svangerskapet. Tala for røykevanar frå vidaregåande skule er låge, men ein manglar samanlikningsgrunnlag frå fleire år. Tala frå Sogn og Fjordane føl trenden for den norske befolkninga som viser ein kraftig nedgang i røykarar i Noreg siste åra, spesielt blant ungdom.


Høg del av elevar i 10. klasse har prøvd snus. Tala beskriv ikkje den daglege bruken av snus.


Tal frå vidaregåande om ungdom som har prøvd narkotiske stoff ligg lågt i Sogn og Fjordane.


Kommunen har i mars 2016 sett ned ei arbeidsgruppe som skal arbeide med at Jølster kommune skal bli ein tobakksfri kommune.

Røyking er ein av dei viktigaste årsakene til redusert helse og levealder. Omtrent halvparten av dei som røyker daglig i mange år, dør av sjukdomar som skuldast tobakk. I tillegg råkast mange av sjukdommar som fører til helseplager og redusert livskvalitet. Studiar viser at dei som røyker dagleg, i snitt dør 10 år tidligare enn ikkje-røykarar, og 25 prosent av dei som røyker dagleg dør 20-25 år tidligare enn gjennomsnittleg levealder for ikkje-røykarar. Kjelde: fhi.no

Røykevanar er knytt opp mot sosial ulikskap i helse. Kjelde: 'SIRUS.no (kapittel 3.3.4)

Bruk av snus aukar risiko for kreft i bukspyttkjertel, spiserøyr og munnhole og har fleire andre negative effektar. Snus aukar risiko for dødfødde og for tidleg fødsel. Kjelde: 'Helsedirektoratet. Helseskader av snus.

Helsetilstand

Tannhelse

Tannhelsa til barn og unge i Sogn og Fjordane er rekna for å vere god og ligg over landsgjennomsnittet.

Det er ei uro i kommunen for at tannlegekontoret skal bli lagt ned, noko som vert ei utfordring med lang reiseveg til Førde eller Sandane for både unge og eldre.

Dei siste 30 åra har tannhelsa betra seg mykje. Fleire barn og unge har ingen eller få hol i tenna. Endå varierer tannhelse med alder, økonomi, og kvar i landet ein bur. Kjelde: fhi.no

Sjukehusinnleggingar generelt

Tal på innleggingar på sjukehus for pasientar i Sogn og Fjordane har vore relativt stabilt frå 2009 til 2012 med eit hopp for alle kommunane i 2013. Det er uklart kva som er årsak til auken i 2013.


Diabetes

Bruk av legemiddel til behandling av type 2-diabetes har nasjonalt og for Sogn og Fjordane auka frå 2009 til 2013. Tala for dei utvalde kommunane varierer.

Ein reknar at ca 350.000 personer i Noreg har diabetes type 2, og at halvparten av desse ikkje veit dei har sjukdommen. Ca 28.000 personar har diabetes type 1. Kjelde:Diabetes.no.

Kosthald, mosjon og vektreduksjon kan for nokre normalisere blodsukkeret og halde sjukdomen under kontroll, og er ein sentral del av behandlinga for alle med sjukdommen. Moderne retningslinjer for behandling av diabetes legg likevel i aukande grad vekt på nytta av medikamentell behandling for å redusere førekomsten av seinkomplikasjonar av sjukdommen (tap av syn, amputasjon, hjarte/kar-sjukdommar, sår, nyresjukdom), som er den viktigaste årsaken til redusert helse og økte helsekostnader for denne sjukdommen. Overvekt er ein viktig risikofaktor for utvikling av type 2-diabetes og førekomst av type-2 diabetes kan derfor spegle befolkninga sine levevaner. Kjelde:Helsebilioteket

Hjerte- og karsjukdomar

Det har sidan 2007 vore ein jamn reduksjon i dødelegheit (0-74 år) av hjerte- og karsjukdom. Dette kan skuldast både meir effektiv behandling og førebygging, men også auka levealder i befolkninga generelt.


Muskel- og skjelettlidingar

Sogn og Fjordane ligg rett over landsgjennomsnittet i registrering av muskel og skjelettlidingar i primærhelsetenesta. Likande trend finn ein og i spesialisthelsetenesta, medan lårbeinsbrot ligg på landsgjennomsnittet.


Kreft

I Sogn og Fjordane har dødelegheit av kreft siste 5 åra vore stabil. Nye krefttilfelle aukar jamt i same periode. Tala frå Sogn og Fjordane føl nasjonal utvikling.

Årsak til kreftsjukdom er knytt til arvemateriale og miljøpåverknader. Ein reknar at det er få tilfelle av kreft der arv er einaste årsak. Førebygging av kreftsjukdom er knytt til å redusere tobakksrøyking, reduksjon i eksponering av miljøgifter, redusere alkoholkonsum, auke inntak av frukt og grønsaker, auke fysisk aktivitet, førebygge overvekt og unngå å bli solbrend. Kjelde: 'fhi.no

Årsak til auke i krefttilfelle kan vere aukande alder i befolkninga og betring i diagnostiske verktøy. Kjelde: 'fhi.no

Psykiske lidingar

På oversikt over registrerte psykiske lidingar i primærhelsetenesta ligg Sogn og Fjordane under landsgjennomsnittet. Det er stor variasjon i data mellom dei utvalde kommunane, noko som kan forklarast med lavt talmateriale i enkelte kommunar. Ein har lite data til å kunne vurdere utviklinga.


Nasjonalt viser tal frå reseptregisteret ei auke av bruk av antidepressiva i aldersgruppa 15-19 sidan 2004.