Forskjell mellom versjoner av «Solund»

Fra Folkehelseoversikt.no
Hopp til: navigasjon, søk
(Omdirigerer til Solund kommune)
 
(Én mellomliggende revisjon av samme bruker vises ikke)
Linje 1: Linje 1:
{{TOC|align=right}}
+
#OMDIRIGERING [[Solund kommune]]
 
 
= Befolkningssamansetnad =
 
 
 
=== Folketalsutvikling ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|folketalsutvikling_1}}
 
 
 
'''Diagrammet med data frå Kommuneprofilen viser kommunens befolkningssamansetnad i aldersklasser og antal, 2018. Solund har per mars 2018: 807 registrerte innbyggjarar. Folketalet har vore relativt stabilt dei siste åra.  '''
 
[[Fil:Befolking 1.png|venstre|miniatyr]]
 
[[Fil:Befolking 2.png|sentrer|miniatyr|Bevegelsen i innbyggjarpopulasjonen over tid
 
Innbyggjarar (%) i Solund 2000 - 2018, etter aldersgrupper
 
 
 
Kjelde: Kommuneprofilen
 
]]
 
 
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|folketalsutvikling_2}}
 
 
 
=== Folketalsframskrivingar ===
 
'''Det er lang reiseveg til vidaregåande skular frå kommunen. Konsekvensen av dette vert oftast hybel-/internattilvere for ungdommane. [http://tidsskriftet.no/2001/01/klinikk-og-forskning/ung-pa-hybel-sosial-kontroll-og-helserelatert-atferd Ei større undersøking av HJ Breidablik & E Meland frå 2001] viser klart meir ugunstig helserelatert åtferd hjå unge hybelbuarar enn heimebuande. Desse faktorane kan bidra til sosial ulikskap.''' 
 
 
 
'''Gjennom Hordalandsavtalen får elevar frå Solund og Gulen mogelegheit til å bu heime og dagpendle, medan dei går på vidaregåande ved Austrheim VGS. Ein antek dette har positive konsekvensar for framtidig arbeidsstokk, innbyggjartal og helseåtferd. Diverre vert nettverket heime naturleg nok redusert grunna jamnaldrande utflyttarar. Tilbodet i Austrheim har eit begrensa studieprogram og er varierande brukt av ulike årsaker. Tilbodet er transportmessig best tilgjengelig for midtre og ytre Solund.'''
 
 
 
'''Låg tilbakeflytting etter fullført skulegong er ei stor utfordring – med konsekvensar m.a. for framtidig arbeidsstokk, tenester og innbyggjartal, både i Solund og i fylket. Det etterlyses systematisk rekruttering av desse, frå siste skuletida til arbeidslivet i kommunen. UngData Solund 2017 viser at 71% av gutane og 30% av jentene på ungdomsskulen ynskjer å bu i kommunen som vaksne. Henholdsvis 14% og 45% var usikre.'''
 
 
 
[[Fil:Framskriv.png|venstre|ramme|'''Fig.''' Andelar av ungdomsskuleelevar som svarar at dei kan tenke seg å bu i heimkommunen når dei blir vaksne. Kjelde:  Samhandling Sogn og Fjordane, frå UngData 2017    ]]
 
 
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|folketalsframskrivingar_1}}
 
 
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|folketalsframskrivingar_2}}
 
 
 
'''Kommunane i Sogn og Fjordane kan forvente at andelen eldre over 80 år aukar kraftig. Her har Solund ei mogeleg stor utfordring. I andre aldersgrupper, er endringane mindre tydelege.'''
 
 
 
=== Etnisk samansetting og utvikling ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|etnisk_1}}
 
 
 
'''Flora kommune har eitt mottak, Solbakken asylmottak som har plass til 130 personar. Desse kjem i hovudsak frå Syria, men òg frå Eritrea og Irak, men òg fleire andre land.  Bebuarane bur her i frå ein månad til fleire år.  Dei fleste innvandrarane i Flora kommune [https://statistikk.fylkesatlas.no/statistikk/c52a4cbb-8ee3-4314-a983-62635bb7658f kjem frå Europa og Asia].  '''
 
 
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|etnisk_2}}
 
 
 
= Oppvekst- og levekår =
 
 
 
=== Låginntekt hushaldning ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|låginntekt_1}}
 
 
 
'''Flora kommune [https://khp.fhi.no/PDFVindu.aspx?Nr=1401&sp=2&PDFAar=2017 er ikkje eintydig forskjellig frå landet når det gjeld andel born som bur i hushaldningar med låg inntekt.]  Låg inntekt vert definert her som under 60 % av nasjonal medianinntekt.'''
 
 
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|låginntekt_2}}
 
 
 
=== Einslege forsørgjarar ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|einslege_1}}
 
 
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|einslege_2}}
 
 
 
=== Arbeidsløyse ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|arbeidsløyse_1}}
 
 
 
'''Flora kommune har frå januar til september 2017 hatt høgare arbeidsløysetal enn Sogn og Fjordane. [https://www.nav.no/no/NAV+og+samfunn/Statistikk/Arbeidssokere+og+stillinger+-+statistikk/Helt+ledige Helt ledige - www.nav.no]'''
 
 
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|arbeidsløyse_2}}
 
 
 
=== Sjukefråvær ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|sjukefråvær_1}}
 
 
 
'''Flora kommune ligg litt over fylket og landet i høve legemeldt sjukefråvær i 2016 og så langt i 2017.'''
 
 
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|sjukefråvær_2}}
 
 
 
=== Uføretrygd ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|uføretrygd_1}}
 
 
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|uføretrygd_2}}
 
 
 
=== Mottakarar av sosialhjelp ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|mottakarar_1}}
 
 
 
'''Flora kommune ligg omlag på landsnivå i høve mottakarar av sosialhjelp, men ligg høgare enn snittet for Sogn og Fjordane fylke.'''
 
 
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|mottakarar_2}}
 
 
 
=== Utdanningsnivå ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|utdanningsnivå_1}}
 
 
 
'''Innbyggjarane i Flora kommune har lågare utdanningsnivå enn fylket og landet.'''
 
 
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|utdanningsnivå_2}}
 
 
 
=== Fråfall i vidaregåande skule ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|fråfall_1}}
 
 
 
'''99,5% av elevane i Flora kommune som avslutta grunnskulen våren 2014 var registrerte som elevar i '''
 
vidaregåande opplæring same haust. Våren 2015 hadde 90% av desse fullført og bestått vg1. Flora har aldri hatt så høg gjennomføring tidlegare.  Tett samarbeid mellom ungdomsskulane og Flora vidaregåande skule er viktig for å jobbe fram tiltak som styrker gjennomføring. Dette er eit godt etablert samarbeid som både sikrar god overgang, og som femner om arbeid med fag og grunnleggjande ferdigheiter.
 
 
 
[[Fil:Flora-vgs.jpg|800x800px]]
 
 
 
'''Fråfallet er størst mellom vg2 i skule til vg3 i bedrift, og potensialet for auka gjennomføring er såleis størst der. I tillegg er det ein nedgang i tal elevar som sluttar  i løpet av vg2 på dei yrkesfaglege programma. I 2014 var det 50 som slutta i løpet av vg2 mot 36 i 2015. Dette tilsvarar 1 % nedgang. [http://www.sfj.no/fleire-fullfoerer-yrkesfag.5842817-339464.html Fleire fullfører yrkesfag].'''
 
 
 
'''I 2013 vart det gjort eit grundig arbeid med å vidareutvikle samarbeidet mellom ungdomstrinnet og vidaregåande opplæring, det er laga eit forpliktande årshjul for samarbeid med desse målsetjingane:'''
 
# Sikre elevane god overgang frå grunnskule til vidaregåande opplæring
 
# Styrke det faglege samarbeidet mellom grunnskulen og vidaregåande skule for å gje elevane god progresjon i faga
 
# Sikre god gjennomføring i vidaregåande opplæring
 
# Gje elevane kunnskap om vidaregåande opplæring og arbeidsliv, samt innsikt i eigen kompetanse slik at dei kan gjere rette val for framtida
 
# Sikre at den enkelte elev får god og nødvendig tilrettelegging i nytt skuleslag
 
kjelde [http://innsyn.e-kommune.no/innsyn_flora/wfinnsyn.ashx?response=journalpost_detaljer&journalpostid=2017010323& Tilsynstandsrapport for grunnskulen 2017]
 
 
 
'''Elevar ved yrkesfag har større "fråfallsfare" enn dei som vel studieførebuande. Dette kan forklarast med at mange elevar som vel yrkesfag har lågare inntakspoeng. Det er viktig for desse elevane å få plass på den lokale skulen. Elevane får då høve til å bu heime og behalde det sosialt nettverket rundt seg. Kapasiteten ved Flora vidaregåande skule har difor stor betydning  for kor mange elevar som fullfører. Gjennomføringsgrad handlar òg om tilgang på og kvaliteten på læreplassar.'''
 
 
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|fråfall_2}}
 
 
 
=== Barnevern ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|barnevern_1}}
 
 
 
'''Barnevernstenesta i Flora kommune har hatt ei auke i tal voldsmeldingar dei tre siste åra. I 2013 fekk avdelinga 33 meldingar som omhandla høgt konfliknivå/bekymring om vald, i 2015 har talet dobla seg til 65. Ein del av meldingane kjem frå foreldre som er i eit samlivsbrudd, og der foreldra ikkje klarer å skjerme barna frå konflikta seg imellom. Totalt mottok barnevernstenesta 153 meldingar i 2015, ei auke på 36 frå fjoråret. Dette inneber at Flora kommune framleis ligg høgt på hjelpetiltak, då fleire av sakene er av ein slik art at dei må følgjast videre opp.'''
 
 
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|barnevern_2}}
 
 
 
= Fysisk, biologisk, kjemisk og sosialt miljø =
 
 
 
=== Radon ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|radon_1}}
 
 
 
'''Flora kommune har låg førekomst av radon. Det er gjort ei kartlegging av radonførekomst i kommunale bygg, alle skular og barnehagar har føreteke radonmålingar.'''
 
 
 
=== Kvalitet på drikkevatn ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|drikkevatn_1}}
 
 
 
'''Flora kommune tre godkjende kommunale vassanlegg; Flora vassverk, Eikefjord vassverk og Svanøy vassverk. Folkehelseinstituttet har  i tillegg registrert to private vassanlegg; Rognaldsvåg vassverk og Ulltang vassverk.  10297 av innbyggarane har vassforsyning frå godkjende vassforsyningsanlegg. [https://www.fhi.no/ml/drikkevann/hovedartikler/om-vannverksregisteret-vreg/ https://www.fhi.no/ml/drikkevann]. Kommunen kontrollerer vasskvaliteten i alle skular og barnehagar, òg dei einingane som har privat vassforsyning. Dette gjeld Solheim skule og barnehage, Steinhovden skule og Stavang skule og barnehage.'''
 
 
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|drikkevatn_2}}
 
 
 
=== Lovbrot ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|lovbrot_1}}
 
 
 
'''Kriminaliteten blant befolkninga i Jølster er liten. Nokre gjengangarar innan rus og lovbrot er her, desse har oppfølging frå kommunen. Strafferettsleg har politiet hatt svært lite med dei to asylmottaka i Jølster å gjere. Etter det lokalt politi kjenner til, er det eit bra ungdomsmiljø med lite rus (Jølster lensmannskontor).'''
 
 
 
 
 
=== Frivillige lag og organisasjonar ===
 
'''Flora kommune har ca 450 frivillige lag og organisasjonar. På [https://www.flora.kommune.no/lagorganisasjoner.182759.nn.html Flora kommune si heimeside] finn ein oversikt over fleire av desse.  Kommunen sitt mangfald av lag- og organisasjonar har stor betydning for innbyggarane si helse og trivsel. I idretten er barn klart representert, opp gjennom tenårar og inn i vaksen alder går andelen aktive sterkt ned. Nedgongen er størst i aldersgruppa 13-19 år. I idretten ser vi tendens til lågare konkurransealder og meir spesialisering. Sogn og Fjordane idrettskrins utrykker bekymring over utviklinga og kva denne vil bety for den generelle aktiviteten og framtidig deltaking i frivillige lag og organisasjonar. Kjelde; [http://www.e-pages.dk/firda/3907/?token=YV91c2VyX2lkPTg5MzI0JmFfdXNlcl9rZXk9YTVmYTMzOGUtM2FiMy00ZTYzLThhMWEtNTllOWU2NDY1OGZmJmFfc3ViX2lkPTMzMzY5MzcmYV9zdWJfaWRfc291cmNlPUlTREImYV9zdWJfY2xhc3M9b3duZXImYV9zdWJfdHlwZT1BRl9FVCZhX3N1Yl9zdGF0dXM9YWN0aXZl Kronikk av organisasjonssjef i Sogn og Fjordane idrettskrins, Firda 31.12.15].'''
 
 
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|frivillige_2}}
 
 
 
=== Mobbing og trivsel i skulen ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|mobbing_1}}
 
 
 
'''Flora kommune sin årlege tilstandsrapport for skulen er ein del av det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet. Rapporten omtalar m.a læringsresultat, fråfall og læringsmiljø. Det er viktig med fokus på vidare systematisk arbeid for å førebyggje mobbing i skule og barnehagar.'''
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|mobbing_2}}
 
 
 
= Skader og ulykker =
 
 
 
=== Personskadar behandla i sjukehus ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|personskadar_1}}
 
 
 
''' [https://www.samhandlingsbarometeret.no/webview/index.jsp?headers=tertial&stubs=komnrhjem&measure=common&komnrhjemslice=14&virtualslice=I003_value&tertialsubset=2009+-+2016&hfidsubset=TOT&layers=hfid&layers=virtual&tertialslice=2016&hfidslice=TOT&study=https%3A%2F%2F161.4.9.106%3A443%2Fobj%2FfStudy%2FI003&mode=cube&v=2&virtualsubset=I003_value&komnrhjemsubset=14%2C1401+-+1449&measuretype=4&cube=https%3A%2F%2Fstatistikk.samhandlingsbarometeret.no%3A443%2Fobj%2FfCube%2FI003_C1&top=yes Flora kommune sin statistikk] over lårhalsbrot syner variasjonar frå år til år, men har vore nedadgåande sidan 2012. På landsbasis er det er dokumentert at dei fleste skader skjer heime. Flora kommune har etablert tilbod om førebyggande heimebesøk til alle 78-åringar, eitt av måla er at eldre sjølv skal legge til rette bustaden sin for å førebygge skader og ulukker.'''
 
 
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|personskadar_2}}
 
 
 
=== Andre ulykker ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|ulykker}}
 
 
 
= Helserelatert atferd =
 
 
 
=== Fysisk aktivitet ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|fysisk_1}}
 
 
 
'''Flora kommune har gjennomført helseundersøking av elevar i 6, 8, og 10 klasse i 2011, 2013 og 2015. Resultat av dei to første undersøkingane synte at det berre er ein liten del av elevane (8%) som svarar at dei ikkje har vore fysisk aktive i 60 minutt nokon dag siste veka. Samstundes er det òg berre 10 % som oppfyller målet om ein time fysisk aktivitet dagleg. I Flora kommune sitt budsjett og handlingsprogram for 2013 var det vedteke å starte arbeidet med innføring av meir fysisk aktivitet i skulen og å iversette tiltak for auke den generelle fysiske aktiviteten for alle.'''
 
 
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|fysisk_2}}
 
 
 
=== Kosthald ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|kosthald_1}}
 
 
 
'''Barnehagane i Flora kommune har fokus på sunn mat. Fellesmåltida som vert tilberedt og tilbydd i barnehagen inneheld lite sukker, og foreldre vert oppfordra til variert og sunn mat i nistepakken til borna.'''
 
 
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|kosthald_2}}
 
 
 
=== Overvekt ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|overvekt_1}}
 
 
 
'''Overvekt ser ut til å vere eit større problem i Flora kommune enn elles i landet, vurdert etter andel menn med KMI > 25 kg/m² på sesjon og kvinner si sjølvrapporterte høgde og vekt før svangerskapet. Kjelde;[https://khp.fhi.no/PDFVindu.aspx?Nr=1401&sp=1&PDFAar=2017 Folkehelseprofil for Flora kommune 2017]'''
 
 
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|overvekt_2}}
 
 
 
=== Røyking og rusmidlar ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|røyking_1}}
 
 
 
'''Flora kommune har gjennomført Ungdata i 2014 og 2016 for elevar i  9. klasse og på VG1, dette skal gjennomførast kvart 2. år. Ungdata er eit kvalitetssikra og standardisert system for lokale spørreundersøkingar som vert gjennomført i samarbeid med Bergensklinikkane. Undersøkinga gjev oss kunnskap om ungdom si helse og trivsel, bruk av rusmidlar og tobakk og ulike former for kriminell- og antisosial adferd som vold og mobbing. Elevane svarar òg på spørsmål om  forhold til føresette, familien sin økonomi, levekår, nærmiljø, skule og utdanning. Ungdata syner at ungdommane i Flora kommune drikk mindre enn før, få har brukt hasj. Det er eit lågt tal som røyker,  omlag ein femtedel av ungdommane på vidaregåande snusar dagleg.'''
 
 
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|røyking_2}}
 
 
 
= Helsetilstand =
 
 
 
=== Tannhelse ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|tannhelse_1}}
 
På landsbasis har det vore ein nokså jamn nedgong i kariesførekomst i tennene blant 5, 12 og 18- åringane dei siste 25 åra. Om lag ¾ av alle 5, 12 og 18-åringar er undersøkte/behandla eller registrert (Kjelde; SSB). DMTF=0 tyder tenner som ikkje trong behandling eller hadde vore behandla tidlegare (kjelde; SSB,  Florø tannklinikk).
 
 
 
 
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|tannhelse_2}}
 
 
 
=== Sjukehusinnleggingar generelt ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|sjukehusinnleggingar_1}}
 
 
 
=== Diabetes ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|diabetes_1}}
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|diabetes_2}}
 
 
 
=== Hjerte- og karsjukdomar ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|hjerte_1}}
 
 
 
=== Muskel- og skjelettlidingar ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|muskel_1}}
 
 
 
=== Kreft ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|kreft_1}}
 
 
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|kreft_2}}
 
 
 
=== Psykiske lidingar ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|psykiske_1}}
 
 
 
'''Ungdatakartlegginga gjev oss eit bilde på barn og unge si helse og trivsel og denne viser at det er færre ungdomskuleelevar i Flora som er fornøgd med si eiga helse. Fleire rapporterer om daglege fysiske og psykiske helseplager  samanlikna med fylket og landet. Her er òg ein større andel som brukar reseptfrie medikament. Det kan sjå ut som ein på landsbasis finn ei auke i psykiske vanskar, spesielt blant unge jenter.  Samtidig er ikkje funna heilt eintydige og ein manglar kunnskap om årsaksforholda rundt dette. Ein må vere varsam med å trekke konklusjonar, men det likevel grunn til å følgje med på utviklinga av barn og ungdom si psykiske helse.'''
 
 
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|psykiske_2}}
 
 
 
= Oppsummering av utfordringar i Flora kommune =
 
 
 
=== Sosial ulikskap ===
 
I internasjonal samanheng er den norske folkehelsa god, men bak tala skjuler det seg store forskjellar i sjukelegheit og dødelegheit. Dei med høg utdanning og  god økonomi har best helse. Innbyggarane i Flora kommune har lågare utdanningsnivå enn landet, men inntektsnivået er ikkje lågt.  I eit folkehelseperspektiv er sosial ulikheit fortsatt ein av våre største utfordringar som samfunn. Dette er komplekse utfordringar som krev samansette løysingar. Ei rekke samfunnsforhold påverkar folkehelsa. Så lenge sosial ulikskap i helse oppstår på grunn av ulik ressursfordeling på ei rekke samfunnsområde og gjennom heile livet, må ein tenke folkehelse og fordeling i alt vi gjer. Reduserte sosiale helseforskjellar er eit viktig mål i folkehelsearbeidet. Ei utjamning av dei sosiale helseforskjellane gjev eit stort potensiale for betring av folkehelsa.
 
 
 
=== Fysisk aktivitet ===
 
Helsedirektoratet tilrår at barn og unge bør delta i fysisk aktivitet med moderat eller høg intensistet i minimum  60 minutt dagleg. Aktivitetsnivået aukar i barneåra, og fell så fram mot vaksen alder, særleg hos jenter. Ein ser at i 15-årsalderen er det berre om lag halvparten som tilfredsstiller tilrådingane (kjelde Helsedirektoratet).
 
 
 
Om lag ein av fem vaksne når opp til Helsedirektoratet si minimumsanbefaling med minst 30 minutter fysisk aktivitet per dag i gjennomsnitt. Helsegevinsten med å auke den fysiske aktiviteten er vel dokumentert. Tilrettelegging av lågterskeltiltak for alle vil òg vere eit viktig tiltak.
 
 
 
Skulane har idag utfordringar med å få alle elevane til å delta i kroppsøving både på ungdomsskule og vidaregåande skule. På vidaregåande fører det til at enkelte elevar ikkje får standpunktkarakter, vitnemål og såleis få fullført den vidaregåande opplæringa. Andre vidaregåande skular i Norge har gjort forsøk med meir tilrettelagde kroppsøvingstimar for alle elevar med gode resultat.
 
 
 
=== Psykisk helse  ===
 
Psykiske lidingar er i dag ein av dei store helse- og samfunnsutfordringane i Norge og er eit satsingsområde nasjonalt. Tre, store ungdomsundersøkingar i Oslo viser tendens til auke i depresjonsplager og nedgong i adferdsvanskar blant elevar i 9. og 10. klasse samt <nowiki>1.kl</nowiki>asse vidaregåande. Funna her syner same tendens som den norske levekårsundersøkelsen som saman med nye tal frå reseptregisteret kan tyde på ein utviklingstrend. Ei rekke undersøkingar syner at låg sosioøkonomisk status, målt som kort utdanning eller lav inntekt, har samanheng med risiko for psykiske plager. Psykiske lidingar i barne- og ungdomsår ser ut til å ha meir vidtrekkande negative konsekvensar enn somatisk sjukdom. Døme er fråfall i skule, lausare tilknyting til arbeidsmarkedet, økonomiske vanskar og vanskar i nære relasjonar. Barn som syner tegn på psykiske plager eller som er eksponert for alvorlege risikoforhold bør fangast opp på eit tidleg tidspunkt i helsestasjon, barnehage og skule.
 
 
 
I arbeidet med psykisk helse er det lagt for liten vekt på miljøfaktorar og på dei forhold som påverkar psykisk helse og trivsel i populasjonen. I folkehelsearbeid må det fokuserast på folk sine betingelsar for meistring; forhold i menneska sitt miljø og på dei arena som fremmar meistring, tilfredsheit, tilhørigheit, utvikling og vekst, oppleving av meining, autonomi og positive relasjonar (Kjelde; Fhi, Folkehelserapporten 2014).
 
 
 
=== Innvandrarar ===
 
Flyktningsituasjonen i Norge og Europa i 2015 gav utfordringar for kommunane, denne situasjonen har endra seg. Betre integrering av innvandrarar som får innvilga opphald i Norge er likevel eit satsingsområde. Det er fleire utfordringar knytt til dette,men truleg er språkopplæring, utdanning og arbeid viktige nøkkelord. Innvandrarar er ei samansett gruppe når det gjeld alder, kjønn, opprinnelsesland, sosioøkonomisk status, innvandringsgrunn og opphaldstid. Nokre av helseforskjellane mellom ulike innvandrargrupper har samanheng med sosioøkonomisk status, men lav sosioøkonomisk status kan òg vere eit resultat av å vere innvandrar.
 
 
 
Desse utfordringane skal det arbeidast vidare med i kommuneplanen sin samfunnsdel  og lagast tiltak på i årleg budsjett- og handlingsprogram.
 

Nåværende revisjon fra 2. jan. 2019 kl. 09:48

Omdirigering til: