Forskjell mellom versjoner av «Solund»

Fra Folkehelseoversikt.no
Hopp til: navigasjon, søk
(Omdirigerer til Solund kommune)
 
Linje 1: Linje 1:
{{TOC|align=right}}
+
#OMDIRIGERING [[Solund kommune]]
 
 
= Befolkningssamansetnad =
 
 
 
=== Folketalsutvikling ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|folketalsutvikling_1}}
 
 
 
'''Diagrammet med data frå Kommuneprofilen viser kommunens befolkningssamansetnad i aldersklasser og antal, 2018. Solund har per mars 2018: 807 registrerte innbyggjarar. Folketalet har vore relativt stabilt dei siste åra.  '''
 
[[Fil:Befolking 1.png|venstre|miniatyr]]
 
[[Fil:Befolking 2.png|sentrer|miniatyr|Bevegelsen i innbyggjarpopulasjonen over tid
 
Innbyggjarar (%) i Solund 2000 - 2018, etter aldersgrupper
 
 
 
Kjelde: Kommuneprofilen
 
]]
 
 
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|folketalsutvikling_2}}
 
 
 
=== Folketalsframskrivingar ===
 
'''Det er lang reiseveg til vidaregåande skular frå kommunen. Konsekvensen av dette vert oftast hybel-/internattilvere for ungdommane. [http://tidsskriftet.no/2001/01/klinikk-og-forskning/ung-pa-hybel-sosial-kontroll-og-helserelatert-atferd Ei større undersøking av HJ Breidablik & E Meland frå 2001] viser klart meir ugunstig helserelatert åtferd hjå unge hybelbuarar enn heimebuande. Desse faktorane kan bidra til sosial ulikskap.''' 
 
 
 
'''Gjennom Hordalandsavtalen får elevar frå Solund og Gulen mogelegheit til å bu heime og dagpendle, medan dei går på vidaregåande ved Austrheim VGS. Ein antek dette har positive konsekvensar for framtidig arbeidsstokk, innbyggjartal og helseåtferd. Diverre vert nettverket heime naturleg nok redusert grunna jamnaldrande utflyttarar. Tilbodet i Austrheim har eit begrensa studieprogram og er varierande brukt av ulike årsaker. Tilbodet er transportmessig best tilgjengelig for midtre og ytre Solund.'''
 
 
 
'''Låg tilbakeflytting etter fullført skulegong er ei stor utfordring – med konsekvensar m.a. for framtidig arbeidsstokk, tenester og innbyggjartal, både i Solund og i fylket. Det etterlyses systematisk rekruttering av desse, frå siste skuletida til arbeidslivet i kommunen. UngData Solund 2017 viser at 71% av gutane og 30% av jentene på ungdomsskulen ynskjer å bu i kommunen som vaksne. Henholdsvis 14% og 45% var usikre.'''
 
 
 
[[Fil:Framskriv.png|venstre|ramme|'''Fig.''' Andelar av ungdomsskuleelevar som svarar at dei kan tenke seg å bu i heimkommunen når dei blir vaksne. Kjelde:  Samhandling Sogn og Fjordane, frå UngData 2017    ]]
 
 
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|folketalsframskrivingar_1}}
 
 
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|folketalsframskrivingar_2}}
 
 
 
'''Kommunane i Sogn og Fjordane kan forvente at andelen eldre over 80 år aukar kraftig. Her har Solund ei mogeleg stor utfordring. I andre aldersgrupper, er endringane mindre tydelege.'''
 
 
 
=== Etnisk samansetting og utvikling ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|etnisk_1}}
 
 
 
'''I 2018 er 15,4 % av innbyggjarane i Solund innvandrarar, og trenden er aukande over tid. Flesteparten er truleg arbeidsinnvandrarar frå Polen.'''
 
 
 
'''I  perioden 2015-17 har kommunen busett 30 flyktningar frå Syria.'''
 
 
 
'''Fig.: Kjelde: Kommuneprofilen. (Tal 1-2 anonymisert til 3/0).'''
 
 
 
[[Fil:Innvandrarar.png|sentrer|ramme]]
 
'''Gruppa er òg ein ressurs for samfunnet.''' {{#lst:Folkehelseoversikt|etnisk_2}}
 
 
 
= Oppvekst- og levekår =
 
 
 
=== Låginntekt hushaldning ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|låginntekt_1}}
 
 
 
'''Solund har ligge rundt det jamt lågare fylkesnivået, men hadde ei markant auke av låginntekthushaldningar i 2015 og 2016, og som kanskje kan forklarast med god samfunnsinnsats med busetnad av flyktningar i same periode.'''
 
 
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|låginntekt_2}}
 
 
 
=== Einslege forsørgjarar ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|einslege_1}}
 
 
 
'''Solund har – som Sogn og Fjordane – færre einslege forsørgjarar enn landsgjennomsnittet.'''{{#lst:Folkehelseoversikt|einslege_2}}
 
 
 
=== Arbeidsløyse ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|arbeidsløyse_1}}
 
 
 
'''Det er generelt lita arbeidsløyse i Solund (personleg kommunikasjon, NAV Solund).'''
 
 
 
'''Blant dei framandspråklege arbeidssøkjarane, ser ein at norsk språkkunnskap kan vere ein medverkande faktor for jobbmogelegheiter. At det fins tilgjengeleg tilbod om norskkurs vil difor vere viktig, òg relatert til m.a. sikkerheit.'''{{#lst:Folkehelseoversikt|arbeidsløyse_2}}
 
 
 
=== Sjukefråvær ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|sjukefråvær_1}}
 
 
 
'''Sjukefråveret i Solund har dei siste åra ligge litt over landssnittet, utan ein klar årsak. Ein såg i perioden 2013 – 2014 ein reduksjon på 23,2%, frå 8,2% - 6,3%. Mogeleg som resultat av kommunalt inkluderande arbeidslivs-(IA)-prosjekt rundt arbeidsmiljø. Kommunen er IA-bedrift og ein av Solunds største bedrifter.'''
 
 
 
'''Tal frå NAV (fig. under) viser varierande bruk av graderte sjukemeldingar. Berekna ved 12-vekersoppfylgjing frå august 2015 (ni månader), varierer bruken frå 28%  – 64% i Sogn og Fjordane. For Solund ligg den på 28%.  Årsakene til at det er så lite brukt i kommunen kan variere, slik at det ikkje er mogeleg å peike ut ein særskilt grunn.''' 
 
 
 
'''Forsking viser at det å ha ei viss tilknyting til jobben, trass i sjukdom, aukar sjansane for å kome raskare tilbake i full jobb. Dersom bedriftene handhevar ansvaret sitt for tilrettelegging på arbeidsplassen, kan tilsette stå lenger i jobb, og hindre utstøyting frå arbeidslivet.'''
 
 
 
'''Kommunens lokalitet i høve spesialisthelsetenesta er og ei utfordring. Det er i enkelte høve, t.d. ved behov for spesialisert psykisk helsehjelp, både dyrt og langt å reise, og kan vere eit hinder som òg kan skape sosial ulikskap.'''
 
 
 
[[Fil:Sjukemelding.png]]
 
 
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|sjukefråvær_2}}
 
 
 
=== Uføretrygd ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|uføretrygd_1}}
 
 
 
'''NAV observerer at personar kan vere  geografisk uføre. Det betyr at her finst få arbeidsplassar som er foreinelege med personane sine helseutfordringar. Eller at naudsynt tilrettelegging av arbeid ikkje er mogeleg.'''{{#lst:Folkehelseoversikt|uføretrygd_2}}
 
 
 
=== Mottakarar av sosialhjelp ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|mottakarar_1}}
 
 
 
'''I seinare tid har kommunen ikkje hatt personar på fast utbetaling av sosialhjelp.''' 
 
 
 
'''Undersøkingar viser at kommunar som har teke imot flyktningar, opplever ei auke i utbetaling av sosialhjelp.  Ein kan ikkje sjå bort frå at dette også kan verte ein realitet i Solund.'''
 
 
 
'''God integrering med moglegheit for aktivitet, utdanning og arbeid, kan hindre at personar vert passive mottakarar av sosialhjelp. Mogeleg òg bidra til sosial og økonomisk tryggleik, og auke mogelegheitene for å leve og bu sjølvstendig, fremje overgang til arbeid, sosial inkludering og aktiv deltaking i samfunnet.''' 
 
 
 
'''Sentrale styresmakter har nyleg vedteke å innføre aktivitetsplikt for mottakarar av sosialhjelp under 30 år.  Dette vil krevje at kommunen har system for oppfølging av aktivitetsplikta, samt tilgjengelege aktivitetar og arbeid å tilby desse brukarane. Kjelde: http://www.ks.no/fagomrader/helse-og-velferd/nav/okte-sosialhjelpsutgifter/'''{{#lst:Folkehelseoversikt|mottakarar_2}}
 
 
 
=== Utdanningsnivå ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|utdanningsnivå_1}}
 
[[Fil:Utdanning.png|sentrer|ramme|Figurar: Høgste fullførte utdanningsnivå , 30-39 år, vidaregåande eller høgare, prosentandel, 1996 til 2016. Kjelde: FHI ]]
 
'''Innbyggjarane i Solund ligg litt lågare i utdanningsnivå enn fylke- og landssnittet. Dette har truleg samanheng med arbeidsmarknaden i kommunen. Imidlertid har utdanningsnivået stege jamt, og ligg det siste tiåret på det høgste nokonsinne målt.'''
 
 
 
'''Hushaldningars gjennomsnittlege inntektsnivå har fulgt etter. Historisk sett har det ligge under fylke- og landsnitt. Men sjølv om nivået er under fylkessnitt, har det auka jamt og passerte landsnivå i 2014.'''{{#lst:Folkehelseoversikt|utdanningsnivå_2}}
 
 
 
=== Fråfall i vidaregåande skule ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|fråfall_1}}
 
 
 
'''Ungdom må dagpendle eller bu på hybel for å gå på vidaregåande skule. Vi veit imidlertid at elevar frå Solund har høg fullføringsprosent på vidaregåande. Ein identifiserer «Sommarjobb 13-17år» som mogeleg bidrag til suksess? Der ungdommar får prøve ut mogeleg yrkesretning over tid, før val av studieretning.'''
 
 
 
'''Kunnskapsdirektoratet har frå 2016-2020 gitt fylkeskommunen i oppdrag å prøve ut [http://www.sfj.no/draumesatsing-for-vgs-elevar.5847461-339464.html tiltak mot fråfall og betring av læringsmiljø i vidaregåande skule] i regionen.'''{{#lst:Folkehelseoversikt|fråfall_2}}
 
 
 
=== Barnevern ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|barnevern_1}}
 
 
 
'''Kommunen har avtale med HAFS barnevernsteneste. Hovudkontoret er i Dale.'''   
 
 
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|barnevern_2}}
 
 
 
= Fysisk, biologisk, kjemisk og sosialt miljø =
 
'''Ungdomsskuleelevar i Solund hevdar dei er trygge i og, mange ynskjer å busetje seg i kommunen. (UngData Solund, 2017).''' 
 
 
 
=== Radon ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|radon_1}}
 
 
 
=== Kvalitet på drikkevatn ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|drikkevatn_1}}
 
 
 
'''Meldepliktig vassforsyning i Solund er dokumentert rein over tid. Om lag 65 % av befolkninga vår har privat vassforsyning. Desse er ikkje meldepliktige og ein har derfor ingen hygienisk informasjon.'''
 
 
 
'''Med store mengder sjøfugl og anna fugl i nærleiken, må ein i tillegg til ''E.Coli'' òg vere oppmerksom på faren for forureining med [https://www.fhi.no/sv/smittsomme-sykdommer/smitte-fra-mat-vann-dyr/campylobacter/ bakterien ''Campylobacter'']''.'' Ein kjenner imidlertid ikkje til utbrot frå slike bakterier i drikkevatnet her. Båe kan gi symptom frå mage-/tarmkanalen.'''{{#lst:Folkehelseoversikt|drikkevatn_2}}
 
 
 
=== Lovbrot ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|lovbrot_1}}
 
 
 
'''Solund tilhøyrer [https://www.politiet.no/om/organisasjonen/politidistrikter/vest/ Vest Politidistrikt]. Den store avstanden gjev utfordringar i f.h.t. førebygging, krise- og katastrofehandtering. Kommunen har i tillegg avtale med Senter mot incest og seksuelle overgrep i Hordaland; [http://www.smiso-hordaland.no/ SMISO] og [http://www.krisesenteret.sf.no/om-krisesenteret/ Krisesenteret i Sogn og Fjordane.]'''
 
 
 
=== Frivillige lag og organisasjonar ===
 
[[Fil:Frivillig.png|venstre]]
 
'''Solund har i fleire år scora toppkarakter og blant dei seks beste som frivilligkommune i [https://www.telemarksforsking.no/publikasjoner/detalj.asp?merket=5&gID=KI&r_ID=3048 Telemarks-forskning sin kulturindeks], og dette fortel om stor aktivitet i lag og organisasjonar, og god dugnadsvilje.''' 
 
 
 
'''Solund har ein Frivilligsentral, og anslagsvis 60 aktive og inaktive frivillige lag og organisasjonar. Kommunen sitt mangfald av lag- og organisasjonar har stor betyding for innbyggarane si helse og trivsel, då dei deltek i 90% av folkehelsearbeidet.'''
 
 
 
'''I ''Kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2016-''2027 s.12, skildrast eit relativt godt og variert tilbod og aktivitetar.'''
 
 
 
'''Solund Frivilligsentral har gjennom feire år delteke i  volontørprosjektet  [http://ec.europa.eu/programmes/erasmus-plus/ Erasmus+], som er eit EU program for ungdommar i Europa og naboregionar mellom 18 og 30 år. Volontørane hjelper lag og organisasjonar på aktivitetar og arrangement og tenestegjer på ulike einingar i kommunen.'''{{#lst:Folkehelseoversikt|frivillige_2}}
 
 
 
=== Mobbing og trivsel i skulen ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|mobbing_1}}
 
[[Fil:Mobbing.png|sentrer]]
 
'''Solund har berre ein skule.'''
 
 
 
'''·        To av fem ungdomsskuleelevar er nøgde med skulen (UngData, Solund, 2017).'''
 
 
 
'''·        Skulen ligg om lag på landsnivå, men under fylkessnittet, i trivsel.'''
 
 
 
'''·        Elevundersøkelsen viser ein førebels positiv, svakt fallande trend når det gjeld mobbing, men framleis førekjem mobbing sannsynlegvis oftare ved vår skule, enn snittet i fylket og landet. M.a. trivselsprogram med trivselsagenter vart satt i gang som treårsprosjekt frå hausten 2016.''' {{#lst:Folkehelseoversikt|mobbing_2}}
 
 
 
= Skader og ulykker =
 
 
 
=== Personskadar behandla i sjukehus ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|personskadar_1}}
 
[[Fil:Skader.png|sentrer|ramme|Figuren viser statistikk over lårhalsbrot 67+, rate per 1000, og syner variasjonar frå år til år (Kjelde: www.samhandlingsbarometeret.no).]]
 
'''Kommunen etablerte i 2014 (pil) årleg tilbod om førebyggande heimebesøk til alle 75-åringar, der måla m.a. er at eldre sjølv skal legge til rette for å førebygge skader og ulukker, samt ha god helseadferd.'''
 
 
 
'''Vi treng meir informasjon om ulykkes''årsaker'' i vår kommune.'''
 
 
 
=== Andre ulykker ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|ulykker}}
 
 
 
'''Solund har hatt 11 skada, men ingen dødsulykker på vegane siste 15 åra.'''
 
 
 
'''Ulykker generelt:'''
 
 
 
'''Ein antek av m.a. fylgjande faktorar har medverkar positivt på førekomsten av ulykker:'''
 
* '''Kommunen har eige basseng, som kan nyttast av innbyggjarane og skulen oktober til mai'''
 
* '''Skulen har symjeopplæring heilt frå 1.- 10.klasse. Det same gjeld livrednings- og førstehjelpskurs'''
 
* '''Helsestasjon har fast tema på helsestasjonen om sikring av barn i bil'''
 
* '''Gjennomføring av trafikktryggingstiltak over mange år med tilskot frå «aksjon skuleveg»'''
 
* Interkommunale brannførebyggjande tiltak og motivering frå 2003
 
* Skadeførebyggjande informasjon via gratistilbodet «Førebyggjande heimebesøk» hos innbyggjarane det året dei fyller 75 år
 
 
 
= Helserelatert atferd =
 
 
 
=== Fysisk aktivitet ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|fysisk_1}}
 
 
 
'''''Organiserte aktivitetar'''''
 
 
 
'''·        Tilgjenge Utfordringa i Solund er store avstandar og uoptimale kollektivtransporttilbod til organiserte aktivitetar. Mange er avhengig av bil eller eit nettverk som kan bistå, nokon er i tillegg begrensa av ferjetilbodet. Utanfor sentrumskjerna manglar ein både stiar og gatelys mange stader.'''
 
 
 
'''·        Aktivitetstypar er begrensa i utval, men er med unntak av aldersgrenser i særskilde høve, opne for alle. Dei fleste aktivitetar er på ettermiddag i kvardagane. Aktiv på Dagtid er eit kommunalt lågterskeltilbod, som sikrar eit aktivitetstilbod for vaksne, på dagtid.'''
 
 
 
'''''Uorganiserte aktivitetar'''''
 
 
 
'''Figuren under er frå rapporten [https://helsedirektoratet.no/Lists/Publikasjoner/Attachments/1343/IS-0613 Rapport Helsedirektoratet (3a).pdf Fysisk aktivitet; omfang, tilrettelegging og sosial ulikhet, 2017 (s.43)], og viser at flest over 15 år i landet får sin trim via friluftsaktiviteter og uorganisert mosjon. Vidare at denne typen trening har auka, og er føretrekt treningsform. Fordelen med slik aktivitet er at den er lett tilgjengeleg. Ein ser og ein klar skilnad mellom aldersgruppene. Rapporten påpeikar at mykje av dagens utbygging og tilrettelegging av anlegg, skjer med tanke på organisert trening slik den drives i idrettslaga. Dermed treff den ikkje alle. Den dekkjer ei treningsform som hovudsakeleg born og ungdommen nyttar, og i liten grad dei vaksne.'''
 
 
 
[[Fil:Aktivitet.png]]{{#lst:Folkehelseoversikt|fysisk_2}}
 
 
 
=== Kosthald ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|kosthald_1}}
 
 
 
'''Helsestasjonstenesta føl Nasjonale  faglege retningsliner for veging og måling i helsestasjons- og skulehelsetenesta. Dette inneber bl.a. tilbod  om vekt og lengde for elevar i 3. og 8. klasse. Dette er gode system for å fange opp barna som treng det. Det manglar system for rapportering av data sentralt. Det er store lokale forskjeller i om og korleis barn og unge med over-/undervektsproblematikk følges opp. Vi har i dag for liten kunnskap om verksame tidlige tiltak i forhold til vektproblematikk.'''
 
 
 
'''Barnehage og skule har aukande fokus på kosthald. Etter 10. klasse flyttar mange vanlegvis på hybel utanfor kommunen. Det er naturleg å anta at desse m.a. får mindre oppfølging enn heimebuande ungdom.  På internatskuler får elevar servert faste måltid.'''  {{#lst:Folkehelseoversikt|kosthald_2}}
 
 
 
=== Overvekt ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|overvekt_1}}
 
 
 
'''Nye [http://khs.fhi.no/webview/index.jsp?headers=AAR&stubs=GEOGRAFI&sort=column&measure=common&layers=KJONN&layers=KMI_KAT&layers=virtual&study=http%3A%2F%2F10.1.5.16%3A80%2Fobj%2FfStudy%2Fsesjon1-KMI&by=0&KMI_KATslice=overv_inkl_fedme&mode=cube&KJONNsubset=0&virtualsubset=MEIS_value&GEOGRAFIslice=0&KJONNslice=0&order=asc&GEOGRAFIsubset=0%2C14%2C1401%2C1412%2C1416%2C1428+-+1439&AARslice=2011_2014&virtualslice=MEIS_value&byc=2014_2017&v=2&AARsubset=2011_2014+-+2014_2017&submode=table&measuretype=4&cube=http%3A%2F%2F10.1.5.16%3A80%2Fobj%2FfCube%2Fsesjon1-KMI_C1&KMI_KATsubset=overv_inkl_fedme&top=yes sesjonstal frå 2014 til 2017 (begge kjønn)] viser ein nedgang i kommunens andel med overvekt/fedme, frå 35,9 % (2013-2016) og liknande nivå åra før, til 19,2 % i 4-årssnitt 2014-17. Solund er dermed under både lands- og fylkessnitt. Ein kjenner til at fleire faktorar bidreg til overvekt, men det ser ut til at trenden av overvekt etter ei tid med auke no flatar ut på fylkesnivå og truleg på landsnivå, hjå vaksne. Slik vi har sett hjå barn over tid.'''
 
 
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|overvekt_2}}
 
 
 
=== Røyking og rusmidlar ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|røyking_1}}
 
 
 
'''Det er størst andel alkohol innan rusmisbruk, men viser lite info frå ungdomsgruppa, viser Brukarundersøking frå Solund (2013). UngData Solund 2017 viser at nær 1/3 av ungdomsskuleelevane har nytta alkohol siste året, langt høgare enn landet (13%).'''
 
 
 
'''Årleg omsetnad av alkohol i Noreg per innbyggjar over 15 år, viser ei klar auke frå 1970 – 2011; frå 4,73 liter til 6,62 liter. Det er og klart auka kulturell aksept på alkohol på landsbasis, og difor eit behov for førebygging i ung alder. Det føreligg ingen informasjon som tyder på at Solund er ulik resten av landet her. Formålet med førebygging er å unngå at eit stort alkoholforbruk kjem over i avhengigheitsproblematikk. Tross auka konsumstatistikk for alkohol, er det positivt at debut-alderen har auka på landsbasis.'''
 
 
 
'''Avhengigheitsproblematikk er ofte ein samansett situasjon, som krev tverrfagleg samarbeid på tvers av einingar. Slik er det også i Solund. Dersom ein har eit avhengigheitsproblem, viser erfaringar og brukartilbakemeldingar at eit lågterskeltilbod/tilbod som er opne utanom kontortid, er den hjelpa som er mest etterspurt. Per dags dato finnas det svært få slike tilbod i Sogn og Fjordane, og ingen i kommunen. Alternativet er då henvisning til spesialisthelsetenesta. Dømesvis innlegging på Sogn og fjordane sin eine akuttpost, der statistikk viser at dei vert skreve ut etter eit døgn, eller ambulerande team. Erfaringar viser at mange akuttinnleggingar og bruk av tvang kan minimerast dersom ein har eit velfungerande tilbod i kommunane; også utanom dagtid.''' {{#lst:Folkehelseoversikt|røyking_2}}
 
 
 
= Helsetilstand =
 
 
 
=== Tannhelse ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|tannhelse_1}}
 
På landsbasis har det vore ein nokså jamn nedgong i kariesførekomst i tennene blant 5, 12 og 18- åringane dei siste 25 åra. Om lag ¾ av alle 5, 12 og 18-åringar er undersøkte/behandla eller registrert (Kjelde; SSB). DMTF=0 tyder tenner som ikkje trong behandling eller hadde vore behandla tidlegare (kjelde; SSB,  Florø tannklinikk).
 
 
 
 
 
'''Tannhelsetenesta har fast samarbeid med skule- og helsetenesta, både for barn og vaksne, men angjev for lite bevilga tid til førebygging.'''
 
 
 
'''Mellom anna får pasientar/brukarar i helsetenesta gratis tannbehandling etter særskilde kriterier. Tiltaka kan fange oppe enkeltindivid som ikkje har økonomi til nødvendig tannbehandlingar'''{{#lst:Folkehelseoversikt|tannhelse_2}}
 
 
 
=== Sjukehusinnleggingar generelt ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|sjukehusinnleggingar_1}}
 
 
 
=== Diabetes ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|diabetes_1}}
 
 
 
'''Det kan sjå ut til at andelen i Solund har flata ut på eit lågare nivå enn fylke og land dei siste åra.'''{{#lst:Folkehelseoversikt|diabetes_2}}
 
 
 
=== Hjerte- og karsjukdomar ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|hjerte_1}}
 
 
 
=== Muskel- og skjelettlidingar ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|muskel_1}}
 
 
 
'''Solund har færre registrerte muskel- og skjelettlidingar i primærhelsetenesta, men fleire hoftebrot.'''
 
 
 
=== Kreft ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|kreft_1}}
 
 
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|kreft_2}}
 
 
 
=== Psykiske lidingar ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|psykiske_1}}
 
 
 
[[Fil:Antidep.png]]
 
 
 
'''Kommunen ser ut til å liggje godt under både fylkes- og landssnitt, med diagnostiserte psykiske lidingar og symptom (2014-16, Kommunehelsa). Moment som og er sjekka ut blant ungdom er einsemd, depressive symptom og skade/trugsel om vald.''' 
 
 
 
'''Det identifiserast tre særskilde utfordringar innan omsorgen til individ med behov for behandling, og som kan vere til hinder for optimal behandling:'''
 
 
 
'''·        Få og små ressursar vanskeleggjer å yte tenester lokalt'''
 
 
 
'''·        Lang reiseveg til spesialisthelsetenesta (òg nemnt under punkt 5.4 Sjukefråvær)'''
 
 
 
'''·        Personleg økonomisk belastning vedrørande transportkostnader'''
 
 
 
'''Som landet for øvrig vil det finnast kryssdiagnosar mellom rus og psykiatri.'''{{#lst:Folkehelseoversikt|psykiske_2}}
 
 
 
= Oppsummering av utfordringar og utvikling i Solund kommune =
 
Folkehelseoversikta må lesast som ein samtidspuls, som hovudsakleg viser kvar utviklingstrendpila peikar, i staden for detaljar som varierer frå år til år. Oversikta gir likevel ingen garantiar og krystallkuler inn i framtida, og vi får kun svar på det vi spør om. Oversikta viser at helseutfordringane i Solund i hovudsak ikkje skil seg særleg frå land og fylke, men at dei fylgjande truleg er dei viktigaste:
 
 
 
'''Låg førekomst av sosial ulikskap'''
 
 
 
Sjølv om vi har førekomst av sosial ulikskap i kommunen, er den truleg låg. Dette speglast i ulike positive indikatorar. Kommunen har høg fullføringsprosent på vidaregåande skule, og utdanningsnivået har auka over tid og kan måle seg med både land og fylke. Hushaldsinntekta har klatra jamt etter og passert landsnivå. Etter ei tid med få hushaldningar med låg inntekt, har denne auka markant dei siste åra, antakeleg grunna god samfunnsinnsats med busetjing av flyktningar. Kommunen fyl elles fylket på mange område, m.a. med færre barn med einslege forsørgjarar enn landet, låg arbeidsløyse over tid og få sosialhjelpsmottakarar.
 
 
 
'''Fleire bør i aktivitet, og betre kosthaldet'''
 
 
 
Som landet for øvrig slit fylket med å få unge og vaksne nok aktive. Dessutan er det for få som oppfyller kosthaldanbefalingane om nok frukt og grønsaker og mindre sukker, sjølv om utviklinga går i rett retning. Diverre har fylket meir overvekt enn landet, men det ser ut til at trenden av overvekt etter ei tid med auke no flatar ut på fylkesnivå og truleg på landsnivå, hjå vaksne. Slik vi har sett hjå barn over tid. Solund har hatt ein nedgang og ligg no under både fylkes- og landsnivå.  
 
 
 
'''Folketalsutvikling med fleire eldre og færre i arbeidsrelatert alder'''
 
 
 
Folketalet vårt har synke over tid, men stabilisert seg dei siste åra. Som følgje av dette anslåast det auka andel eldre i framtida. Antakeleg vil det ikkje vere nok i arbeidsrelatert alder til å ta seg av auken i helseutfordringane som er forventa å fylgje med. Derimot ser fleirtalet av ungdomsskuleelevane framtida si i Solund, og vi har ei lita auke i innvandrarandelen, truleg hovudsakleg arbeids- og flyktninginnvandring.
 
 
 
'''God psykisk helse med forbetringspotensial'''
 
 
 
Den psykiske helsa verkar i hovudsak god. Det kan sjå ut som over tid at trivselen i skulen aukar, med ein svak synkande trend på førekomst av mobbing. Men framleis førekjem mobbing sannsynlegvis oftare ved vår eine skule, enn snittet i fylket og landet. Diverre prøver for mange unge i kommunen alkohol før dei er gamle nok. Rusmidlar som Cannabis førekjem og, medan tala for tobbakk er låge.
 
 
 
'''Helsetilstanden'''
 
Medan diabetesmedisinerte aukar jamt i land og fylke, ser det ut til at talet av ukjend årsak har stabilisert seg siste åra i Solund. Muskel- og skjelettlidingar har vi og mindre av. Tannhelsa er god og i betring. Sjukefråværet ligg litt over landsnivå dei siste åra, utan kjend årsak. Fylket ligg litt høgre enn landet på innlagte personskader, medan hoftebrot er omtrent som landsnivå. Vi vil framover, som landet forøvrig, antakeleg sjå ei auke i nye krefttilfelle, men med stabil dødelegheit
 

Nåværende revisjon fra 2. jan. 2019 kl. 09:48

Omdirigering til: