Jølster kommune

Fra Folkehelseoversikt.no
Hopp til: navigasjon, søk

Folkehelseoversiktsdokument for Jølster kommune (Word)

Befolkningssamansetnad

Folketalsutvikling

Befolkninga i Vestland har på fylkesbasis hatt vekst siste fem åra. Ein ser vekst i dei største kommunane, medan mindre kommunar har hatt negativ eller svingande befolkningsutvikling. Det er ein generell trend at folketalet aukar i alder over 80 og at det er ein reduksjon i gruppa 0-17 år.


I Jølster har folketalet hatt ein oppgang frå 2007 til 2013, så nokre år med nedgang, før det siste året gjekk i positiv retning att. I 2016 vart det fødd 35 barn i Jølster. 21 barn i Vassenden skulekrets og 14 barn i Skei skulekrets (Jølster Helsestasjon).


Befolkningsutvikling blir sett på som ein indikator for regional utvikling. Ønsket om befolkningsvekst har samanheng med fleire forhold som kommunens inntektsgrunnlag og tilgang på arbeidskraft. Utvikling i innbyggjarartal har betyding for kommunen sine planar på omfang og kvalitet av dei ulike tenestane som skal leverast til innbyggjarane i framtida.


Folketalsframskrivingar

Kommunane i Vestland kan forvente at andel eldre over 80 år aukar kraftig fram mot 2040. Folketalsutviklinga i alderesgruppa 0-17 år er meir usikker. Ein vil truleg sjå ein nedgang i folketal i den yngste aldersgruppa i åra som kjem. Det er verdt å merke at SSB vil oppdatere sine berekningar i juni 2020.



Høg levealder betyr at folk er ved god helse og at vi har gode velferdsordningar, fleire eldre betyr også at det blir fleire som er sjuke og som har behov for helse- og omsorgstenester. Kjelde: 'St.meld. nr. 47, 2008-2009, Samhandlingsreformen.Berekningar har vist at forventa auke i levealder i Noreg vil føre til meir enn dobling i førekomst av demens frå 2015 til 2050, dersom aldersspesifikk utbreiing held seg på dagens nivå. Kjelde: 'Folkehelserapporten 2014. Kommunen må ha ein langsiktig plan for å førebu det aukande tal eldre som vil gje auka belastning på kommunen sitt helse og velferdsapparat.


Etnisk samansetting og utvikling

Innvandrarar har kome til Norge på grunn av arbeid, gjennom familie, som flyktningar eller for å ta utdanning. I 2018 var arbeid den viktigaste innvandringsgrunnen.

I fylgje SSB var det per 5. mars 2019 omlag 944 402 med innvandrarbakgrunn busett i Noreg. Dette utgjer 17.7 % av befolkinga. Det har vore ein mindre tilvekst av innvandrarar dei siste åra. Dei fleste av innvandrarane kjem frå Europa.


Jølster kommune har to asylmottak fram til 30.juni 2017. Mottak for einslege mindreårige (15-18 år) har 30 plassar. Ordinært mottak har 150 plassar, men talet på bebuarar går stadig nedover no fram til avviklinga. Jølster har busette flyktningar, familiegjenforeina og ei stor gruppe arbeidsinnvandrarar.

Jølster-innvandring.JPG

Nokre barnehagar i Jølster har 20-25% minoritetsspråklege barn. Desse barna har behov for ekstra tilrettelegging. Samarbeid foreldre-barnehage byr også på andre utfordringar enn hos etnisk norske. Barnehagane opplever dette som krevjande og ser eit aukande behov for lågterskel tilbod om foreldrerettleiing (Styrarar i Langehaugane og Skei barnehage).

For ein del framandspråklege barn i skule er det utfordringar med inkludering i fritid og på fritidsaktivitetar. Utstyr, økonomi og transport er av hovud utfordringane (Rektor Vassenden skule).


Det er store helsemessige forskjellar mellom grupper av innvandrarar og mellom innvandrarar og etnisk norske. Forskjellane omfattar både fysisk og psykisk helse, i tillegg til helseåtferd. Flyktningar er ei spesielt sårbar gruppe med ekstra folkehelseutfordringar. Vanskar med kommunikasjon og kulturelle forskjellar kan gjere det vanskelig å komme til kjernen av problemet. Det kan vere spesielt vanskeleg å avdekke psykiske sjukdomar. Fysisk inaktivitet, overvekt og fedme er utbredt. Diabetes og hjerte- karsjukdom førekjem hyppigare blant innvandrar frå Afrika og Asia. Kjelde: ''Folkehelserapporten 2014, Folkehelseinstituttet

Kommunen skal mellom anna yte tilfredsstillande helsehjelp, førebyggjande smitteverntiltak, psykososial oppfølging og tannhelsehjelp. Kjelde: ''Helsedirektoratet: Veileder for helsetjenestetilbudet til asylsøkere, flyktninger og familiegjenforente

Kommunal kompetanse om helse blant flyktningar og innvandrarar er viktig for å lukkast med helsefremjande og førebyggjande arbeid. Tiltak som reduserer språkvanskar og lettar integreringa er viktig folkehelsearbeid.


Oppvekst- og levekår

Låginntekt hushaldning

Noreg har hatt ein liten, men jamn auke av hushaldningar med under 60% av nasjonal medianinntekt (EU60) siste fem år.

Sogn og Fjordane har følgd same trend, men ligg under under nasjonalt nivå. Trendane på kommunalt nivå føl fylkesutviklinga, I løpet av 2015 og 2016 opplevde nokre av kommunene ei prosentvis auke og steig over nasjonalt og fylkeskommunalt nivå. Grunna lågt talmateriale er det vanskeleg å tolke resultata. Kjelde: fhi.no



Inntekt og økonomi er grunnleggande påverknadsfaktorar for helse. Forsking viser at det er samanheng mellom inntektsnivå og helsetilstand. Lav inntekt aukar sannsynet for dårleg helse, sjukdom og tidleg død. Kjelde: fhi.no. Studiar viser at levevanar føl inntekt- og utdanningsnivå. Barn og unge av foreldre med lav sosioøkonomisk status har også auka risiko for langvarige sjukdomar og plagar. Reduserte sosiale helseforskjellar er eit viktig mål i folkehelsearbeidet. Innsats for å gjere noko med levekår, som arbeid og utdanning, kan bidra til å fremje helse og jamne ut sosiale helseforskjellar. Ei utjamning av dei sosiale helseforskjellane gjev eit stort potensiale for forbetring av folkehelsa. Kjelde: Folkehelserapporten, 2014


Einslege forsørgjarar

Einslege forsørgjarar har vore stabilt i Noreg siste 5 åra. Vestland ligg igjen under landsgjennomsnittet. Tala for enkelt kommunar i Vestland varierar kommunane i mellom, men dei fleste har hatt flat utvikling over tid. Tala for einslege forsørgjarar speglar ikkje tala for låginntekt hushaldning.


Jølster har frå 2007 til 2014 vore mellom dei kommunane i fylket med flest einslege forsørgjarar. Godt over fylkessnittet, og i fleire år også over landsgjennomsnittet


Analyser viser at einslege forsørgjarar oftare har lav inntekt enn hushaldningar med fleire vaksne medlemmar. Tap av forsørgjar gjennom samlivsbrot eller død fører for mange til økonomiske problem. Kjelde: 'fhi.no.'


Arbeidsløyse

Utviklinga av arbeidsløyse i Noreg og Vestland har svinga mellom 1-3% siste 5 åra. Vestland ligg under landsgjennomsnittet for arbeidsløyse. Det er forskjellar mellom kommunar i Vestland, dette ofte grunna nedleggingar og permiteringar i enkelt bedrifter. For kommunar med lågt folketal påverkar permiteringar statistikken ekstra mykje.


Jølster har ei stabil låg arbeidsløyse, kommunen har ein stabil arbeidsmarknad, og den er lite prega av svingingar (NAV Jølster).


Ein reknar arbeidsledige for å vere ei utsett gruppe, både økonomisk, helsemessig og sosialt. Kjelde: ''fhi.no

Utfordringen framover vil være å holde sysselsettingen høy og bevare de likhetsbevarende trekkene i den nordiske modellen som blant annet bidrar til liten lønnsspredning. Det er en utfordring at noen grupper er betydelig mer utsatt for lavinntekt enn andre, og at noen blir værende i lavinntektsgruppen over lang tid. Særlig er det en utfordring at andelen barn som lever i lavinntektsfamilier har økt de siste årene. Det gjelder særlig barn av innvandrere og aleneforeldre. Det er betydelige forskjeller i lavinntekt. Det er derfor en utfordring å holde en høy sysselsetting i alle deler av landet og sørge for at alle kommuner er rustet til å ivareta de oppgavene de har overfor sårbare grupper. De fleste med lavinntekt har svak tilknytning til arbeidslivet og får en vesentlig del av inntekten gjennom offentlige overføringer. Det gjelder blant annet nyankomne flyktninger, personer med nedsatt funksjonsevne og grupper med kort utdanning. De som faller utenfor arbeidsmarkedet faller også lett utenfor andre deler av velferdssamfunnet og de har dårligere helse enn andre grupper i befolkningen. Mange med lavinntekt har psykiske problemer og/eller rusproblemer.

Kjelde: Folkehelsemeldingen (s 40)


Sjukefråvær

Sjukefråværet i Vestland har vore stabilt rundt 4%. Kommunane viser variasjon rundt fylkesgjennomsnitt. Folketalet i kommunane gjer at ein får kraftige utslag i prosentvis endring frå år til år, dette gjerne utan at sjukefråværet totalt har endra seg mykje.


Jølster kommune har siste fem åra lagt mellom 5,2 og 4,3 prosent sjukefråvær, noko som ikkje skil seg ut. Tenesteleiarar i Pleie og Omsorg, og Økonomi og personalleiar ser likevel at pleie og omsorgssektoren her har ei utfordring. Heile pleie og omsorgstenesta ligg langt over snittet, og nokre einingar er over 16 prosent sjukefråvær (Årsmelding Jølster Kommune 2014). Ved sjukefråvær i denne sektoren er det vanskeleg å få erstatta fagkompetansen. Det er utfordrande å då kunne gje tenester med rett og god nok kompetanse, og kvaliteten på tenesta vert dårlegare (Tenesteleiarar i Pleie og Omsorg).

I tillegg til høgt sjukefråvær er rekruttering til sektoren ei utfordring. Heimetenestene har bra med søkjarar, men til faste stillingar på bufellesskapet er det er få søkjarar på utlyste stillingar. Fleire ledige stillingar og høgt sjukefråvær gjev auka arbeidspress på tilsette, og det kan sjå ut som ein vond sirkel av stort arbeidspress og høgt sjukefråvær. Leiarar i dei utsette tenestene brukar mykje av tida si på å skaffe folk til ledige vakter (arbeidsleiarar Jølster Omsorgssenter).


Sjukefråvær i prosent

2011

2012

2013

2014

2015

Heimetenester Skei

14
9,68

Heimetenester Vassenden

13,55
5,38
11,48

Skei Bufellesskap

9,1
9,87
9,83
16,67
6,94*

Vassenden Bufellesskap

14,1
8,91
12,91
9,38
16,08

*Jølster Omsorgssenter Skei

Tabell sjukefråvær ulike PLO sektorar (Årsmelding Jølster Kommune 2014, 2015 og 2016).

I samband med nybygg og omorganisering i pleie og omsorg blei det i 2015 starta eit treårig prosjekt som går på arbeidsmiljø, dette har mellom anna som mål å redusere sjukefråværet (Økonomi og personalleiar).


Sjukefråværet vil bli påverka av fleire faktorar. Muskel- og skjellettlidingar og psykiske lidingar dominerer

statistikken sjukefråværsstatistikken. Kjelde: ''nav.no.

Universell innsats mot muskel- og skjellettlidingar og psykiske lidingar vil truleg gje størst helsegevinst.


Uføretrygd

Vestland ligg nært landsgjennomsnittet for prosent av befolkninga som tar i mot uføretrygd. Utviklinga er stabil med noko variasjon frå år til år. Det er noko statistisk variasjon blant kommunane i Vestland. Noko kan skuldast lokale forhold med jobbtilbod og utdanningsnivå, noko kan skuldast lavt talmateriale. Nokre av kommunane har til dømes ikkje offentlege tal grunna lavt folketal. Ein kan ikkje trekke sikre konklusjonar om trendar på kommunenivå grunna lavt talmateriale.


Gruppa som tar i mot uføretrygd er ei utsett gruppe for negativ helsepåverknad. Kor mange som tar i mot uføretrygd er ein indikator på helsetilstand, men må sjåast i samanheng med næringsliv, utdanningsnivå og jobbtilbod i kommunen.  De siste ti år har andelen som får sjukmelding og uføretrygd vore høgare i Noreg enn i andre OECD-land. Auka helseproblem i befolkninga kan ikkje forklare dette. Årsakene til sjukefråvær og uførepensjon er vanskelige å fastslå. Ofte er dei samansette, og forhold som usikker arbeidssituasjon, nedbemanningar og livsstilsfaktorar kan påverke sjukefråværet og andelen som søkjer om uføretrygd. Kjelde: ''fhi.no


Mottakarar av sosialhjelp

Mottakarar av stønad til livsopphold varerier mykje mellom kommunane i Vestland. Dette er truleg grunna individuelle lokale forhold.



Grupper som står utenfor arbeidsliv og skole har oftere dårligere psykisk helse og mer usunne levevaner enn de som er i arbeid. De siste ti årene har andelen som får sykemelding og uføretrygd vært høyere i Norge enn i andre OECD-land. Økte helseproblemer i befolkningen kan ikke forklare dette. Årsakene til sykefravær og uførepensjon er vanskelige å fastslå. Ofte er de sammensatte, og forhold som usikker arbeidssituasjon, nedbemanninger og livsstilsfaktorer kan påvirke sykefraværet og andelen som søker om uføreytelser. Flertallet av sykemeldinger og langvarige trygdestønader gis for muskel- og skjelettlidelser og psykiske lidelser som angst og depresjon.

Kjelde: fhi.no


Utdanningsnivå

Vestland har opplevd ein jamn nedgang i antall personar i alderen 30-39 år som har fullført høgare utdanning siste 5 år. Ein ser i varierande grad den same trenden i kommunane som i fylket, med auke i antal med fullført høgskule, og jamn nedgang totalt med størst nedgang i antal med fullført vidaregåande. Dette kan truleg knyttast til jobbtilbod og demografiske endringar.


Pleie og omsorg har ein del ufaglært arbeidskraft og slit med rekruttering av utdanna fagpersonar (Tenesteleiarar i Pleie og Omsorg).


Kvinner og menn med lengst utdanning lev 5-6 år lengre og har betre helse enn dei som har kortast utdanning.

Det er færre som røyker og er overvektige i grupper med lang utdanning.

Dei sosiale forskjellane i levealder aukar, særleg hos kvinner. Forskjellane er større i Norge enn i mange andre europeiske land. Kjelde;fhi.no


Fråfall i vidaregåande skule

Det er godt dokumenterte samanhengar mellom utdanningsnivå, materielle levekår og helse. Ein antar at personar som ikkje har fullført vidaregåande utdanning er like utsett for levekårs- og helseproblem som dei som har valt å ikkje ta meir utdanning etter fullført ungdomsskule. Kjelde: ''fhi.no.


Grupper som generelt sett har høyere risiko for å ikke gjennomføre videregående skole er elever med svake grunnskolekarakterer, elever med lavt utdannede foreldre, gutter, minoritetsspråklige elever med manglende norskkunnskap og yrkesfagelever med dårlige grunnferdigheter. Frafall er sluttpunkt av en lengre prosess. Årsakene er ofte sammensatte og kan ligge i ulike faser, gjerne tidligere i opplæringen og i overganger mellom ulike skoletrinn. Den viktigste direkte årsaken til frafall er svake skoleprestasjoner i ungdomsskolen som ofte faller sammen med lav motivasjon og manglende engasjement for læring. Dette kan igjen ha bakgrunn i tidlig sosialisering. Rapporten har vist at familiebakgrunn, særlig foreldres utdanning, har stor betydning for hvordan barn lykkes i utdanningssystemet. Kjelde: ''NOVA Rapport nr 12/10. Språk, stimulans og læringslyst – Tidlig innsats og tiltak mot frafall i videregåande opplæring gjennom hele oppveksten (s68)


Barnevern

Barn under tiltak frå barnevernet varierer i følgje tal frå SSB mellom utvalde kommunar i Vestland. Utviklinga siste 5 åra har vore stabil utan at ein kan identifisere større trendar. Ei auke kan skuldast at barnehagen har blitt meir oppmerksam på risikofaktorar og sender fleire meldingar til barnevernet.Ein må vere merksam på at ei auke i barn under tiltak frå barnevernet ikkje nødvendigvis er ein negativ folkehelsetrend.


Barnevernet i Jølster har tiltak på rundt 20 barn. Barn i fosterheim kjem i tillegg. Mottaket for einslege mindreårige vart redusert frå 60 til 30 personar frå 2.halvår 2016. Barnevernet har difor mista den auka stillingsressursen på 20%. Fylkesmannen har gitt barnevertenesta midlar til 50% stilling som tiltaksarbeidar, der det vart gjort tilsetjing hausten 2016. Barnevernstenesta opplever stadig auke i tal meldingar. Barnevertenesta fylgjer opp alle meldingar. Det vert lite tid att til førebyggjande arbeid (barnevernsleiar).


Barnevernets hovedoppgave er å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade helse og utvikling, får nødvendig hjelp og omsorg. Barnevernet bistår foreldre i tilfeller hvor de har behov for hjelp i kortere eller lengre perioder. Tjenesten tilbyr foreldretrening og andre familie- og nærmiljøbaserte tiltak og metoder for å hjelpe barn og ungdom. Barn som lever med vold og overgrep, kan få alvorlige og varige psykiske og fysiske skader. For å avdekke barn og unge som har utfordringer, eller er utsatt for omsorgssvikt og vold og gi dem rett oppfølging så er det viktig at kommunene har formalisert samarbeid som er forankret i ledelsen med rutiner som kan følges opp over tid.

Kjelde: Folkehelsepolitisk rapport 2017 (s.109), Helsedirektoretet.


Fysisk, biologisk, kjemisk og sosialt miljø

Radon

Førekomsten av radon er generelt låg i tidlegare Sogn og Fjordane, men det førekjem enkelte lommer med høg konsentrasjon av radon (Norges Geologiske Undersøkelse). Kommunane har kartlagt radonførekomst ved at alle skular og barnehagar skal ha gjennomført radonmålingar.


Jølster kommune utfører radonmålingar på alle kommunale bygg kvart 5 år. Radonnivået skal alltid vere lågare enn 200Bq, og tiltak bør alltid gjennomførast når radonnivået overstig 100 Bq/m3. Desse nivåa blei innskjerpa i 2009. Kommunen starta med målingar i 2010, og har følgt opp med målingar i 2012, 2013 og 2014. Nokre bygg har vore i overkant av dei anbefalte verdiane. Dette har ein løyst med ventilasjon, ved å regulere driftstid og mengd luft inn og ut av bygningane. Tetting av golv for å unngå radoninntrenging i bygning har også vore gjort (tenesteleiar drift og kommunalteknikk, radonmålingar 2012-2013 kommunale bygg).

Kvalitet på drikkevatn

Kvaliteten på drikkevatnet blant kommunane i Sogn og Fjordane er generelt bra. Men det er nokre variasjonar mellom kommunane. Det er uklart kva som er årsaka, men det kan skuldast usikre eller manglande data. Dette vil gjelde vassverk der det er analysert for få prøver m.o.t E. coli til å kunne vurdere drikkevanns­kvaliteten (færre enn 95 % av krav til antal prøver) og vassverk som ellers mangler data eller har registrert resultat for seint. Kjelde: ''khs.fhi.no


Jølster kommune har fire kommunale vassverk. Desse vert innrapportert årleg, og den hygieniske kvaliteten og leveringsstabiliteten er for desse er 93,9% (tal frå 2014, FHI). Pr 1.juli 2012 var 55% av innbyggarane i Jølster tilknytt dei kommunale vassverka. Resten av innbyggarane har forsyning frå einskildanlegg eller frå private vassverk som det då var seks av i kommunen (Kommunedelplan for vassforsyning 2014-2025).


Drikkevatn fritt for smittestoff er ein vesentleg faktor for folkehelsa, og E.coli er ein av dei mest sentrale parameter for kontroll. E.coli er en tarmbakterie som indikerer fersk fekal forureining.  Kjelde: ''fhi.no.


Lovbrot

Kommunane i gamle Sogn og Fjordane ligg under landsgjennomsnittet for sikta personar per 1000 innbyggjarar samanlikna med resten av landet. I løpet av tidsrommet 2013 - 2018 har talet på sikta sunke jamt. Kjelde: ''SSB


Kriminaliteten blant befolkninga i Jølster er liten. Nokre gjengangarar innan rus og lovbrot er her, desse har oppfølging frå kommunen. Strafferettsleg har politiet hatt svært lite med dei to asylmottaka i Jølster å gjere. Etter det lokalt politi kjenner til, er det eit bra ungdomsmiljø med lite rus (Jølster lensmannskontor).


Frivillige lag og organisasjonar

Jølster kommune sin Plan for Folkehelse (2013) påpeikar behov for betre samarbeid mellom kommunen og frivillige lag og organisasjonar. Jølster frivilligsentral er ein betydeleg ressurs for kommunen og har god kontakt med både enkeltpersonar i frivillig arbeid og med lag og organisasjonar. Folkehelsekoordinator skal også bidra som kontakt for lag og organisasjonar og samarbeide med frivilligsentralen. Kommunen si nettside har kontaktinformasjon til dei ulike lag og organisasjonane i Jølster.

Ein har i 2016 laga ei brosjyre der ein har forsøkt å samla helsefremjande aktivitetar og tilbod for alle aldrar, mange frivillige er her representert. Legetenesta har spesielt etterspurt dette, og ynskjer å aktivt bruke oversikta i samhandling med pasientar som har behov for ulik type aktivitet.

Brosjyra vart lagt ut på legekontor, kommunehus, butikkar og bensinstasjonar i Jølster. 2017 utgåva av brosjyra blei i januar månad sendt ut til alle husstandar i kommunen.

Folkehelseteamet i Jølster kommune beståande av rådmann, kommunalsjefar, kommunelege, frivilligsentral og folkehelsekoordinator ynskjer årleg møte med frivillige lag og organisasjonar der alle kan komme med saker, og ein kan ta opp ulike tema som er av interesse for både kommunen og dei frivillige. Slike møter har funne stad både i 2016 og i 2017.

Eininga Næring og miljø har faste årlege møter med landbruksorganisasjonane/faglag, og deltek på årsmøter hos desse.


Frivillige organisasjoner representerer en betydelig ressurs i norsk samfunnsliv, også i forhold til samfunnsområder der det offentlige har påtatt seg ansvar og der ansvaret er reflektert gjennom tjenester som ytes til befolkningen. Kjelde: ''Stortingsmelding 47, kapittel 16


Mobbing og trivsel i skulen

Tala for mobbing i gamle Sogn og Fjordane ligg under gjennomsnittet for resten av landet. Utvalde kommunar i fylket har trend i positiv utvikling, med mindre mobbing generelt i skulen. Den same positive utviklinga ser ein i trivsel på skulane.

Det er viktig med fokus på vidare systematisk arbeid for å førebyggje mobbing i skule og barnehagar.


Årleg elevundersøking i 7 og 10 klasse viser lite mobbing og jamt over god trivsel og læringsmiljø i Jølster. Vassenden skule nyttar PALS som er eit skuleomfattande skulemiljøarbeid. Dette inneber planar for førebyggane arbeid, handlingsplanar for oppfølging av mobbesaker, andre tiltak med vekt på positiv involvering og oppmuntring, og føreseielege reaksjonar på negativ åtferd (rektor Vassenden skule). Skei skule har tiltaksplan mot mobbing, denne vert gått gjennom med alt personale kvar haust. Kvar vår vert det gjennomført ei intern trivselsundersøking frå 1 til 10 klasse, denne viser jamt over gode resultat. Skulen har også plan for sosial kompetanse 1.-10. klasse, og småskulen nyttar delvis eit program som heiter Zippy's venner der borna lærer om sosiale relasjonar og samhald. På ungdomssteget har ein i samarbeid med helsestasjonen fokus på psykisk helse med tema i kvar klasse. Ein arbeider for å skape positivt klassemiljø, takhøgd og gode relasjonar. Fokus på fysisk aktivitet bidreg også til auka trivsel (rektor Skei skule).


Barn og unge som opplever mobbing har betydelig økt risiko for å få psykiske problemer, søvnvansker og kroppslige plager som hodepine og magesmerter (Singham, 2017; Klomek, 2015).

Det finnes en rekke verktøy og programmer som kan forebygge mobbing og fremme god samhandling mellom barn og unge.

Når det gjelder digital mobbing, er det flere grunner til å være bekymret for konsekvensene: Det er vanskeligere å skjerme seg fra digital mobbing enn fra annen mobbing. Anonymiteten gjør at naturlige grenser for hvordan man oppfører seg mot andre, opphører. For den som blir mobbet er det vanskelig å stoppe eller begrense spredningen av digitalt innhold, og dette gjør situasjonen mer uforutsigbar og skremmende. Mobbingen kan nå ut til et stort publikum, noe som gjør at den som blir mobbet kan kjenne seg utrygg i alle sosiale situasjoner. (Kowalski, 2014; Slonje, 2008; Spears, 2015; Roland, 2014).Kjelde:www.fhi.no


Luft / Lyd

Drift og kommunalteknikk saman med rektorar ved skulane og styrarar i barnehagar i kommunen ynskte å ha luft og lyd som eige punkt i denne oversikta.

Luft

CO2 målingar gir eit bilde av om luftskiftet i eit rom er tilstrekkeleg. FHI`s anbefalingar på CO2 innhald i lufta er på 1000 ppm. Det er ikkje dokumentert at høge CO2 verdiar i seg sjølv gir helseeffekt, men det gir følelse av tung luft og sjenerande lukt (FHI, rapport 2013;7).

CO2 målingar gjort i 2011 og 2012 viser verdiar over 1000ppm på begge skulane i Jølster. På Skei skule ligg klasserom brukt av SFO og mellomtrinn innanfor med målingar på 500-600 ppm, medan barneskule og ungdomsskulen på Skei har varierande nivå over 1000 ppm, høgste målt til 1600 ppm på barneskulen.

Vassenden skule har CO2 konsentrasjonar som overskrid anbefalte nivå på spesialromfløy (1120-1420 ppm), og ungdomsskulen (1650 ppm). Andre bygg har balansert ventilasjon så inneklimaet er mykje betre.

God lufting i friminutt er vesentleg for å redusere verdiane. Høgste nivå utan lufting på grunn av kaldt ute målt til 2000 ppm i klasserom på ungdomsskulen på Vassenden. For alle rom med høge verdiar trengs balansert ventilasjonsanlegg, eit behov ein no har sett i fleire år (Inneklima kommunale bygg, Vassenden skule 2014, Skei skule 2013). Kommunestyret har vedteke at einskal bygge ventilasjonsanlegg på alle klasserom på Vassenden skule (ferdig i løpet av 2018), og på barneskulen på Skei (i løpet av 2017).


Lyd

Barneskulen på Skei har store problem med støy frå E39, dette kjem tydeleg fram i tiltaksplan etter årlege vernerunder. Same klasseromma treng lufting på grunn av dårleg luftkvalitet, men lufting avgrensar seg sidan støyen då vert svært forstyrrande. Jamfør akustikk-målingar gjort i klasserom på Skei barneskule våren 2016, så er heller ikkje det akustiske lydnivået i klasseromma optimal. Skei barneskule er eit gamalt murbygg, det eldste kommunale bygget i Jølster som er i bruk (rektor Skei skule). I løpet av 2017 skal det ved barneskulen på Skei bytast vindu og gjerast andre lyddempande tiltak (kommunestyrevedtak).

Skader og ulykker

Personskadar behandla i sjukehus

Utviklinga av personskader har gått jamt ned på lands-og fylkesbasis sidan 1950-talet. Kommunane har variasjon seg i mellom og noko variasjon frå år til år.

Jølster kommune ligg høgt, og sidan FHI gav ut første folkehelseprofilen i 2012 har dette punktet utmerka seg som eit der kommunen ligg dårlegare an enn resten av landet. Sogn og Fjordane fylke totalt ligg høgt her i forhold til resten av landet. Statistikken skil ikkje på kommunenivå mellom dei ulike diagnosane, så ein veit ikkje om det er spesielle ulykker som dominerer.

På landsbasis står landbruket for 20-30 % av alle dødsulykker i arbeidslivet, trass i at berre 3 prosent er sysselsett her. Ein veit lite om årsakar og tal ulykker i landbruket (www.bygdeforskning.no).


Blant eldre er hoftebrot spesielt alvorleg då det kan føre til redusert funksjonsevne og behov for hjelp, og dermed redusert livskvalitet. Blant ungdom og unge menn gjev trafikkulykker både redusert helse og tapte liv. Det er eit betydelie potensial for førebygging av skader og ulukker. Sjukehusbehandla personskader synar berre omfanget av dei alvorlegaste skadane.  Kjelde: ''fhi.no


Andre ulykker

Trafikkulykker: Drepne i trafikken varierer frå kommune til kommune. I følgje data frå kommuneprofilen.no (velg Sogn og Fjordane) har det vore meir enn ei halvering av drepne og skadde i trafikken i åra 2000-2018 i Sogn og Fjordane med nokre variasjonar frå år til år.

Drukningsulykker: Det druknar ca 100 personar årleg i Norge. Vaksne menn er overrepresentert på denne statistikken Tal frå Redningsselskapet viser at Sogn og Fjordane har lege på 3-10 drukningsulkker årleg i tidsrommet 2010-2019.

Brann: Sidan DSB starta registreringene av omkomne i brann i 1979 har det i snitt omkomme 61 personer kvart år i Norge. Over 80 prosent har omkomme i bustadbrann. Eldre og pleietrengande, personar med nedsatt funksjonsevne og rusavhengige er spesielt utsett. Tal fra DSB syner at cirka 75 prosent av dei som døyr i brann er i desse gruppene.Tal frå DSB viser at omkomne i brann i Sogn og Fjordane årleg er låge.

Helserelatert atferd

Fysisk aktivitet

Statistikkgrunnlaget for fysisk aktivitet blant barn og unge i Sogn og Fjordane er lite, resultata varierer frå år til år og mellom kommunane. På landsbasis oppfyller omlag 80-90 % av barn i barneskulealder tilrådingane om å vere fysisk aktive dagleg i over 60 minutt. Halvparten av 15- åringane oppfyller tilrådingane. Barn og unge sit stille store delar av dagen, omtrent halvparten av dagen sit 6-åringane stille. 15-åringane sit stille heile ni timar kvar dag heile veka gjennom. 

Tal frå Ungdata 2017 og 2018 viser at 80-95% av ungdom i Vestland er fysisk aktive på fritida.

Blant vaksne er det om lag 30 prosent som oppfyller tilrådingane. (kjelde; Folkehelserapporten 2014, fhi.no).


Skulane i Jølster har fokus på fysisk aktivitet. Skei skule har siste 10-11 åra praktisert 30 minutt fysisk aktivitet for alle elevar dei dagane dei ikkje har gym. I tillegg arrangerer skulen ski-veke, skidag, fjelldag og aktivitetsdagar for heile skulen (rektor Skei skule). Vassenden skule har Active Smart Kids (ASK) med 30 minutt fysisk aktivitet kvar skuledag som satsingsområde, i tillegg organiserer elevane sjølve «Friminutt aktiv» tre matfriminutt i veka (rektor Vassenden skule). Felles for skulane er mellom anna planlagde turar som sykkeldag, barmarkstur, vintertur med overnatting og dagstur på breen.

Frivillige lag og organisasjonar står for mykje organisert fysisk aktivitet i kommunen, trening og dans for folk flest, og dans for både seniorar og for barn.

Jølster idrettslag, gjennom sin allsidige aktivitet bidreg med eit betydeleg tilbod innan fysisk aktivitet for Jølstringar i alle aldrar. Idrettslaget har undergruppene Alpint, Barneidrett, Fotball, Fjelltrim, Friidrett, Handbak, Handball, Langrenn, Spinning, Volleyball og Jølster Maraton. Tilboda vert drifta på frivillig basis og ein er heilt avhengige av stor dugnadsinnsats for å oppretthalde tilboda.

Innbyggarane i Jølster har fleire tilgjengelege trimrom, treningssenter og langrennsløyper. Golfanlegg, alpinsenter, ei grasbane, to kunstgrasbaner for fotballaktivitet og skytebane i Dvergsdalsdalen.

Naturen i Jølster gjev store mogelegheiter til fysisk aktivitet heile året.


Regelmessig fysisk aktivitet er viktig for barn si vekst og utvikling. Helsedirektoratet anbefaler at barn og unge deltar i fysisk aktivitet med moderat eller høg intensitet i minimum 60 minutt dagleg. I tillegg bør barn og unge utføre aktivitet med høg intensitet minst tre gonger i veka. Vaksne bør ha moderat fysisk aktivitet 150 minutt kvar veke, eller 75 minutt med aktivitet med høg intensitet i veka.

Kjelde: Folkehelserapporten 2014, Fysisk aktivitet i Norge og Anbefalinger om kosthold,ernæring og fysisk aktivitet ( s.12) - Helsedirektoretet

Fysisk aktivitet kan gje eit betre sjølvbilde, betre sosial tilpassing, auka tru på eigen mestring og trivsel. I tillegg er fysisk aktivitet viktig for læring (FHI 2016; Barn, miljø og helse, risiko og helsefremmende faktorer).

Det er eit stort potensiale for auka fysisk aktivitet i det å gå- på fritida, gjennom daglege gjeremål og transport til og frå arbeid, skule og fritidsaktivitetar (Folkehelsemeldingen, Meld. St (2018-2019). Nyare forsking på fysisk aktivitet og helse gjennom livet syner at fysisk aktive vil ha langt betre fysisk og psykisk helse enn fysisk inaktive. Berre nokre få minuttar dagleg fysisk aktivitet tilsvarande rask gange, har stor helsegevinst.

For lite fysisk aktivitet kan auke risikoen for sjukdommar som hjerteinfarkt, kreft og type 2 diabetes. Inaktivitet og mykje stillesitting er knytt til auka risiko for fleire folkesjukdommar og død før 70 års alder.

Kjelde: https://www.fhi.no/nettpub/hin/levevaner/fysisk-aktivitet/


Kosthald

Tal frå Samhandlingsbarometeret og Ungdata 2017 viser at berre 20-40% av barn og unge mellom 11 og 15 år et frukt og bær dagleg. Det er liknande resultat i den vidaregåande skulen, men det er lite data tilgjengeleg når det gjeld dette. Det er interessant å observere at jenter generelt et meir frukt og grønsaker i alle aldersgrupper. Tala seier ikkje noko om variasjon i kosthald eller i kva form frukt og grønsaker vert konsumert.

Kosthald er tema allereie på helsestasjonen. Skulane har tilbod om skulefrukt og skulemjølk. Tilsette i barnehagar, SFO og lærarar i faget mat og helse har delteke på fiskeprell kurs og nyttar fisk og matlaging ute i arbeidet med barna (Leiarar for dei ulike tenestene). Fokus på sunn mat og kurs for foreldre har det vore ynskje om.

I eldreomsorga er kosthald eit prioritert fokusområde frå regjeringa. Området bør få meir fokus enn det har i dag. I heimetenesta i Jølster vert det gjort kartlegging av ernæringsstaus av utsette grupper, med månadleg oppfølging og vektkontroll. Fokuset er underernæring, men her er behov for å ha fokus på overvekt også (tenesteleiar heimetenesta Skei).


Sunt og variert kosthald, kombinert med fysisk aktivitet er bra for både kropp og velvære. Med riktig kosthald kan ein førebygge sjukdom. Ofte kan små grep i kvardagen ha stor betyding for helsa. Matvarer merka med Nøkkelhol er eit hjelpemiddel for å ta dei små, sunne grepa i kvardagen. Det er anbefalt å ete minst fem porsjoner grønsaker, frukt og bær dagleg. Kjelde: ''Helsedirektoratet. Kostholdsråd.


Mange barn får i seg for mykje sukker gjennom brus eller saft. Ein halv liter brus eller saft inneheld om lag 50 gram sukker som svarar til 25 sukkerbitar. Kjelde: 'Matportalen.no, Helsedirektoratet

Måla for Nasjonal handlingsplan for bedre kosthold i befolkningen (2017 – 2021) fram mot 2021 er:

– å auke forbruket av grønsaker, frukt og bær, grove kornvarer og fisk med 20 prosent

– å redusere innhaldet av tilsett sukker i kosten til 11 energiprosent

– å redusere innhaldet av metta feitt i kosten til 12 energiprosent

– å redusere innhaldet av salt i kosten frå 10 gram til 8 gram per dag.

Kjelde: 'Meld.St.19 Folkehelsemeldingen 2018-2019. Gode liv i eit trygt samfunn (s.120).


Overvekt

Andel gravide med KMI over 25 har vore stabilt høg siste 5 år. Sesjonstal frå 2011 til 2018 viser at andel med KMI over 25 frå Sogn og Fjordane har lege stabilt på kring 26%, som er relativt høgt.

Nasjonale tal syner at i perioden 2005-2018 har andel 8 og 9 åringar med overvekt og fedme vore stabil, på ca 20 %.

Frå 2005-2011 auka andel 15 åringar med overvekt eller fedme. Blant 15 årige gutar har andel med overvekt eller fedme halde seg relativt stabil. Ein ser ein liten auke i overvekt eller fedme blant 15 årige jenter. I 2005 var andelen 15 år gamle jenter med overvekt eller fedme omlag 16 %, mens den i 2018 var omlag 21%.

Tromsøundersøkinga og Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag tyder på at dei fleste vaksne har enten overvekt eller fedme, og at mindretalet har normal vekt.

Cirka 1 av 4 middelaldrande menn og 1 av 5 kvinner har no fedme med kroppsmasseindeks på 30 kg/m2 eller over. Andelen har auka dei siste 40-50 åra.

Kroppsmasseindeks (KMI) gjev uttrykk for vekt i forhold til høgde og vert nytta til å kunne måle og samanlikne helserisikoen ved blant anna overvekt i ei befolkning. WHO har satt følgjande grenseverdi for å klassifisere overvekt og fedme blant vaksne over 18 år ved hjelp av KMI (kg/m²): 

KMI på mellom 25 og 29,9 = overvektig 

KMI på 30 og over = fedme 


Overvekt og fedme gjev auka risiko for type 2-diabetes, hjerte- og karsjukdom, høgt blodtrykk, slitasjegikt i kne og hofter og enkelte kreftsjukdomar som tjukktarmskreft. Overvekt og fedme kan også ha alvorlige psykiske helsekonsekvensar. Det er ingen klar KMI-grense for når sjukdomsrisiko aukar eller fell, overgangane er glidande. 


Erfaring viser at det for dei fleste er vanskelig å oppnå varig vektreduksjon når ein først har blitt overvektig. Førebygging av overvekt med tiltak som kan påverke mat- og aktivitetsvanar er derfor viktig. Kjelde: ''fhi.no

Søvn

Insomni (søvnvansker) er den vanligste søvnforstyrrelsen og blant de vanligste helseplagene i alle aldersgrupper. Søvn er viktig for god helse. I de siste årene har vi fått mer kunnskap om søvnens betydning for helse og folkehelse. Dårlig eller for lite søvn kan påvirke humør, konsentrasjonsevne og yteevne (Folkehelserapporten, 2018).

Fullversjon av folkehelserapporten finn du her

Ungdom mellom 14 og 18 år har større søvnbehov en yngre barn og voksne. Dei treng litt over 9 timar søvn per natt. Ellers er hovudregelen at voksne treng 7 ½ til 8 timer søvn. 8-åringar skal legge seg ca kl. 20.00 og så legge seg eit kvarter seinare for kvart år. Ingen skulebarn/ungdom bør legge seg seinere enn kl. 21.30. (kjelde: ung.no). Nasjonale undersøkingar syner at ungdom i snitt berre søv 6,5 timar per natt på vekedagane (Folkehelserapporten 2018).Ein stor norsk studie syner at ungdom søv to timar mindre enn anbefalt på vekedagane).

Røyking og rusmidlar

Utvalde kommunar i Sogn og Fjordane har sett ein fallande trend for kvinner som røyker under svangerskapet. Tala for røykevanar frå vidaregåande skule er låge, men ein manglar samanlikningsgrunnlag frå fleire år. Tal frå Ungdata 2017 viser at 85-95% av ungdomsskule elevane oppgir at dei aldri har røykt, medan 60-75% av elevane på vidaregåande seier det same. Tala frå Sogn og Fjordane føl trenden for den norske befolkninga som viser ein kraftig nedgang i røykarar i Noreg siste åra, spesielt blant ungdom.


Ein høg del av elevar i 10. klasse har prøvd snus. Tala beskriv ikkje den daglege bruken av snus.


Tal frå vidaregåande om ungdom som har prøvd narkotiske stoff ligg lågt i gamle Sogn og Fjordane.



Røyking er ein av dei viktigaste årsakene til redusert helse og levealder. Omtrent halvparten av dei som røyker daglig i mange år, dør av sjukdomar som skuldast tobakk. I tillegg råkast mange av sjukdommar som fører til helseplager og redusert livskvalitet. Studiar viser at dei som røyker dagleg, i snitt dør 10 år tidligare enn ikkje-røykarar, og 25 prosent av dei som røyker dagleg dør 20-25 år tidligare enn gjennomsnittleg levealder for ikkje-røykarar. Kjelde: fhi.no

Røykevanar er knytt opp mot sosial ulikskap i helse. Kjelde: ''SIRUS.no (kapittel 3.3.4)

Bruk av snus aukar risiko for kreft i bukspyttkjertel, spiserøyr og munnhole og har fleire andre negative effektar. Snus aukar risiko for dødfødde og for tidleg fødsel. Kjelde: Helsedirektoratet. Helseskader av snus.


Helsetilstand

Tannhelse

Tannhelsa til barn og unge i Sogn og Fjordane er rekna for å vere stabilt god og ligg over landsgjennomsnittet.


Dei siste 30 åra har tannhelsa betra seg mykje. Fleire barn og unge har ingen eller få hol i tenna. Endå varierer tannhelse med alder, økonomi, og kvar i landet ein bur. Kjelde: fhi.no


Sjukehusinnleggingar generelt

Tal på innleggingar på sjukehus for pasientar i Sogn og Fjordane har vore relativt stabil frå 2015-2019. Det er usikkert kva som er årsak til auka frå åra før.


Diabetes

Bruk av legemiddel til behandling av type 2-diabetes har auka gradvis frå 2008 til 2018, både nasjonalt og i kommunane. Tala for dei utvalde kommunane varierer.


Ein reknar at ca 350.000 personer i Noreg har diabetes type 2, og at halvparten av desse ikkje veit dei har sjukdommen. Ca 28.000 personar har diabetes type 1. Kjelde:Diabetes.no.

Kosthald, mosjon og vektreduksjon kan for nokre normalisere blodsukkeret og halde sjukdomen under kontroll, og er ein sentral del av behandlinga for alle med sjukdommen. Moderne retningslinjer for behandling av diabetes legg likevel i aukande grad vekt på nytta av medikamentell behandling for å redusere førekomsten av seinkomplikasjonar av sjukdommen (tap av syn, amputasjon, hjarte/kar-sjukdommar, sår, nyresjukdom), som er den viktigaste årsaken til redusert helse og økte helsekostnader for denne sjukdommen. Overvekt er ein viktig risikofaktor for utvikling av type 2-diabetes og førekomst av type-2 diabetes kan derfor spegle befolkninga sine levevaner. Kjelde:Helsebilioteket


Hjerte- og karsjukdomar

Det har sidan 2002 vore ein jamn reduksjon i dødelegheit (0-74 år) av hjerte- og karsjukdom. Dette kan skuldast både meir effektiv behandling og førebygging, men også auka levealder i befolkninga generelt.


Muskel- og skjelettlidingar

Sogn og Fjordane ligg rett over landsgjennomsnittet i registrering av muskel og skjelettlidingar i primærhelsetenesta. Liknande trend finn ein og i spesialisthelsetenesta, medan lårbeinsbrot ligg på landsgjennomsnittet.

Muskel- og skjelettsykdommer omfatter blant annet smertetilstander i rygg og nakke, revmatiske sykdommer (som leddgikt og artrose) samt osteoporose (benskjørhet) som forårsaker mange hoftebrudd blant eldre.

Kreft

I Vestland har dødelegheit av kreft vore stabil siste 5 åra . Nye krefttilfelle har auka jamt i same periode. Tala frå Vestland føl nasjonal utvikling.


Årsak til kreftsjukdom er knytt til miljøpåverknader og arvemateriale. Ein reknar at det er få tilfelle av kreft der arv er einaste årsak. Førebygging av kreftsjukdom er knytt til reduksjon i eksponering av miljøgifter, å redusere tobakksrøyking, redusere alkoholkonsum, auke inntak av frukt og grønsaker, auke fysisk aktivitet, førebygge overvekt og unngå å bli solbrend. Kjelde: ''fhi.no

Årsak til auke i krefttilfelle kan vere aukande alder i befolkninga og betring i diagnostiske verktøy. Kjelde: ''fhi.no


Psykiske lidingar og plager

På oversikt over registrerte psykiske lidingar i primærhelsetenesta ligg Vestland under landsgjennomsnittet. Det er stor variasjon i data mellom dei utvalde kommunane, noko som kan forklarast med lavt talmateriale i enkelte kommunar. Ein har for lite data til å kunne vurdere utviklinga.

Ei rekke undersøkingar syner at låg sosioøkonomisk status, målt som kort utdanning eller lav inntekt, har samanheng med risiko for psykiske plager. Psykiske lidingar i barne- og ungdomsår ser ut til å ha meir vidtrekkande negative konsekvensar enn somatisk sjukdom. Døme er fråfall i skule, lausare tilknyting til arbeidsmarkedet, økonomiske vanskar og vanskar i nære relasjonar. Barn som syner tegn på psykiske plager eller som er eksponert for alvorlege risikoforhold bør fangast opp på eit tidleg tidspunkt i helsestasjon, barnehage og skule.

I arbeidet med psykisk helse må det leggast vekt på miljøfaktorar og dei forhold som påverkar psykisk helse og trivsel i populasjonen. Det måt fokuserast på folk sine betingelsar for meistring; forhold i menneska sitt miljø og på dei arena som fremmar meistring, tilfredsheit, tilhørigheit, utvikling og vekst, oppleving av meining, autonomi og positive relasjonar ( Folkehelserapporten 2018). Høg livskvalitet har samanheng både med betre fysisk helse og færre psykiske plager og lidingar. Livskvalitet og trivsel synast òg å ha positive konsekvensar for den fysiske helsetilstanden, muligens på grunn av positive effektar på sosiale relasjoner, livsstil og helseatferd, stress, ulykkesforekomst og generell meistring, men også direkte på immunforsvaret og hjerte- og karsystemet (fhi.no).

Psykiske lidingar er i dag ein av dei store helse- og samfunnsutfordringane i Norge og er eit satsingsområde nasjonalt. Ulike studiar syner at mellom 16 og 22% av den vaksne befolinga har ei psykisk liding i ein periode på 12 månader. Dei vanlegaste er angstlidingar, depresjon og rusbrukslidingar. For barn og unge viser befolkingsstudier i Norge at om lag 7 % av alle barn og førskulealder og skulealder har symptom som kan tyde på ei psykisk liding (Folkehelsemeldingen, Meld. St.19 (2018-2019)).

Dei tre vanligaste gruppene psykiske lidingar er angstlidingar, depressive lidingar og alkoholmisbruk. Førekomsten har vore stabil i den norske befolkninga siste 10 år. Kjelde: ''Folkehelseinstituttet: Psykiske lidelser i Norge: Et folkehelseperspektiv (s 22)

Psykiske lidingar i barne- og ungdomsåra aukar risikoen for fysisk sjukdom, fråfall frå skulen, lausare tilknyting til arbeidsmarknaden og rusmisbruk. Barn som viser teikn til psykiske plager, eller som er eksponert for alvorlege risikoforhold bør fangast opp på eit tidleg tidspunkt. Helsestasjon, barnehage og skule er sentrale arenaer. Kjelde: ''Folkehelserapporten 2014


Røyking og rusmidlar

Utvalde kommunar i Sogn og Fjordane har sett ein fallande trend for kvinner som røyker under svangerskapet. Tala for røykevanar frå vidaregåande skule er låge, men ein manglar samanlikningsgrunnlag frå fleire år. Tal frå Ungdata 2017 viser at 85-95% av ungdomsskule elevane oppgir at dei aldri har røykt, medan 60-75% av elevane på vidaregåande seier det same. Tala frå Sogn og Fjordane føl trenden for den norske befolkninga som viser ein kraftig nedgang i røykarar i Noreg siste åra, spesielt blant ungdom.


Ein høg del av elevar i 10. klasse har prøvd snus. Tala beskriv ikkje den daglege bruken av snus.


Tal frå vidaregåande om ungdom som har prøvd narkotiske stoff ligg lågt i gamle Sogn og Fjordane.


Jølster kommune vart tobakksfri kommune 1.september 2016.


Røyking er ein av dei viktigaste årsakene til redusert helse og levealder. Omtrent halvparten av dei som røyker daglig i mange år, dør av sjukdomar som skuldast tobakk. I tillegg råkast mange av sjukdommar som fører til helseplager og redusert livskvalitet. Studiar viser at dei som røyker dagleg, i snitt dør 10 år tidligare enn ikkje-røykarar, og 25 prosent av dei som røyker dagleg dør 20-25 år tidligare enn gjennomsnittleg levealder for ikkje-røykarar. Kjelde: fhi.no

Røykevanar er knytt opp mot sosial ulikskap i helse. Kjelde: ''SIRUS.no (kapittel 3.3.4)

Bruk av snus aukar risiko for kreft i bukspyttkjertel, spiserøyr og munnhole og har fleire andre negative effektar. Snus aukar risiko for dødfødde og for tidleg fødsel. Kjelde: Helsedirektoratet. Helseskader av snus.


Helsetilstand

Tannhelse

Tannhelsa til barn og unge i Sogn og Fjordane er rekna for å vere stabilt god og ligg over landsgjennomsnittet.

Tannlegekontoret i Jølster vart i 2016 lagt ned. Næraste tannlegekontor er i Førde og på Sandane.


Dei siste 30 åra har tannhelsa betra seg mykje. Fleire barn og unge har ingen eller få hol i tenna. Endå varierer tannhelse med alder, økonomi, og kvar i landet ein bur. Kjelde: fhi.no


Sjukehusinnleggingar generelt

Tal på innleggingar på sjukehus for pasientar i Sogn og Fjordane har vore relativt stabil frå 2015-2019. Det er usikkert kva som er årsak til auka frå åra før.


Diabetes

Bruk av legemiddel til behandling av type 2-diabetes har auka gradvis frå 2008 til 2018, både nasjonalt og i kommunane. Tala for dei utvalde kommunane varierer.


Ein reknar at ca 350.000 personer i Noreg har diabetes type 2, og at halvparten av desse ikkje veit dei har sjukdommen. Ca 28.000 personar har diabetes type 1. Kjelde:Diabetes.no.

Kosthald, mosjon og vektreduksjon kan for nokre normalisere blodsukkeret og halde sjukdomen under kontroll, og er ein sentral del av behandlinga for alle med sjukdommen. Moderne retningslinjer for behandling av diabetes legg likevel i aukande grad vekt på nytta av medikamentell behandling for å redusere førekomsten av seinkomplikasjonar av sjukdommen (tap av syn, amputasjon, hjarte/kar-sjukdommar, sår, nyresjukdom), som er den viktigaste årsaken til redusert helse og økte helsekostnader for denne sjukdommen. Overvekt er ein viktig risikofaktor for utvikling av type 2-diabetes og førekomst av type-2 diabetes kan derfor spegle befolkninga sine levevaner. Kjelde:Helsebilioteket


Hjerte- og karsjukdomar

Det har sidan 2002 vore ein jamn reduksjon i dødelegheit (0-74 år) av hjerte- og karsjukdom. Dette kan skuldast både meir effektiv behandling og førebygging, men også auka levealder i befolkninga generelt.


Muskel- og skjelettlidingar

Sogn og Fjordane ligg rett over landsgjennomsnittet i registrering av muskel og skjelettlidingar i primærhelsetenesta. Liknande trend finn ein og i spesialisthelsetenesta, medan lårbeinsbrot ligg på landsgjennomsnittet.

Muskel- og skjelettsykdommer omfatter blant annet smertetilstander i rygg og nakke, revmatiske sykdommer (som leddgikt og artrose) samt osteoporose (benskjørhet) som forårsaker mange hoftebrudd blant eldre.

Kreft

I Vestland har dødelegheit av kreft vore stabil siste 5 åra . Nye krefttilfelle har auka jamt i same periode. Tala frå Vestland føl nasjonal utvikling.


Årsak til kreftsjukdom er knytt til miljøpåverknader og arvemateriale. Ein reknar at det er få tilfelle av kreft der arv er einaste årsak. Førebygging av kreftsjukdom er knytt til reduksjon i eksponering av miljøgifter, å redusere tobakksrøyking, redusere alkoholkonsum, auke inntak av frukt og grønsaker, auke fysisk aktivitet, førebygge overvekt og unngå å bli solbrend. Kjelde: ''fhi.no

Årsak til auke i krefttilfelle kan vere aukande alder i befolkninga og betring i diagnostiske verktøy. Kjelde: ''fhi.no


Psykiske lidingar

Jølster-antidep.JPG

På oversikt over registrerte psykiske lidingar i primærhelsetenesta ligg Vestland under landsgjennomsnittet. Det er stor variasjon i data mellom dei utvalde kommunane, noko som kan forklarast med lavt talmateriale i enkelte kommunar. Ein har for lite data til å kunne vurdere utviklinga.

Ei rekke undersøkingar syner at låg sosioøkonomisk status, målt som kort utdanning eller lav inntekt, har samanheng med risiko for psykiske plager. Psykiske lidingar i barne- og ungdomsår ser ut til å ha meir vidtrekkande negative konsekvensar enn somatisk sjukdom. Døme er fråfall i skule, lausare tilknyting til arbeidsmarkedet, økonomiske vanskar og vanskar i nære relasjonar. Barn som syner tegn på psykiske plager eller som er eksponert for alvorlege risikoforhold bør fangast opp på eit tidleg tidspunkt i helsestasjon, barnehage og skule.

I arbeidet med psykisk helse må det leggast vekt på miljøfaktorar og dei forhold som påverkar psykisk helse og trivsel i populasjonen. Det måt fokuserast på folk sine betingelsar for meistring; forhold i menneska sitt miljø og på dei arena som fremmar meistring, tilfredsheit, tilhørigheit, utvikling og vekst, oppleving av meining, autonomi og positive relasjonar ( Folkehelserapporten 2018). Høg livskvalitet har samanheng både med betre fysisk helse og færre psykiske plager og lidingar. Livskvalitet og trivsel synast òg å ha positive konsekvensar for den fysiske helsetilstanden, muligens på grunn av positive effektar på sosiale relasjoner, livsstil og helseatferd, stress, ulykkesforekomst og generell meistring, men også direkte på immunforsvaret og hjerte- og karsystemet (fhi.no).


Psykiske lidingar er i dag ein av dei store helse- og samfunnsutfordringane i Norge og er eit satsingsområde nasjonalt. Ulike studiar syner at mellom 16 og 22% av den vaksne befolinga har ei psykisk liding i ein periode på 12 månader. Dei vanlegaste er angstlidingar, depresjon og rusbrukslidingar. For barn og unge viser befolkingsstudier i Norge at om lag 7 % av alle barn og førskulealder og skulealder har symptom som kan tyde på ei psykisk liding (Folkehelsemeldingen, Meld. St.19 (2018-2019)).

Dei tre vanligaste gruppene psykiske lidingar er angstlidingar, depressive lidingar og alkoholmisbruk. Førekomsten har vore stabil i den norske befolkninga siste 10 år. Kjelde: ''Folkehelseinstituttet: Psykiske lidelser i Norge: Et folkehelseperspektiv (s 22)

Psykiske lidingar i barne- og ungdomsåra aukar risikoen for fysisk sjukdom, fråfall frå skulen, lausare tilknyting til arbeidsmarknaden og rusmisbruk. Barn som viser teikn til psykiske plager, eller som er eksponert for alvorlege risikoforhold bør fangast opp på eit tidleg tidspunkt. Helsestasjon, barnehage og skule er sentrale arenaer. Kjelde: ''Folkehelserapporten 2014