Kinn kommune

Fra Folkehelseoversikt.no
Revisjon per 26. jun. 2020 kl. 09:31 av Elisabeth Solheim (diskusjon | bidrag) (ny tekst)

Hopp til: navigasjon, søk

Befolkningssamansetnad

Folketalsutvikling

Befolkninga i Vestland har på fylkesbasis hatt vekst siste fem åra. Ein ser vekst i dei største kommunane, medan mindre kommunar har hatt negativ eller svingande befolkningsutvikling. Det er ein generell trend at folketalet aukar i alder over 80 og at det er ein reduksjon i gruppa 0-17 år.

Kinn kommune var i ved inngangen til 2020 registrert med 17207 innbyggjarar. Kinn har hatt ein liten nedgang i folketalet siste åra som er knytt til netto utflytting og fødselsunderskot.

Ein opplev ein nedgang i barnefødslar i 2018. Kinn kommune har mindre barnefødslar samanlikna med landet og fylket.

Befolkningsutvikling blir sett på som ein indikator for regional utvikling. Ønsket om befolkningsvekst har samanheng med fleire forhold som kommunens inntektsgrunnlag og tilgang på arbeidskraft. Utvikling i innbyggjarartal har betyding for kommunen sine planar på omfang og kvalitet av dei ulike tenestane som skal leverast til innbyggjarane i framtida.


Folketalsframskrivingar

Kommunane i Vestland kan forvente at andel eldre over 80 år aukar kraftig fram mot 2040. Folketalsutviklinga i alderesgruppa 0-17 år er meir usikker. Ein vil truleg sjå ein nedgang i folketal i den yngste aldersgruppa i åra som kjem. Det er verdt å merke at SSB vil oppdatere sine berekningar i juni 2020.

Demografisk framskrivinga viser at Kinn får ein betydeleg vekst av innbyggarar over 80 år. Samstundes er fødselstala historisk sett låge. Det er stor usikkerheit knytt til framskriving av folketal for barn og unge fordi utviklinga i mykje større grad vert bestemt av flyttemønsteret til eldre aldersgrupper samt at det dei siste åra har vore svært låge fødselstal.

Høg levealder betyr at folk er ved god helse og at vi har gode velferdsordningar, fleire eldre betyr også at det blir fleire som er sjuke og som har behov for helse- og omsorgstenester. Kjelde: 'St.meld. nr. 47, 2008-2009, Samhandlingsreformen.Berekningar har vist at forventa auke i levealder i Noreg vil føre til meir enn dobling i førekomst av demens frå 2015 til 2050, dersom aldersspesifikk utbreiing held seg på dagens nivå. Kjelde: 'Folkehelserapporten 2014. Kommunen må ha ein langsiktig plan for å førebu det aukande tal eldre som vil gje auka belastning på kommunen sitt helse og velferdsapparat.

Etnisk samansetting og utvikling

Innvandrarar har kome til Norge på grunn av arbeid, gjennom familie, som flyktningar eller for å ta utdanning. I 2018 var arbeid den viktigaste innvandringsgrunnen.

I fylgje SSB var det per 5. mars 2019 omlag 944 402 med innvandrarbakgrunn busett i Noreg. Dette utgjer 17.7 % av befolkinga. Det har vore ein mindre tilvekst av innvandrarar dei siste åra. Dei fleste av innvandrarane kjem frå Europa.

Kinn kommune har eitt mottak, Solbakken asylmottak som ligg i Florø og har plass til 130 personar.

Dei siste 10 åra har det vore ei auke i innvandring til kommunen. Denne trenden føl nasjonale og regionale trendar.

Det er store helsemessige forskjellar mellom grupper av innvandrarar og mellom innvandrarar og etnisk norske. Forskjellane omfattar både fysisk og psykisk helse, i tillegg til helseåtferd. Flyktningar er ei spesielt sårbar gruppe med ekstra folkehelseutfordringar. Vanskar med kommunikasjon og kulturelle forskjellar kan gjere det vanskelig å komme til kjernen av problemet. Det kan vere spesielt vanskeleg å avdekke psykiske sjukdomar. Fysisk inaktivitet, overvekt og fedme er utbredt. Diabetes og hjerte- karsjukdom førekjem hyppigare blant innvandrar frå Afrika og Asia. Kjelde: ''Folkehelserapporten 2014, Folkehelseinstituttet

Kommunen skal mellom anna yte tilfredsstillande helsehjelp, førebyggjande smitteverntiltak, psykososial oppfølging og tannhelsehjelp. Kjelde: ''Helsedirektoratet: Veileder for helsetjenestetilbudet til asylsøkere, flyktninger og familiegjenforente

Kommunal kompetanse om helse blant flyktningar og innvandrarar er viktig for å lukkast med helsefremjande og førebyggjande arbeid. Tiltak som reduserer språkvanskar og lettar integreringa er viktig folkehelsearbeid.


Oppvekst- og levekår

Låginntekt hushaldning

Noreg har hatt ein liten, men jamn auke av hushaldningar med under 60% av nasjonal medianinntekt (EU60) siste fem år.

Sogn og Fjordane har følgd same trend, men ligg under under nasjonalt nivå. Trendane på kommunalt nivå føl fylkesutviklinga, I løpet av 2015 og 2016 opplevde nokre av kommunene ei prosentvis auke og steig over nasjonalt og fylkeskommunalt nivå. Grunna lågt talmateriale er det vanskeleg å tolke resultata. Kjelde: fhi.no


Andelen som bur i hushaldningar med låg inntekt, er lågare i Kinn enn i landet som heilheit. Låg hushaldningsinntekt vil seie at inntekta er under 60 % av median hushaldningsinntekt i Norge.


Inntekt og økonomi er grunnleggande påverknadsfaktorar for helse. Forsking viser at det er samanheng mellom inntektsnivå og helsetilstand. Lav inntekt aukar sannsynet for dårleg helse, sjukdom og tidleg død. Kjelde: fhi.no. Studiar viser at levevanar føl inntekt- og utdanningsnivå. Barn og unge av foreldre med lav sosioøkonomisk status har også auka risiko for langvarige sjukdomar og plagar. Reduserte sosiale helseforskjellar er eit viktig mål i folkehelsearbeidet. Innsats for å gjere noko med levekår, som arbeid og utdanning, kan bidra til å fremje helse og jamne ut sosiale helseforskjellar. Ei utjamning av dei sosiale helseforskjellane gjev eit stort potensiale for forbetring av folkehelsa. Kjelde: Folkehelserapporten, 2014


Einslege forsørgjarar

Einslege forsørgjarar har vore stabilt i Noreg siste 5 åra. Vestland ligg igjen under landsgjennomsnittet. Tala for enkelt kommunar i Vestland varierar kommunane i mellom, men dei fleste har hatt flat utvikling over tid. Tala for einslege forsørgjarar speglar ikkje tala for låginntekt hushaldning.


Kinn kommune føl nasjonale og regional trend i forhold til einslege forsørgjarar.

Analyser viser at einslege forsørgjarar oftare har lav inntekt enn hushaldningar med fleire vaksne medlemmar. Tap av forsørgjar gjennom samlivsbrot eller død fører for mange til økonomiske problem. Kjelde: 'fhi.no.'


Arbeidsløyse

Utviklinga av arbeidsløyse i Noreg og Vestland har svinga mellom 1-3% siste 5 åra. Vestland ligg under landsgjennomsnittet for arbeidsløyse. Det er forskjellar mellom kommunar i Vestland, dette ofte grunna nedleggingar og permiteringar i enkelt bedrifter. For kommunar med lågt folketal påverkar permiteringar statistikken ekstra mykje.


Kinn kommune har siste året hatt høgare arbeidsløysetal enn regionen. Helt ledige - www.nav.no. Under covid-19 situasjonen ser ein ei kraftig auke i heilt ledige for mars og april 2020. Det er ein liten betring i tala for mai 2020.


Ein reknar arbeidsledige for å vere ei utsett gruppe, både økonomisk, helsemessig og sosialt. Kjelde: ''fhi.no

Utfordringen framover vil være å holde sysselsettingen høy og bevare de likhetsbevarende trekkene i den nordiske modellen som blant annet bidrar til liten lønnsspredning. Det er en utfordring at noen grupper er betydelig mer utsatt for lavinntekt enn andre, og at noen blir værende i lavinntektsgruppen over lang tid. Særlig er det en utfordring at andelen barn som lever i lavinntektsfamilier har økt de siste årene. Det gjelder særlig barn av innvandrere og aleneforeldre. Det er betydelige forskjeller i lavinntekt. Det er derfor en utfordring å holde en høy sysselsetting i alle deler av landet og sørge for at alle kommuner er rustet til å ivareta de oppgavene de har overfor sårbare grupper. De fleste med lavinntekt har svak tilknytning til arbeidslivet og får en vesentlig del av inntekten gjennom offentlige overføringer. Det gjelder blant annet nyankomne flyktninger, personer med nedsatt funksjonsevne og grupper med kort utdanning. De som faller utenfor arbeidsmarkedet faller også lett utenfor andre deler av velferdssamfunnet og de har dårligere helse enn andre grupper i befolkningen. Mange med lavinntekt har psykiske problemer og/eller rusproblemer.

Kjelde: Folkehelsemeldingen (s 40)


Sjukefråvær

Sjukefråværet i Vestland har vore stabilt rundt 4%. Kommunane viser variasjon rundt fylkesgjennomsnitt. Folketalet i kommunane gjer at ein får kraftige utslag i prosentvis endring frå år til år, dette gjerne utan at sjukefråværet totalt har endra seg mykje.


I Kinn er det høgare legemeldt fråvær samanlikna med gamle Sogn og Fjordane og landet generelt.


Sjukefråværet vil bli påverka av fleire faktorar. Muskel- og skjellettlidingar og psykiske lidingar dominerer

statistikken sjukefråværsstatistikken. Kjelde: ''nav.no.

Universell innsats mot muskel- og skjellettlidingar og psykiske lidingar vil truleg gje størst helsegevinst.


Uføretrygd

Vestland ligg nært landsgjennomsnittet for prosent av befolkninga som tar i mot uføretrygd. Utviklinga er stabil med noko variasjon frå år til år. Det er noko statistisk variasjon blant kommunane i Vestland. Noko kan skuldast lokale forhold med jobbtilbod og utdanningsnivå, noko kan skuldast lavt talmateriale. Nokre av kommunane har til dømes ikkje offentlege tal grunna lavt folketal. Ein kan ikkje trekke sikre konklusjonar om trendar på kommunenivå grunna lavt talmateriale.


Kinn kommune har hatt ei auke i mottakarar av uføreytingar siste åra. Trenden siste 5 åra er at tala aukar meir enn fylket og landet generelt.

Gruppa som tar i mot uføretrygd er ei utsett gruppe for negativ helsepåverknad. Kor mange som tar i mot uføretrygd er ein indikator på helsetilstand, men må sjåast i samanheng med næringsliv, utdanningsnivå og jobbtilbod i kommunen.  De siste ti år har andelen som får sjukmelding og uføretrygd vore høgare i Noreg enn i andre OECD-land. Auka helseproblem i befolkninga kan ikkje forklare dette. Årsakene til sjukefråvær og uførepensjon er vanskelige å fastslå. Ofte er dei samansette, og forhold som usikker arbeidssituasjon, nedbemanningar og livsstilsfaktorar kan påverke sjukefråværet og andelen som søkjer om uføretrygd. Kjelde: ''fhi.no


Mottakarar av stønad til livsopphold

Mottakarar av stønad til livsopphold varerier mykje mellom kommunane i Vestland. Dette er truleg grunna individuelle lokale forhold.


Kinn ligg omlag på landsnivå i høve mottakarar stønad til livsopphald.


Grupper som står utenfor arbeidsliv og skole har oftere dårligere psykisk helse og mer usunne levevaner enn de som er i arbeid. De siste ti årene har andelen som får sykemelding og uføretrygd vært høyere i Norge enn i andre OECD-land. Økte helseproblemer i befolkningen kan ikke forklare dette. Årsakene til sykefravær og uførepensjon er vanskelige å fastslå. Ofte er de sammensatte, og forhold som usikker arbeidssituasjon, nedbemanninger og livsstilsfaktorer kan påvirke sykefraværet og andelen som søker om uføreytelser. Flertallet av sykemeldinger og langvarige trygdestønader gis for muskel- og skjelettlidelser og psykiske lidelser som angst og depresjon.

Kjelde: fhi.no


Utdanningsnivå

Vestland har opplevd ein jamn nedgang i antall personar i alderen 30-39 år som har fullført høgare utdanning siste 5 år. Ein ser i varierande grad den same trenden i kommunane som i fylket, med auke i antal med fullført høgskule, og jamn nedgang totalt med størst nedgang i antal med fullført vidaregåande. Dette kan truleg knyttast til jobbtilbod og demografiske endringar.


Innbyggjarane i Kinn kommune har lågare utdanningsnivå enn fylket og landet.


Kvinner og menn med lengst utdanning lev 5-6 år lengre og har betre helse enn dei som har kortast utdanning.

Det er færre som røyker og er overvektige i grupper med lang utdanning.

Dei sosiale forskjellane i levealder aukar, særleg hos kvinner. Forskjellane er større i Norge enn i mange andre europeiske land. Kjelde;fhi.no


Gjennomføringsgrad i vidaregåande skule

------- TEKST SKAL REVIDERAST --------

Fylket, sett under eitt, har dei siste 5 åra hatt eit lågt fråfall i vidaregåande skule og på landsnivå er fråfallet minkande. Flora har hatt ei god utvikling i fråfall og ligg no om lag på fylkesnivået medan Måløy har hatt ein vekst og ligg no på nivå med landet i fråfall.

Sjølv om det kvart år er mange som sluttar på vidaregåande, veit vi at mange av desse kjem inn igjen i opplæring og fullfører utdanninga si, mellom anna gjennom vaksenopplæring. Prosentdelen av dei mellom 16 og 25 år som ikkje er i, eller har bestått, vidaregåande opplæring har gått svakt og jamt nedover dei siste åra. Sogn og Fjordane ligg i dag under gjennomsnittet for Noreg, med 11,9 prosent utan eller utanfor vidaregåande opplæring i denne aldersgruppa medan landssnittet er 15,2. (Kjelde skoleporten)

Elevar ved yrkesfag har større "fråfallsfare" enn dei som vel studieførebuande. Dette kan forklarast med at mange elevar som vel yrkesfag har lågare inntakspoeng. Det er viktig for desse elevane å få plass på den lokale skulen. Elevane får då høve til å bu heime og behalde det sosialt nettverket rundt seg. Kapasiteten ved dei vidaregåande skule har difor stor betydning for kor mange elevar som fullfører. Gjennomføringsgrad handlar òg om tilgang på og kvaliteten på læreplassar.


Det er godt dokumenterte samanhengar mellom utdanningsnivå, materielle levekår og helse. Ein antar at personar som ikkje har fullført vidaregåande utdanning er like utsett for levekårs- og helseproblem som dei som har valt å ikkje ta meir utdanning etter fullført ungdomsskule. Kjelde: ''fhi.no.


Grupper som generelt sett har høyere risiko for å ikke gjennomføre videregående skole er elever med svake grunnskolekarakterer, elever med lavt utdannede foreldre, gutter, minoritetsspråklige elever med manglende norskkunnskap og yrkesfagelever med dårlige grunnferdigheter. Frafall er sluttpunkt av en lengre prosess. Årsakene er ofte sammensatte og kan ligge i ulike faser, gjerne tidligere i opplæringen og i overganger mellom ulike skoletrinn. Den viktigste direkte årsaken til frafall er svake skoleprestasjoner i ungdomsskolen som ofte faller sammen med lav motivasjon og manglende engasjement for læring. Dette kan igjen ha bakgrunn i tidlig sosialisering. Rapporten har vist at familiebakgrunn, særlig foreldres utdanning, har stor betydning for hvordan barn lykkes i utdanningssystemet. Kjelde: ''NOVA Rapport nr 12/10. Språk, stimulans og læringslyst – Tidlig innsats og tiltak mot frafall i videregåande opplæring gjennom hele oppveksten (s68)


Barnevern

Barn under tiltak frå barnevernet varierer i følgje tal frå SSB mellom utvalde kommunar i Vestland. Utviklinga siste 5 åra har vore stabil utan at ein kan identifisere større trendar. Ei auke kan skuldast at barnehagen har blitt meir oppmerksam på risikofaktorar og sender fleire meldingar til barnevernet.Ein må vere merksam på at ei auke i barn under tiltak frå barnevernet ikkje nødvendigvis er ein negativ folkehelsetrend.


Tala for barnevernstiltak er stabile siste 4 år for både Flora og Vågsøy.


Barnevernets hovedoppgave er å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade helse og utvikling, får nødvendig hjelp og omsorg. Barnevernet bistår foreldre i tilfeller hvor de har behov for hjelp i kortere eller lengre perioder. Tjenesten tilbyr foreldretrening og andre familie- og nærmiljøbaserte tiltak og metoder for å hjelpe barn og ungdom. Barn som lever med vold og overgrep, kan få alvorlige og varige psykiske og fysiske skader. For å avdekke barn og unge som har utfordringer, eller er utsatt for omsorgssvikt og vold og gi dem rett oppfølging så er det viktig at kommunene har formalisert samarbeid som er forankret i ledelsen med rutiner som kan følges opp over tid.

Kjelde: Folkehelsepolitisk rapport 2017 (s.109), Helsedirektoretet.


Fysisk, biologisk, kjemisk og sosialt miljø

Radon

Førekomsten av radon er generelt låg i tidlegare Sogn og Fjordane, men det førekjem enkelte lommer med høg konsentrasjon av radon (Norges Geologiske Undersøkelse). Kommunane har kartlagt radonførekomst ved at alle skular og barnehagar skal ha gjennomført radonmålingar.


Kinn kommune har låg førekomst av radon. Det er gjort ei kartlegging av radonførekomst i kommunale bygg, alle skular og barnehagar har gjennomført radonmålingar.

Kvalitet på drikkevatn

Kvaliteten på drikkevatnet blant kommunane i Sogn og Fjordane er generelt bra. Men det er nokre variasjonar mellom kommunane. Det er uklart kva som er årsaka, men det kan skuldast usikre eller manglande data. Dette vil gjelde vassverk der det er analysert for få prøver m.o.t E. coli til å kunne vurdere drikkevanns­kvaliteten (færre enn 95 % av krav til antal prøver) og vassverk som ellers mangler data eller har registrert resultat for seint. Kjelde: ''khs.fhi.no


Kinn kommune har fleire godkjende kommunale vassanlegg. På Florølandet har ein Flora vassverk, Eikefjord vassverk og Svanøy vassverk i tillegg til fem private; Rognaldsvåg vassverk, Ulltang vassverk, Solheim skule og barnehage, Steinhovden skule og Stavang skule og barnehage. I Måløy har ein følgande vassverk; Skramsvatnet VBA, Kvalheim VBA, Almenning VBA, Bryggja VBA og Raudeberg VBA. Enkelte bygder har enten private vassverk eller eigne brønnar. Suppleringskilde pr. i dag  er Nygårdsvatnet.

Det er Mattilsynet som godkjenner vassverka. https://www.fhi.no/ml/drikkevann. Kommunen har gode rutiner på å kontrollere vasskvaliteten.

Drikkevatn fritt for smittestoff er ein vesentleg faktor for folkehelsa, og E.coli er ein av dei mest sentrale parameter for kontroll. E.coli er en tarmbakterie som indikerer fersk fekal forureining.  Kjelde: ''fhi.no.


Lovbrot

Kommunane i gamle Sogn og Fjordane ligg under landsgjennomsnittet for sikta personar per 1000 innbyggjarar samanlikna med resten av landet. I løpet av tidsrommet 2013 - 2018 har talet på sikta sunke jamt. Kjelde: ''SSB


Frivillige lag og organisasjonar

Frivillige organisasjonar på ei rad område – friluftsliv, idrett, sosialt arbeid, kultur og nærmiljø – speler ei viktig rolle i folkehelsearbeidet, både i kraft av dei aktivitetane organisasjonane står for, og ved at det gir eigenverdi for enkeltmenneske å engasjere seg i frivillig arbeid. Noreg ligg på topp internasjonalt i frivillig aktivitet. Den frivillige arbeidsinnsatsen i Noreg svarer til nærare 148 000 årsverk. Frivilleg arbeid kan motverke einsemd og skape arena for deltaking, aktivitet, meistring og trivsel i alle livsfasar. Meld.St.19 Folkehelsemeldinga 2018-2019

Frivilligerklæringa er regjeringa si erklæring for samspel med frivillig sektor, og trekke opp grunnleggande prinsipp og overordna mål for samspelet mellom regjering, statlege styresmakter og frivillig sektor. Føremålet med erklæringa er å bidra til at staten fører ein heilskapleg frivilligpolitikk som skaper føreseielelge vilkår for frivillig sektor.

Kinn kommune har mange lag og organisasjonar som har stor betydning for innbyggarane si helse og trivsel. Kommunen har styrka samarbeidet med frivillige lag og organisasjonar gjennom frivilligsentralen og ulike tiltak som fritidserklæringa, fritidskortet og etablering av utstyrssentralen/Bua. Gjennom LEVVEL har ein etablert nye aktivitets- og samarbeidsarena opp i mot eldre.


Frivillige organisasjoner representerer en betydelig ressurs i norsk samfunnsliv, også i forhold til samfunnsområder der det offentlige har påtatt seg ansvar og der ansvaret er reflektert gjennom tjenester som ytes til befolkningen. Kjelde: ''Stortingsmelding 47, kapittel 16


Mobbing og trivsel i skulen

Tala for mobbing i gamle Sogn og Fjordane ligg under gjennomsnittet for resten av landet. Utvalde kommunar i fylket har trend i positiv utvikling, med mindre mobbing generelt i skulen. Den same positive utviklinga ser ein i trivsel på skulane.

Det er viktig med fokus på vidare systematisk arbeid for å førebyggje mobbing i skule og barnehagar.


Flora kommune sin årlege tilstandsrapport for skulen er ein del av det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet. Rapporten omtalar m.a læringsresultat, fråfall og læringsmiljø. Det er viktig med fokus på vidare systematisk arbeid for å førebyggje mobbing i skule og barnehagar.

Barn og unge som opplever mobbing har betydelig økt risiko for å få psykiske problemer, søvnvansker og kroppslige plager som hodepine og magesmerter (Singham, 2017; Klomek, 2015).

Det finnes en rekke verktøy og programmer som kan forebygge mobbing og fremme god samhandling mellom barn og unge.

Når det gjelder digital mobbing, er det flere grunner til å være bekymret for konsekvensene: Det er vanskeligere å skjerme seg fra digital mobbing enn fra annen mobbing. Anonymiteten gjør at naturlige grenser for hvordan man oppfører seg mot andre, opphører. For den som blir mobbet er det vanskelig å stoppe eller begrense spredningen av digitalt innhold, og dette gjør situasjonen mer uforutsigbar og skremmende. Mobbingen kan nå ut til et stort publikum, noe som gjør at den som blir mobbet kan kjenne seg utrygg i alle sosiale situasjoner. (Kowalski, 2014; Slonje, 2008; Spears, 2015; Roland, 2014).Kjelde:www.fhi.no


Skader og ulykker

Personskadar behandla i sjukehus

Utviklinga av personskader har gått jamt ned på lands-og fylkesbasis sidan 1950-talet. Kommunane har variasjon seg i mellom og noko variasjon frå år til år.

Kinn kommune sin statistikk over lårhalsbrot syner variasjonar frå år til år. På landsbasis er det er dokumentert at dei fleste skader skjer heime. Kinn kommune er ein heimetenestekommune. Det er etablert tilbod om førebyggande heimebesøk der ein ma har fokus på at eldre skal legge til rette bustaden sin for å førebygge skader og ulukker.


Blant eldre er hoftebrot spesielt alvorleg då det kan føre til redusert funksjonsevne og behov for hjelp, og dermed redusert livskvalitet. Blant ungdom og unge menn gjev trafikkulykker både redusert helse og tapte liv. Det er eit betydelie potensial for førebygging av skader og ulukker. Sjukehusbehandla personskader synar berre omfanget av dei alvorlegaste skadane.  Kjelde: ''fhi.no


Andre ulykker

Trafikkulykker: Drepne i trafikken varierer frå kommune til kommune. I følgje data frå kommuneprofilen.no (velg Sogn og Fjordane) har det vore meir enn ei halvering av drepne og skadde i trafikken i åra 2000-2018 i Sogn og Fjordane med nokre variasjonar frå år til år.

Drukningsulykker: Det druknar ca 100 personar årleg i Norge. Vaksne menn er overrepresentert på denne statistikken Tal frå Redningsselskapet viser at Sogn og Fjordane har lege på 3-10 drukningsulkker årleg i tidsrommet 2010-2019.

Brann: Sidan DSB starta registreringene av omkomne i brann i 1979 har det i snitt omkomme 61 personer kvart år i Norge. Over 80 prosent har omkomme i bustadbrann. Eldre og pleietrengande, personar med nedsatt funksjonsevne og rusavhengige er spesielt utsett. Tal fra DSB syner at cirka 75 prosent av dei som døyr i brann er i desse gruppene.Tal frå DSB viser at omkomne i brann i Sogn og Fjordane årleg er låge.

Helserelatert atferd

Fysisk aktivitet

Statistikkgrunnlaget for fysisk aktivitet blant barn og unge i Sogn og Fjordane er lite, resultata varierer frå år til år og mellom kommunane. På landsbasis oppfyller omlag 80-90 % av barn i barneskulealder tilrådingane om å vere fysisk aktive dagleg i over 60 minutt. Halvparten av 15- åringane oppfyller tilrådingane. Barn og unge sit stille store delar av dagen, omtrent halvparten av dagen sit 6-åringane stille. 15-åringane sit stille heile ni timar kvar dag heile veka gjennom. 

Tal frå Ungdata 2017 og 2018 viser at 80-95% av ungdom i Vestland er fysisk aktive på fritida.

Blant vaksne er det om lag 30 prosent som oppfyller tilrådingane. (kjelde; Folkehelserapporten 2014, fhi.no).


Kinn kommune har ikkje god oversikt over den fysiske aktivitetsnivået i befolkinga, det vert her vist til nasjonale tal og undersøkingar.


Regelmessig fysisk aktivitet er viktig for barn si vekst og utvikling. Helsedirektoratet anbefaler at barn og unge deltar i fysisk aktivitet med moderat eller høg intensitet i minimum 60 minutt dagleg. I tillegg bør barn og unge utføre aktivitet med høg intensitet minst tre gonger i veka. Vaksne bør ha moderat fysisk aktivitet 150 minutt kvar veke, eller 75 minutt med aktivitet med høg intensitet i veka.

Kjelde: Folkehelserapporten 2014, Fysisk aktivitet i Norge og Anbefalinger om kosthold,ernæring og fysisk aktivitet ( s.12) - Helsedirektoretet

Fysisk aktivitet kan gje eit betre sjølvbilde, betre sosial tilpassing, auka tru på eigen mestring og trivsel. I tillegg er fysisk aktivitet viktig for læring (FHI 2016; Barn, miljø og helse, risiko og helsefremmende faktorer).

Det er eit stort potensiale for auka fysisk aktivitet i det å gå- på fritida, gjennom daglege gjeremål og transport til og frå arbeid, skule og fritidsaktivitetar (Folkehelsemeldingen, Meld. St (2018-2019). Nyare forsking på fysisk aktivitet og helse gjennom livet syner at fysisk aktive vil ha langt betre fysisk og psykisk helse enn fysisk inaktive. Berre nokre få minuttar dagleg fysisk aktivitet tilsvarande rask gange, har stor helsegevinst.

For lite fysisk aktivitet kan auke risikoen for sjukdommar som hjerteinfarkt, kreft og type 2 diabetes. Inaktivitet og mykje stillesitting er knytt til auka risiko for fleire folkesjukdommar og død før 70 års alder.

Kjelde: https://www.fhi.no/nettpub/hin/levevaner/fysisk-aktivitet/


Kosthald

Tal frå Samhandlingsbarometeret og Ungdata 2017 viser at berre 20-40% av barn og unge mellom 11 og 15 år et frukt og bær dagleg. Det er liknande resultat i den vidaregåande skulen, men det er lite data tilgjengeleg når det gjeld dette. Det er interessant å observere at jenter generelt et meir frukt og grønsaker i alle aldersgrupper. Tala seier ikkje noko om variasjon i kosthald eller i kva form frukt og grønsaker vert konsumert.

Barnehagane i Kinn kommune har fokus på sunn mat. Fellesmåltida som vert tilberedt og tilbydd i barnehagen inneheld lite sukker, og foreldre vert oppfordra til variert og sunn mat i nistepakken til borna.

Det er også fokus på mat og måltider i eldreomsorga, og ein del av reformen "Leve hele livet" har dette som tema.


Sunt og variert kosthald, kombinert med fysisk aktivitet er bra for både kropp og velvære. Med riktig kosthald kan ein førebygge sjukdom. Ofte kan små grep i kvardagen ha stor betyding for helsa. Matvarer merka med Nøkkelhol er eit hjelpemiddel for å ta dei små, sunne grepa i kvardagen. Det er anbefalt å ete minst fem porsjoner grønsaker, frukt og bær dagleg. Kjelde: ''Helsedirektoratet. Kostholdsråd.


Mange barn får i seg for mykje sukker gjennom brus eller saft. Ein halv liter brus eller saft inneheld om lag 50 gram sukker som svarar til 25 sukkerbitar. Kjelde: 'Matportalen.no, Helsedirektoratet

Måla for Nasjonal handlingsplan for bedre kosthold i befolkningen (2017 – 2021) fram mot 2021 er:

– å auke forbruket av grønsaker, frukt og bær, grove kornvarer og fisk med 20 prosent

– å redusere innhaldet av tilsett sukker i kosten til 11 energiprosent

– å redusere innhaldet av metta feitt i kosten til 12 energiprosent

– å redusere innhaldet av salt i kosten frå 10 gram til 8 gram per dag.

Kjelde: 'Meld.St.19 Folkehelsemeldingen 2018-2019. Gode liv i eit trygt samfunn (s.120).


Overvekt

Andel gravide med KMI over 25 har vore stabilt høg siste 5 år. Sesjonstal frå 2011 til 2018 viser at andel med KMI over 25 frå Sogn og Fjordane har lege stabilt på kring 26%, som er relativt høgt.

Nasjonale tal syner at i perioden 2005-2018 har andel 8 og 9 åringar med overvekt og fedme vore stabil, på ca 20 %.

Frå 2005-2011 auka andel 15 åringar med overvekt eller fedme. Blant 15 årige gutar har andel med overvekt eller fedme halde seg relativt stabil. Ein ser ein liten auke i overvekt eller fedme blant 15 årige jenter. I 2005 var andelen 15 år gamle jenter med overvekt eller fedme omlag 16 %, mens den i 2018 var omlag 21%.

Tromsøundersøkinga og Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag tyder på at dei fleste vaksne har enten overvekt eller fedme, og at mindretalet har normal vekt.

Cirka 1 av 4 middelaldrande menn og 1 av 5 kvinner har no fedme med kroppsmasseindeks på 30 kg/m2 eller over. Andelen har auka dei siste 40-50 åra.

Overvekt ser ut til å vere eit større problem i Kinn kommune enn elles i landet, vurdert etter andel menn med KMI > 25 kg/m² på sesjon og kvinner si sjølvrapporterte høgde og vekt før svangerskapet. Kjelde;Folkehelseprofil for Kinn kommune 2020


Kroppsmasseindeks (KMI) gjev uttrykk for vekt i forhold til høgde og vert nytta til å kunne måle og samanlikne helserisikoen ved blant anna overvekt i ei befolkning. WHO har satt følgjande grenseverdi for å klassifisere overvekt og fedme blant vaksne over 18 år ved hjelp av KMI (kg/m²): 

KMI på mellom 25 og 29,9 = overvektig 

KMI på 30 og over = fedme 


Overvekt og fedme gjev auka risiko for type 2-diabetes, hjerte- og karsjukdom, høgt blodtrykk, slitasjegikt i kne og hofter og enkelte kreftsjukdomar som tjukktarmskreft. Overvekt og fedme kan også ha alvorlige psykiske helsekonsekvensar. Det er ingen klar KMI-grense for når sjukdomsrisiko aukar eller fell, overgangane er glidande. 


Erfaring viser at det for dei fleste er vanskelig å oppnå varig vektreduksjon når ein først har blitt overvektig. Førebygging av overvekt med tiltak som kan påverke mat- og aktivitetsvanar er derfor viktig. Kjelde: ''fhi.no

Søvn

Insomni (søvnvansker) er den vanligste søvnforstyrrelsen og blant de vanligste helseplagene i alle aldersgrupper. Søvn er viktig for god helse. I de siste årene har vi fått mer kunnskap om søvnens betydning for helse og folkehelse. Dårlig eller for lite søvn kan påvirke humør, konsentrasjonsevne og yteevne (Folkehelserapporten, 2018).

Fullversjon av folkehelserapporten finn du her

Ungdom mellom 14 og 18 år har større søvnbehov en yngre barn og voksne. Dei treng litt over 9 timar søvn per natt. Ellers er hovudregelen at voksne treng 7 ½ til 8 timer søvn. 8-åringar skal legge seg ca kl. 20.00 og så legge seg eit kvarter seinare for kvart år. Ingen skulebarn/ungdom bør legge seg seinere enn kl. 21.30. (kjelde: ung.no). Nasjonale undersøkingar syner at ungdom i snitt berre søv 6,5 timar per natt på vekedagane (Folkehelserapporten 2018).Ein stor norsk studie syner at ungdom søv to timar mindre enn anbefalt på vekedagane).

Røyking og rusmidlar

Utvalde kommunar i Sogn og Fjordane har sett ein fallande trend for kvinner som røyker under svangerskapet. Tala for røykevanar frå vidaregåande skule er låge, men ein manglar samanlikningsgrunnlag frå fleire år. Tal frå Ungdata 2017 viser at 85-95% av ungdomsskule elevane oppgir at dei aldri har røykt, medan 60-75% av elevane på vidaregåande seier det same. Tala frå Sogn og Fjordane føl trenden for den norske befolkninga som viser ein kraftig nedgang i røykarar i Noreg siste åra, spesielt blant ungdom.


Ein høg del av elevar i 10. klasse har prøvd snus. Tala beskriv ikkje den daglege bruken av snus.


Tal frå vidaregåande om ungdom som har prøvd narkotiske stoff ligg lågt i gamle Sogn og Fjordane.



Røyking er ein av dei viktigaste årsakene til redusert helse og levealder. Omtrent halvparten av dei som røyker daglig i mange år, dør av sjukdomar som skuldast tobakk. I tillegg råkast mange av sjukdommar som fører til helseplager og redusert livskvalitet. Studiar viser at dei som røyker dagleg, i snitt dør 10 år tidligare enn ikkje-røykarar, og 25 prosent av dei som røyker dagleg dør 20-25 år tidligare enn gjennomsnittleg levealder for ikkje-røykarar. Kjelde: fhi.no

Røykevanar er knytt opp mot sosial ulikskap i helse. Kjelde: ''SIRUS.no (kapittel 3.3.4)

Bruk av snus aukar risiko for kreft i bukspyttkjertel, spiserøyr og munnhole og har fleire andre negative effektar. Snus aukar risiko for dødfødde og for tidleg fødsel. Kjelde: Helsedirektoratet. Helseskader av snus.


Helsetilstand

Tannhelse

Tannhelsa til barn og unge i Sogn og Fjordane er rekna for å vere stabilt god og ligg over landsgjennomsnittet.


Dei siste 30 åra har tannhelsa betra seg mykje. Fleire barn og unge har ingen eller få hol i tenna. Endå varierer tannhelse med alder, økonomi, og kvar i landet ein bur. Kjelde: fhi.no


Sjukehusinnleggingar generelt

Tal på innleggingar på sjukehus for pasientar i Sogn og Fjordane har vore relativt stabil frå 2015-2019. Det er usikkert kva som er årsak til auka frå åra før.


Diabetes

Bruk av legemiddel til behandling av type 2-diabetes har auka gradvis frå 2008 til 2018, både nasjonalt og i kommunane. Tala for dei utvalde kommunane varierer.


Ein reknar at ca 350.000 personer i Noreg har diabetes type 2, og at halvparten av desse ikkje veit dei har sjukdommen. Ca 28.000 personar har diabetes type 1. Kjelde:Diabetes.no.

Kosthald, mosjon og vektreduksjon kan for nokre normalisere blodsukkeret og halde sjukdomen under kontroll, og er ein sentral del av behandlinga for alle med sjukdommen. Moderne retningslinjer for behandling av diabetes legg likevel i aukande grad vekt på nytta av medikamentell behandling for å redusere førekomsten av seinkomplikasjonar av sjukdommen (tap av syn, amputasjon, hjarte/kar-sjukdommar, sår, nyresjukdom), som er den viktigaste årsaken til redusert helse og økte helsekostnader for denne sjukdommen. Overvekt er ein viktig risikofaktor for utvikling av type 2-diabetes og førekomst av type-2 diabetes kan derfor spegle befolkninga sine levevaner. Kjelde:Helsebilioteket


Hjerte- og karsjukdomar

Det har sidan 2002 vore ein jamn reduksjon i dødelegheit (0-74 år) av hjerte- og karsjukdom. Dette kan skuldast både meir effektiv behandling og førebygging, men også auka levealder i befolkninga generelt.


Muskel- og skjelettlidingar

Sogn og Fjordane ligg rett over landsgjennomsnittet i registrering av muskel og skjelettlidingar i primærhelsetenesta. Liknande trend finn ein og i spesialisthelsetenesta, medan lårbeinsbrot ligg på landsgjennomsnittet.

Muskel- og skjelettsykdommer omfatter blant annet smertetilstander i rygg og nakke, revmatiske sykdommer (som leddgikt og artrose) samt osteoporose (benskjørhet) som forårsaker mange hoftebrudd blant eldre.

Kreft

I Vestland har dødelegheit av kreft vore stabil siste 5 åra . Nye krefttilfelle har auka jamt i same periode. Tala frå Vestland føl nasjonal utvikling.


Årsak til kreftsjukdom er knytt til miljøpåverknader og arvemateriale. Ein reknar at det er få tilfelle av kreft der arv er einaste årsak. Førebygging av kreftsjukdom er knytt til reduksjon i eksponering av miljøgifter, å redusere tobakksrøyking, redusere alkoholkonsum, auke inntak av frukt og grønsaker, auke fysisk aktivitet, førebygge overvekt og unngå å bli solbrend. Kjelde: ''fhi.no

Årsak til auke i krefttilfelle kan vere aukande alder i befolkninga og betring i diagnostiske verktøy. Kjelde: ''fhi.no


Psykiske lidingar og plager

På oversikt over registrerte psykiske lidingar i primærhelsetenesta ligg Vestland under landsgjennomsnittet. Det er stor variasjon i data mellom dei utvalde kommunane, noko som kan forklarast med lavt talmateriale i enkelte kommunar. Ein har for lite data til å kunne vurdere utviklinga.

Ei rekke undersøkingar syner at låg sosioøkonomisk status, målt som kort utdanning eller lav inntekt, har samanheng med risiko for psykiske plager. Psykiske lidingar i barne- og ungdomsår ser ut til å ha meir vidtrekkande negative konsekvensar enn somatisk sjukdom. Døme er fråfall i skule, lausare tilknyting til arbeidsmarkedet, økonomiske vanskar og vanskar i nære relasjonar. Barn som syner tegn på psykiske plager eller som er eksponert for alvorlege risikoforhold bør fangast opp på eit tidleg tidspunkt i helsestasjon, barnehage og skule.

I arbeidet med psykisk helse må det leggast vekt på miljøfaktorar og dei forhold som påverkar psykisk helse og trivsel i populasjonen. Det måt fokuserast på folk sine betingelsar for meistring; forhold i menneska sitt miljø og på dei arena som fremmar meistring, tilfredsheit, tilhørigheit, utvikling og vekst, oppleving av meining, autonomi og positive relasjonar ( Folkehelserapporten 2018). Høg livskvalitet har samanheng både med betre fysisk helse og færre psykiske plager og lidingar. Livskvalitet og trivsel synast òg å ha positive konsekvensar for den fysiske helsetilstanden, muligens på grunn av positive effektar på sosiale relasjoner, livsstil og helseatferd, stress, ulykkesforekomst og generell meistring, men også direkte på immunforsvaret og hjerte- og karsystemet (fhi.no).

Psykiske lidingar er i dag ein av dei store helse- og samfunnsutfordringane i Norge og er eit satsingsområde nasjonalt. Ulike studiar syner at mellom 16 og 22% av den vaksne befolinga har ei psykisk liding i ein periode på 12 månader. Dei vanlegaste er angstlidingar, depresjon og rusbrukslidingar. For barn og unge viser befolkingsstudier i Norge at om lag 7 % av alle barn og førskulealder og skulealder har symptom som kan tyde på ei psykisk liding (Folkehelsemeldingen, Meld. St.19 (2018-2019)).

Dei tre vanligaste gruppene psykiske lidingar er angstlidingar, depressive lidingar og alkoholmisbruk. Førekomsten har vore stabil i den norske befolkninga siste 10 år. Kjelde: ''Folkehelseinstituttet: Psykiske lidelser i Norge: Et folkehelseperspektiv (s 22)

Psykiske lidingar i barne- og ungdomsåra aukar risikoen for fysisk sjukdom, fråfall frå skulen, lausare tilknyting til arbeidsmarknaden og rusmisbruk. Barn som viser teikn til psykiske plager, eller som er eksponert for alvorlege risikoforhold bør fangast opp på eit tidleg tidspunkt. Helsestasjon, barnehage og skule er sentrale arenaer. Kjelde: ''Folkehelserapporten 2014


SØVN. Henta teksten frå prosjektplanen

Ungdommane i Flora og Vågsøy rapporterer om søvnproblem. Over 50 % i Flora og 41% i Vågsøy koplar skjermbruken til søvn og seier at skjermbruken går ut over søvnen (Ungdata 2017/2018). Svært mange er på skjerm seint på kveld og natt. Nasjonale undersøkingar syner at ungdom i snitt berre søv 6,5 timar per natt på vekedagane (Folkehelserapporten 2018). Ein annan studie syner at ungdom søv to timar mindre enn anbefalt på vekedagane (https://forskning.no/sovn-mobiltelefon-internett/ungdom-trenger-mer-sovn-men-sover-mindre/635924).

Svært mange av ungdommane rapporterer også at skjembruk er noko foreldra bekymrer seg over, og mange synes sjølv dei er mykje på skjerm. Det fører i mange tilfeller til krangling og konflikter i familien.

Røyking og rusmidlar

Utvalde kommunar i Sogn og Fjordane har sett ein fallande trend for kvinner som røyker under svangerskapet. Tala for røykevanar frå vidaregåande skule er låge, men ein manglar samanlikningsgrunnlag frå fleire år. Tal frå Ungdata 2017 viser at 85-95% av ungdomsskule elevane oppgir at dei aldri har røykt, medan 60-75% av elevane på vidaregåande seier det same. Tala frå Sogn og Fjordane føl trenden for den norske befolkninga som viser ein kraftig nedgang i røykarar i Noreg siste åra, spesielt blant ungdom.


Ein høg del av elevar i 10. klasse har prøvd snus. Tala beskriv ikkje den daglege bruken av snus.


Tal frå vidaregåande om ungdom som har prøvd narkotiske stoff ligg lågt i gamle Sogn og Fjordane.


Flora kommune har gjennomført Ungdata i 2014 og 2016 for elevar i 9. klasse og på VG1, dette skal gjennomførast kvart 2. år. Ungdata er eit kvalitetssikra og standardisert system for lokale spørreundersøkingar som vert gjennomført i samarbeid med Bergensklinikkane. Undersøkinga gjev oss kunnskap om ungdom si helse og trivsel, bruk av rusmidlar og tobakk og ulike former for kriminell- og antisosial adferd som vold og mobbing. Elevane svarar òg på spørsmål om forhold til føresette, familien sin økonomi, levekår, nærmiljø, skule og utdanning. Ungdata syner at ungdommane i Flora kommune drikk mindre enn før, få har brukt hasj. Det er eit lågt tal som røyker, omlag ein femtedel av ungdommane på vidaregåande snusar dagleg.


Røyking er ein av dei viktigaste årsakene til redusert helse og levealder. Omtrent halvparten av dei som røyker daglig i mange år, dør av sjukdomar som skuldast tobakk. I tillegg råkast mange av sjukdommar som fører til helseplager og redusert livskvalitet. Studiar viser at dei som røyker dagleg, i snitt dør 10 år tidligare enn ikkje-røykarar, og 25 prosent av dei som røyker dagleg dør 20-25 år tidligare enn gjennomsnittleg levealder for ikkje-røykarar. Kjelde: fhi.no

Røykevanar er knytt opp mot sosial ulikskap i helse. Kjelde: ''SIRUS.no (kapittel 3.3.4)

Bruk av snus aukar risiko for kreft i bukspyttkjertel, spiserøyr og munnhole og har fleire andre negative effektar. Snus aukar risiko for dødfødde og for tidleg fødsel. Kjelde: Helsedirektoratet. Helseskader av snus.


Helsetilstand

Tannhelse

Tannhelsa til barn og unge i Sogn og Fjordane er rekna for å vere stabilt god og ligg over landsgjennomsnittet. På landsbasis har det vore ein nokså jamn nedgong i kariesførekomst i tennene blant 5, 12 og 18- åringane dei siste 25 åra. Om lag ¾ av alle 5, 12 og 18-åringar er undersøkte/behandla eller registrert (Kjelde; SSB). DMTF=0 tyder tenner som ikkje trong behandling eller hadde vore behandla tidlegare (kjelde; SSB, Florø tannklinikk).


Dei siste 30 åra har tannhelsa betra seg mykje. Fleire barn og unge har ingen eller få hol i tenna. Endå varierer tannhelse med alder, økonomi, og kvar i landet ein bur. Kjelde: fhi.no


Sjukehusinnleggingar generelt

Tal på innleggingar på sjukehus for pasientar i Sogn og Fjordane har vore relativt stabil frå 2015-2019. Det er usikkert kva som er årsak til auka frå åra før.


Diabetes

Bruk av legemiddel til behandling av type 2-diabetes har auka gradvis frå 2008 til 2018, både nasjonalt og i kommunane. Tala for dei utvalde kommunane varierer.


Ein reknar at ca 350.000 personer i Noreg har diabetes type 2, og at halvparten av desse ikkje veit dei har sjukdommen. Ca 28.000 personar har diabetes type 1. Kjelde:Diabetes.no.

Kosthald, mosjon og vektreduksjon kan for nokre normalisere blodsukkeret og halde sjukdomen under kontroll, og er ein sentral del av behandlinga for alle med sjukdommen. Moderne retningslinjer for behandling av diabetes legg likevel i aukande grad vekt på nytta av medikamentell behandling for å redusere førekomsten av seinkomplikasjonar av sjukdommen (tap av syn, amputasjon, hjarte/kar-sjukdommar, sår, nyresjukdom), som er den viktigaste årsaken til redusert helse og økte helsekostnader for denne sjukdommen. Overvekt er ein viktig risikofaktor for utvikling av type 2-diabetes og førekomst av type-2 diabetes kan derfor spegle befolkninga sine levevaner. Kjelde:Helsebilioteket


Hjerte- og karsjukdomar

Det har sidan 2002 vore ein jamn reduksjon i dødelegheit (0-74 år) av hjerte- og karsjukdom. Dette kan skuldast både meir effektiv behandling og førebygging, men også auka levealder i befolkninga generelt.


Muskel- og skjelettlidingar

Sogn og Fjordane ligg rett over landsgjennomsnittet i registrering av muskel og skjelettlidingar i primærhelsetenesta. Liknande trend finn ein og i spesialisthelsetenesta, medan lårbeinsbrot ligg på landsgjennomsnittet.

Muskel- og skjelettsykdommer omfatter blant annet smertetilstander i rygg og nakke, revmatiske sykdommer (som leddgikt og artrose) samt osteoporose (benskjørhet) som forårsaker mange hoftebrudd blant eldre.

Kreft

I Vestland har dødelegheit av kreft vore stabil siste 5 åra . Nye krefttilfelle har auka jamt i same periode. Tala frå Vestland føl nasjonal utvikling.


Årsak til kreftsjukdom er knytt til miljøpåverknader og arvemateriale. Ein reknar at det er få tilfelle av kreft der arv er einaste årsak. Førebygging av kreftsjukdom er knytt til reduksjon i eksponering av miljøgifter, å redusere tobakksrøyking, redusere alkoholkonsum, auke inntak av frukt og grønsaker, auke fysisk aktivitet, førebygge overvekt og unngå å bli solbrend. Kjelde: ''fhi.no

Årsak til auke i krefttilfelle kan vere aukande alder i befolkninga og betring i diagnostiske verktøy. Kjelde: ''fhi.no


Psykiske lidingar

På oversikt over registrerte psykiske lidingar i primærhelsetenesta ligg Vestland under landsgjennomsnittet. Det er stor variasjon i data mellom dei utvalde kommunane, noko som kan forklarast med lavt talmateriale i enkelte kommunar. Ein har for lite data til å kunne vurdere utviklinga.

Ei rekke undersøkingar syner at låg sosioøkonomisk status, målt som kort utdanning eller lav inntekt, har samanheng med risiko for psykiske plager. Psykiske lidingar i barne- og ungdomsår ser ut til å ha meir vidtrekkande negative konsekvensar enn somatisk sjukdom. Døme er fråfall i skule, lausare tilknyting til arbeidsmarkedet, økonomiske vanskar og vanskar i nære relasjonar. Barn som syner tegn på psykiske plager eller som er eksponert for alvorlege risikoforhold bør fangast opp på eit tidleg tidspunkt i helsestasjon, barnehage og skule.

I arbeidet med psykisk helse må det leggast vekt på miljøfaktorar og dei forhold som påverkar psykisk helse og trivsel i populasjonen. Det måt fokuserast på folk sine betingelsar for meistring; forhold i menneska sitt miljø og på dei arena som fremmar meistring, tilfredsheit, tilhørigheit, utvikling og vekst, oppleving av meining, autonomi og positive relasjonar ( Folkehelserapporten 2018). Høg livskvalitet har samanheng både med betre fysisk helse og færre psykiske plager og lidingar. Livskvalitet og trivsel synast òg å ha positive konsekvensar for den fysiske helsetilstanden, muligens på grunn av positive effektar på sosiale relasjoner, livsstil og helseatferd, stress, ulykkesforekomst og generell meistring, men også direkte på immunforsvaret og hjerte- og karsystemet (fhi.no).

Ungdatakartlegginga gjev oss eit bilde på barn og unge si helse og trivsel og denne viser at det er færre ungdomskuleelevar i Flora som er fornøgd med si eiga helse. Fleire rapporterer om daglege fysiske og psykiske helseplager samanlikna med fylket og landet. Her er òg ein større andel som brukar reseptfrie medikament. Det kan sjå ut som ein på landsbasis finn ei auke i psykiske vanskar, spesielt blant unge jenter. Samtidig er ikkje funna heilt eintydige og ein manglar kunnskap om årsaksforholda rundt dette. Ein må vere varsam med å trekke konklusjonar, men det likevel grunn til å følgje med på utviklinga av barn og ungdom si psykiske helse.


Psykiske lidingar er i dag ein av dei store helse- og samfunnsutfordringane i Norge og er eit satsingsområde nasjonalt. Ulike studiar syner at mellom 16 og 22% av den vaksne befolinga har ei psykisk liding i ein periode på 12 månader. Dei vanlegaste er angstlidingar, depresjon og rusbrukslidingar. For barn og unge viser befolkingsstudier i Norge at om lag 7 % av alle barn og førskulealder og skulealder har symptom som kan tyde på ei psykisk liding (Folkehelsemeldingen, Meld. St.19 (2018-2019)).

Dei tre vanligaste gruppene psykiske lidingar er angstlidingar, depressive lidingar og alkoholmisbruk. Førekomsten har vore stabil i den norske befolkninga siste 10 år. Kjelde: ''Folkehelseinstituttet: Psykiske lidelser i Norge: Et folkehelseperspektiv (s 22)

Psykiske lidingar i barne- og ungdomsåra aukar risikoen for fysisk sjukdom, fråfall frå skulen, lausare tilknyting til arbeidsmarknaden og rusmisbruk. Barn som viser teikn til psykiske plager, eller som er eksponert for alvorlege risikoforhold bør fangast opp på eit tidleg tidspunkt. Helsestasjon, barnehage og skule er sentrale arenaer. Kjelde: ''Folkehelserapporten 2014


Oppsummering av utfordringar i Kinn kommune

Sosial ulikskap

Sosial ulikskap i helse beskriv ein som systematisk forskjel i helsetilstand og som føl sosiale og økonomiske kategoriar, særleg yrke, utdanning og inntekt. I eit folkehelseperspektiv er sosial ulikskap fortsatt ein av våre største utfordringar som samfunn. Innbyggarane i Kinn kommune har lågare utdanningsnivå enn landet, men inntektsnivået er ikkje lågt.

I internasjonal samanheng er den norske folkehelsa god, men bak tala skjuler det seg store forskjellar i sjukelegheit og dødelegheit. Dei med høg utdanning og god økonomi har best helse.

Dersom ein skal få redusert sosial forskjelar må søkelyset rettast mot gradienten og ikkje berre fattigdomsproblemet, og erkjenne at årsakene til helseforskjellar er tverrsektorielle. Behov for tiltak og virkemidlar i andre sektorar enn helsesektoren må komme tydeleg fram.  Vi treng breie, befolkingsretta strategiar og ikkje berre tiltak spesifikt retta mot høgrisikogrupper. Det vil gagne heile befolkinga. Vi må òg rette tiltaka mot alle ledd i årsakskjeden som fører til sosial ulikskap i helse. Det vert tilrådd å ha eit mykje sterkare fokus på dei underliggande strukturane til sosiale helseforskjellar (Helsedir. IS-2749) Dei konkrete tiltaka  som vert tilrådd er;

·         Meir rettferdig inntekstfordeling

·         Ein god barndom og gode livssjansar for alle

·         God skule og utdanning

·         Høg sysselsetting og sundt arbeidsliv

·         Legge til rette for helsebringande åtferd i alle sosiale grupper

·         Helsetenestene kan redusere sosiale forskjellar i helse ved å prioritere dei som treng det mest

·         Satse på strukturelle tiltak og implementering

I internasjonal samanheng er den norske folkehelsa god, men bak tala skjuler det seg store forskjellar i sjukelegheit og dødelegheit. Dei med høg utdanning og god økonomi har best helse. Innbyggarane i Flora kommune har lågare utdanningsnivå enn landet, men inntektsnivået er ikkje lågt. I eit folkehelseperspektiv er sosial ulikheit fortsatt ein av våre største utfordringar som samfunn. Dette er komplekse utfordringar som krev samansette løysingar. Ei rekke samfunnsforhold påverkar folkehelsa. Så lenge sosial ulikskap i helse oppstår på grunn av ulik ressursfordeling på ei rekke samfunnsområde og gjennom heile livet, må ein tenke folkehelse og fordeling i alt vi gjer. Reduserte sosiale helseforskjellar er eit viktig mål i folkehelsearbeidet. Ei utjamning av dei sosiale helseforskjellane gjev eit stort potensiale for betring av folkehelsa.

Fysisk aktivitet og overvekt/fedme

Dei fleste barn, halvparten av dei unge og om lag ein av tre vaksne oppfyller tilrådingane om fysisk aktivitet.

Det er stor einigheit om at den fysisk aktiviteten i samfunnet bør aukast. Eitt av innsatsområda er å leggje betre til rette for å skape aktivitets- og gåvennlege bu- og nærmiljø og ta vare på område som er under press, til dømes leikeområde, naturområde, parkar, grøntområde og stiar nær der folk bur. Det er eit stort potensiale for auka fysisk aktivitet i det å gå- på fritida, gjennom daglege gjeremål og transport til og frå arbeid, skule og fritidsaktivitetar Folkehelsemeldingen, Meld. St (2018-2019). Nyare forsking på fysisk aktivitet og helse gjennom livet syner at fysisk aktive vil ha langt betre fysisk og psykisk helse enn fysisk inaktive. Berre nokre få minuttar dagleg fysisk aktivitet tilsvarande rask gange, har stor helsegevinst. Handlingsplan for fysisk aktivitet 2010

Dei overordna måla for læring, trivsel og helse er uttrykt i rammeplanar- og læreplanverket for barnehage, skule og SFO- dette er òg viktige arena for fremme og legge til rette for rørsleglede. Skulane har utfordringar med å få alle elevane til å delta i kroppsøving. På vidaregåande skule fører det til at enkelte elevar ikkje får standpunktkarakter, vitnemål og såleis få fullført den vidaregåande opplæringa. Andre vidaregåande skular i Norge har gjort forsøk med meir tilrettelagde kroppsøvingstimar for elevar med gode resultat.

Fedme over tid gjev auka risiko for utvikling av ei rekke sjukdommar og plager ma diabetes type-2, hjarte- og karsjukdommar og visse typar kreft. Faktorar som kan auke risikoen for overvekt og fedme er ma høg fødselsvekt og vektauke i småbarnsalderen samt inaktivitet og høgt energiinntak. Ein finn òg ein samanheng mellom psykiske vanskar og overvekt då dette kan påverke både apetitt, vilje og sjølvkontroll. For å kunne gjere noko med overvekt og fedme på samfunnsnivå er det viktig med både befolkingsretta og individretta tiltak. Dei befolkingsretta tiltaka som vert diskutert i Norge er betre tilrettelegging for fysisk aktivitet i skulen og nærmiljet, og redusert tilgang på næringsfattige matvarer som td sukra drikker., ma (www.fhi.no).

Overvekt ser ut til å vere eit større problem i Kinn kommune enn ellers i landet.

Helsedirektoratet tilrår at barn og unge bør delta i fysisk aktivitet med moderat eller høg intensistet i minimum 60 minutt dagleg. Aktivitetsnivået aukar i barneåra, og fell så fram mot vaksen alder, særleg hos jenter. Ein ser at i 15-årsalderen er det berre om lag halvparten som tilfredsstiller tilrådingane (kjelde Helsedirektoratet).

Om lag ein av fem vaksne når opp til Helsedirektoratet si minimumsanbefaling med minst 30 minutter fysisk aktivitet per dag i gjennomsnitt. Helsegevinsten med å auke den fysiske aktiviteten er vel dokumentert. Tilrettelegging av lågterskeltiltak for alle vil òg vere eit viktig tiltak.

Skulane har idag utfordringar med å få alle elevane til å delta i kroppsøving både på ungdomsskule og vidaregåande skule. På vidaregåande fører det til at enkelte elevar ikkje får standpunktkarakter, vitnemål og såleis få fullført den vidaregåande opplæringa. Andre vidaregåande skular i Norge har gjort forsøk med meir tilrettelagde kroppsøvingstimar for alle elevar med gode resultat.

Psykisk helse

Psykisk helse skal vere ein likeverdig del av det nasjonale og lokale folkehelsearbeidet. Å oppleve meistring og meining, kjenne seg tilfreds og ha positive relasjonar er faktorar som kan fremje god psykisk helse og gi eit vern mot ulike belastningar Folkehelsemeldingen, Meld.st.19 2018-2019.

Ei rekke undersøkingar syner at låg sosioøkonomisk status, målt som kort utdanning eller lav inntekt, har samanheng med risiko for psykiske plager. Psykiske lidingar i barne- og ungdomsåra ser ut til å ha meir vidtrekkande negative konsekvensar enn somatisk sjukdom. Døme er fråfall i skule, lausare tilknyting til arbeidsmarkedet, økonomiske vanskar og vanskar i nære relasjonar. Barn som syner tegn på psykiske plager eller som er eksponert for alvorlege risikoforhold bør fangast opp på eit tidleg tidspunkt i helsestasjon, barnehage og skule.

I arbeidet med psykisk helse er det lagt for liten vekt på miljøfaktorar og på dei forhold som påverkar psykisk helse og trivsel i populasjonen. I folkehelsearbeid må det fokuserast på folk sine betingelsar for meistring; forhold i menneska sitt miljø og på dei arena som fremmar meistring, tilfredsheit, tilhørigheit, utvikling og vekst, oppleving av meining, autonomi og positive relasjonar (Fhi, Folkehelserapporten 2014). Høg livskvalitet har samanheng både med betre fysisk helse og færre psykiske plager og lidingar. Livskvalitet og trivsel synast òg å ha positive konsekvensar for den fysiske helsetilstanden, muligens på grunn av positive effektar på sosiale relasjoner, livsstil og helseatferd, stress, ulykkesførekomst og generell meistring, men også direkte på immunforsvaret og hjerte- og karsystemet www.fhi.no.

For å førebygge psykiske lidingar i befolkinga, redusere nivået av psykiske plager og for å fremme subjektiv livskvalitet og trivsel, bør det både gjennomførast tiltak som reduserer belastningar og sårbarheit,  og fremme forhold som virkar positivt på befolkinga si helse. Grunnlaget for den vaksne befolkninga si psykiske helse og livskvalitet vert lagt allereie i barne- og ungdomsårene. Det må skapast lokalmiljø der ingen barn eller ungdommar vert utsett for mobbing og sosial eksklusjon og der alle inngår i eit positivt sosialt miljø og får anledning til å oppleve meistring og engasjement. I tillegg krevst det eigne tiltak som rettast inn mot vaksne og eldre.

Ungdommane i komande Kinn kommune har i Ungdata rapportert om søvnproblem, dei koplar òg dette opp i mot bruk av skjerm. Fleire norske studier peikar på at dette er ein aukande utfordring som kan få betydning for barn og unge si helse. I den nye folkehelsemeldinga insomi og søvnvansker beskrive som ein av de store helseutfordringane i befolkinga og vert kalla ei folkehelseproblem. Søvnvanskar er ein sterk risikofaktor for seinere fråfall fra arbeidslivet, og personar med søvnvanskar har auka risiko for å utvikle ei rekke psykiske og fysiske tilstander. og personar med søvnvanskar har auka risiko for å utvikle ei rekke psyksiske og fysiske tilstandar.

Psykiske lidingar er i dag ein av dei store helse- og samfunnsutfordringane i Norge og er eit satsingsområde nasjonalt. Tre, store ungdomsundersøkingar i Oslo viser tendens til auke i depresjonsplager og nedgong i adferdsvanskar blant elevar i 9. og 10. klasse samt 1.klasse vidaregåande. Funna her syner same tendens som den norske levekårsundersøkelsen som saman med nye tal frå reseptregisteret kan tyde på ein utviklingstrend. Ei rekke undersøkingar syner at låg sosioøkonomisk status, målt som kort utdanning eller lav inntekt, har samanheng med risiko for psykiske plager. Psykiske lidingar i barne- og ungdomsår ser ut til å ha meir vidtrekkande negative konsekvensar enn somatisk sjukdom. Døme er fråfall i skule, lausare tilknyting til arbeidsmarkedet, økonomiske vanskar og vanskar i nære relasjonar. Barn som syner tegn på psykiske plager eller som er eksponert for alvorlege risikoforhold bør fangast opp på eit tidleg tidspunkt i helsestasjon, barnehage og skule.

I arbeidet med psykisk helse er det lagt for liten vekt på miljøfaktorar og på dei forhold som påverkar psykisk helse og trivsel i populasjonen. I folkehelsearbeid må det fokuserast på folk sine betingelsar for meistring; forhold i menneska sitt miljø og på dei arena som fremmar meistring, tilfredsheit, tilhørigheit, utvikling og vekst, oppleving av meining, autonomi og positive relasjonar (Kjelde; Fhi, Folkehelserapporten 2014).

Desse utfordringane skal det arbeidast vidare med i kommuneplanen sin samfunnsdel og lagast tiltak på i årleg budsjett- og handlingsprogram.