Kjelder og statistikk

Fra Folkehelseoversikt.no
Revisjon per 1. okt. 2016 kl. 16:45 av Kjell-Arne Nordgård (diskusjon | bidrag) (Ny side: Statistikk, tabellar og informasjon er henta frå - eller basert på - tal frå: * Folkehelseinstituttet: Helsestatistikk ** Kommunehelsa ** Folkehelseprofilar ** Norgeshelsa * NAV *...)

(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til: navigasjon, søk

Statistikk, tabellar og informasjon er henta frå - eller basert på - tal frå:

  • Folkehelseinstituttet: Helsestatistikk
    • Kommunehelsa
    • Folkehelseprofilar
    • Norgeshelsa
  • NAV
  • Samhandlingsbarometeret
  • Fylkeskommunen
  • Statistisk sentralbyrå og Kommune-Stat-Rapportering (KOSTRA)
  • Direktorat for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB)
  • Norsk folkehjelp
  • Kommuneprofilen
  • Stortingsmeldingar
  • Utlendingsdirektoratet (UDI)
  • Kommunen


Ein må ta i betraktning at talverdien ikkje alltid startar på null. Diagram er meint å tydeleggjere forskjellar, men kan og skape eit bilete av at forskjellane er større enn dei faktisk er. Statistikk og helseoversikter kan ha nytteverdi i folkehelsearbeidet, men det er også knytt utfordringar til bruk av statistikken og tolkinga av den. Statistikk gir ofte eit grunnlag for undring og spørsmål – meir enn fasitsvar og løysingar. Små kommunar kan ha utfordringar med utarbeiding og tolking av statistiske data. Dette skuldast ofte lite datagrunnlag. Tilfeldige variasjonar frå år til år kan gje store utslag. Når variasjonane er store vert det vanskeleg å vurdere trendar. Av den grunn brukast ofte eit glidande gjennomsnitt, som er ein middelverdi over fleire år. Ein må også ta høgde for at forskjellar kan skuldast tilfeldig variasjon.