Solund kommune

Fra Folkehelseoversikt.no
Revisjon per 2. jan. 2019 kl. 11:47 av Kjell-Arne Nordgård (diskusjon | bidrag) (Ny side: {{TOC|align=right}} =Befolkningssamansetnad= ===Folketalsutvikling=== {{#lst:Folkehelseoversikt|folketalsutvikling_1}} '''Diagrammet med data frå Kommuneprofilen viser kommunens befol...)

(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til: navigasjon, søk

Befolkningssamansetnad

Folketalsutvikling

Befolkninga i Sogn og Fjorande har på fylkesbasis hatt jamn vekst siste 5 åra. Ein ser størst vekst i dei største kommunane, medan mindre kommunar har hatt negativ eller svingande befolkningsutvikling. Noko av variasjonen kan ein forklare med lavt talmateriale og tilfeldige variasjonar.


Diagrammet med data frå Kommuneprofilen viser kommunens befolkningssamansetnad i aldersklasser og antal, 2018. Solund har per mars 2018: 807 registrerte innbyggjarar. Folketalet har vore relativt stabilt dei siste åra.
Befolking 1.png
Bevegelsen i innbyggjarpopulasjonen over tid Innbyggjarar (%) i Solund 2000 - 2018, etter aldersgrupper Kjelde: Kommuneprofilen
Befolkningsutvikling blir sett på som ein indikator for regional utvikling. Ønsket om befolkningsvekst har samanheng med fleire forhold som kommunens inntektsgrunnlag og tilgang på arbeidskraft. Utvikling i innbyggjarartal har betyding for kommunen sine planar på omfang og kvalitet av dei ulike tenestane som skal leverast til innbyggjarane i framtida.

Folketalsframskrivingar

Det er lang reiseveg til vidaregåande skular frå kommunen. Konsekvensen av dette vert oftast hybel-/internattilvere for ungdommane. Ei større undersøking av HJ Breidablik & E Meland frå 2001 viser klart meir ugunstig helserelatert åtferd hjå unge hybelbuarar enn heimebuande. Desse faktorane kan bidra til sosial ulikskap.

Gjennom Hordalandsavtalen får elevar frå Solund og Gulen mogelegheit til å bu heime og dagpendle, medan dei går på vidaregåande ved Austrheim VGS. Ein antek dette har positive konsekvensar for framtidig arbeidsstokk, innbyggjartal og helseåtferd. Diverre vert nettverket heime naturleg nok redusert grunna jamnaldrande utflyttarar. Tilbodet i Austrheim har eit begrensa studieprogram og er varierande brukt av ulike årsaker. Tilbodet er transportmessig best tilgjengelig for midtre og ytre Solund.

Låg tilbakeflytting etter fullført skulegong er ei stor utfordring – med konsekvensar m.a. for framtidig arbeidsstokk, tenester og innbyggjartal, både i Solund og i fylket. Det etterlyses systematisk rekruttering av desse, frå siste skuletida til arbeidslivet i kommunen. UngData Solund 2017 viser at 71% av gutane og 30% av jentene på ungdomsskulen ynskjer å bu i kommunen som vaksne. Henholdsvis 14% og 45% var usikre.
Fig. Andelar av ungdomsskuleelevar som svarar at dei kan tenke seg å bu i heimkommunen når dei blir vaksne. Kjelde:  Samhandling Sogn og Fjordane, frå UngData 2017

Framskriving 80 + Sogn og Fjordane.png

Kommunane i Sogn og Fjordane kan forvente at andelen eldre over 80 år aukar kraftig. I andre aldersgrupper er endringane mindre tydelege. Kjelde: Samhandlingsbarometeret (2018)


Høg levealder betyr at folk er ved god helse og at vi har gode velferdsordningar, fleire eldre betyr også at det blir fleire som er sjuke og som har behov for helse- og omsorgstenester. Kjelde: 'St.meld. nr. 47, 2008-2009, Samhandlingsreformen.Berekningar har vist at forventa auke i levealder i Noreg vil føre til meir enn dobling i førekomst av demens frå 2006 til 2050, dersom aldersspesifikk utbreiing held seg på dagens nivå. Kjelde: 'Sosial- og helsedirektoratet, 2007 (s23).

Kommunen må ha ein langsiktig plan for å førebu det aukande tal eldre som vil gje auka belastning på kommunen sitt helse og velferdsapparat.

Kommunane i Sogn og Fjordane kan forvente at andelen eldre over 80 år aukar kraftig. Her har Solund ei mogeleg stor utfordring. I andre aldersgrupper, er endringane mindre tydelege.

Etnisk samansetting og utvikling

Innvandrarar har kome til Norge på grunn av arbeid, gjennom familie, som flyktningar eller for å ta utdanning. Mellom 2007 og 2015 var arbeid den viktigaste innvandringsgrunnen. I 2016 kom det flest gjennom familieinnvandring og fleire kom grunna flukt enn arbeid. I 2017 var og familie hovudårsak til innvandring, deretter arbeid..

I fylgje SSB var det per 1. januar 2018 omlag 917 000 personar busett i Noreg som enten har innvandra sjølv (750 000) eller som er fødd i Noreg med to innvandrarforeldre (170 000). Til saman utgjer desse 17,3 % av Noregs befolkning. Ein stor del av innvandrarane er frå Polen, Litauen, Sverige, Tyskland, Pakistan, Somalia, Irak og Syria. Kommunar med asylmottak har fleire innvandrarar frå Afrika og Asia enn andre kommunar. For historiske tal kan ein søke direkte på kommunenivå for detaljerte tal på SSB.

Noreg og Sogn og Fjordane hadde ei kraftig auke i antal asylsøkjarar i 2015. Dette heng saman med flyktningestraumen frå Syria, Afghanistan, Eritrea og Irak som pregar Europa generelt.

I fylgje IMDi vart 2016 eit rekordår med over 15 000 busette flyktningar, 1 600 av desse var einslege mindreårige. Busettinga vil halde seg på eit høgt nivå også i 2017 og oppdaterte prognosar for busettingsbehov frå UDI tilseier at behovet vil vere om lag 11 080 personar inkludert 820 einslege mindreårige. Samstundes vil lågare innkomst av asylsøkjarar føre til eit lågare busettingsbehov i 2018.

Basert på anmodnings- og vedtakstal frå IMDI så ser det foreløpig ut som at behovet for busetting av flyktningar i 2019 vil vere om lag 5 350 personar.


I 2018 er 15,4 % av innbyggjarane i Solund innvandrarar, og trenden er aukande over tid. Flesteparten er truleg arbeidsinnvandrarar frå Polen.

I  perioden 2015-17 har kommunen busett 30 flyktningar frå Syria.

Fig.: Kjelde: Kommuneprofilen. (Tal 1-2 anonymisert til 3/0).
Innvandrarar.png
Gruppa er òg ein ressurs for samfunnet.
Det er store helsemessige forskjellar mellom grupper av innvandrarar og mellom innvandrarar og etnisk norske. Forskjellane omfattar både fysisk og psykisk helse, i tillegg til helseåtferd. Flyktningar er ei spesielt sårbar gruppe med ekstra folkehelseutfordringar. Vanskar med kommunikasjon og kulturelle forskjellar kan gjere det vanskelig å komme til kjernen av problemet. Det kan vere spesielt vanskeleg å avdekke psykiske sjukdomar. Fysisk inaktivitet, overvekt og fedme er utbredt. Diabetes og hjerte- karsjukdom førekjem hyppigare blant innvandrar frå Afrika og Asia. Kjelde: ''Folkehelserapporten 2014, Folkehelseinstituttet

Kommunen skal mellom anna yte tilfredsstillande helsehjelp, førebyggjande smitteverntiltak, psykososial oppfølging og tannhelsehjelp. Kjelde: ''Helsedirektoratet: Veileder for helsetjenestetilbudet til asylsøkere, flyktninger og familiegjenforente

Det er naturleg å tenke at den kraftige auka i flyktningar og asylsøkjarar vil gje ei auka belastning på heile velferdsapparatet til kommunen, der barnehage, skule og helse er spesielt utsett. Kommunal kompetanse om helse blant flyktningar og innvandrarar er viktig for å lukkast med helsefremjande og førebyggjande arbeid. Tiltak som reduserer språkvanskar og lettar integreringa er viktig folkehelsearbeid.

Oppvekst- og levekår

Låginntekt hushaldning

Noreg har hatt ein liten men jamn auke av hushaldningar med under 60% av nasjonal medianinntekt (EU60) frå 2009 til 2016. Sogn og Fjordane har følgd same trend, men ligg om lag 1,8% under nasjonalt nivå. Trendane på kommunalt nivå føl fylkesutviklinga, I løpet av 2015 og 2016 opplevde nokre av kommunene ei prosentvis auke i antal hushaldningar og steig over nasjonalt og fylkeskommunalt nivå. Grunna lågt talmateriale, og før det føreligg nyare tal er det vanskeleg å gjere tolkningar.

Solund har ligge rundt det jamt lågare fylkesnivået, men hadde ei markant auke av låginntekthushaldningar i 2015 og 2016, og som kanskje kan forklarast med god samfunnsinnsats med busetnad av flyktningar i same periode.

Inntekt og økonomi er grunnleggande påverknadsfaktorar for helse. Forsking viser at det er samanheng mellom inntektsnivå og helsetilstand. Lav inntekt aukar sannsynet for dårleg helse, sjukdom og tidleg død. Kjelde: fhi.no. Studiar viser at levevanar føl inntekt- og utdanningsnivå. Barn og unge av foreldre med lav sosioøkonomisk status har også auka risiko for langvarige sjukdomar og plagar. Reduserte sosiale helseforskjellar er eit viktig mål i folkehelsearbeidet. Innsats for å gjere noko med levekår, som arbeid og utdanning, kan bidra til å fremje helse og jamne ut sosiale helseforskjellar. Ei utjamning av dei sosiale helseforskjellane gjev eit stort potensiale for forbetring av folkehelsa. Kjelde: Folkehelserapporten, 2014

Einslege forsørgjarar

Einslege forsørgjarar har vore stabilt i Noreg siste 5 åra. Sogn og Fjordane ligg igjen under landsgjennomsnittet. Tala for enkelt kommunar i Sogn og Fjordane varierer mykje mellom kommunane, men dei flestte har hatt stabil flat utvikling over tid. Tala for einslege forsørgjarar speglar ikkje tala for låginntekt hushaldning.


Solund har – som Sogn og Fjordane – færre einslege forsørgjarar enn landsgjennomsnittet.

Analyser viser at einslige forsørgjarar oftare har lav inntekt enn hushaldningar med fleire vaksne medlemmar. Tap av forsørgjar gjennom samlivsbrot eller død fører for mange til økonomiske problem. Kjelde: 'fhi.no.'

Arbeidsløyse

Utviklinga av arbeidsløyse i Noreg og Sogn og Fjordane har svinga mellom 1-3% siste 3 åra. Sogn og Fjordane ligg under landsgjennomsnittet for arbeidsløyse. Det er forskjellar mellom kommunar i Sogn og Fjordane, dette ofte grunna nedleggingar og permiteringar i enkelt bedrifter. For kommunar med lågt folketal påverkar permiteringar statistikken ekstra mykje.


Det er generelt lita arbeidsløyse i Solund (personleg kommunikasjon, NAV Solund).

Blant dei framandspråklege arbeidssøkjarane, ser ein at norsk språkkunnskap kan vere ein medverkande faktor for jobbmogelegheiter. At det fins tilgjengeleg tilbod om norskkurs vil difor vere viktig, òg relatert til m.a. sikkerheit.

Ein reknar arbeidsledige for å vere ei utsett gruppe, både økonomisk, helsemessig og sosialt. Kjelde: ''fhi.no

Utfordringen framover vil være å holde sysselsettingen høy og bevare de likhetsbevarende trekkene i den nordiske modellen som blant annet bidrar til liten lønnsspredning. Det er en utfordring at noen grupper er betydelig mer utsatt for lavinntekt enn andre, og at noen blir værende i lavinntektsgruppen over lang tid. Særlig er det en utfordring at andelen barn som lever i lavinntektsfamilier har økt de siste årene. Det gjelder særlig barn av innvandrere og aleneforeldre. Det er betydelige forskjeller i lavinntekt. Det er derfor en utfordring å holde en høy sysselsetting i alle deler av landet og sørge for at alle kommuner er rustet til å ivareta de oppgavene de har overfor sårbare grupper. De fleste med lavinntekt har svak tilknytning til arbeidslivet og får en vesentlig del av inntekten gjennom offentlige overføringer. Det gjelder blant annet nyankomne flyktninger, personer med nedsatt funksjonsevne og grupper med kort utdanning. De som faller utenfor arbeidsmarkedet faller også lett utenfor andre deler av velferdssamfunnet og de har dårligere helse enn andre grupper i befolkningen. Mange med lavinntekt har psykiske problemer og/eller rusproblemer.

Kjelde: Folkehelsemeldingen (s 40)

Sjukefråvær

Sjukefråværet i Sogn og Fjordane har vore stabilt rundt 5%. Kommunane viser variasjon rundt fylkesgjennomsnitt. Folketalet i kommunane gjer at ein får kraftige utslag i prosentvis endring frå år til år, dette gjerne utan at sjukefråværet totalt har endra seg mykje.


Sjukefråveret i Solund har dei siste åra ligge litt over landssnittet, utan ein klar årsak. Ein såg i perioden 2013 – 2014 ein reduksjon på 23,2%, frå 8,2% - 6,3%. Mogeleg som resultat av kommunalt inkluderande arbeidslivs-(IA)-prosjekt rundt arbeidsmiljø. Kommunen er IA-bedrift og ein av Solunds største bedrifter.

Tal frå NAV (fig. under) viser varierande bruk av graderte sjukemeldingar. Berekna ved 12-vekersoppfylgjing frå august 2015 (ni månader), varierer bruken frå 28%  – 64% i Sogn og Fjordane. For Solund ligg den på 28%.  Årsakene til at det er så lite brukt i kommunen kan variere, slik at det ikkje er mogeleg å peike ut ein særskilt grunn.

Forsking viser at det å ha ei viss tilknyting til jobben, trass i sjukdom, aukar sjansane for å kome raskare tilbake i full jobb. Dersom bedriftene handhevar ansvaret sitt for tilrettelegging på arbeidsplassen, kan tilsette stå lenger i jobb, og hindre utstøyting frå arbeidslivet.

Kommunens lokalitet i høve spesialisthelsetenesta er og ei utfordring. Det er i enkelte høve, t.d. ved behov for spesialisert psykisk helsehjelp, både dyrt og langt å reise, og kan vere eit hinder som òg kan skape sosial ulikskap.

Sjukemelding.png

Sjukefråværet vil bli påverka av fleire faktorar. Muskel- og skjellettlidingar og psykiske lidingar dominerer

statistikken sjukefråværsstatistikken. Kjelde: ''nav.no.

Universell innsats mot muskel- og skjellettlidingar og psykiske lidingar vil truleg gje størst helsegevinst.

Uføretrygd

Sogn og Fjordane ligg nært landsgjennomsnittet for prosent av befolkninga som tar i mot uføretrygd. Utviklinga er stabil med noko variasjon frå år til år. Det er noko statistisk variasjon blant kommunane i Sogn og Fjordane. Noko kan skuldast lokale forhold med jobbtilbod og utdanningsnivå, noko kan skuldast lavt talmateriale. Nokre av kommunane har til dømes ikkje offentlege tal grunna lavt folketal. Ein kan ikkje trekke sikre konklusjonar om trendar på kommunenivå grunna lavt talmateriale.


NAV observerer at personar kan vere  geografisk uføre. Det betyr at her finst få arbeidsplassar som er foreinelege med personane sine helseutfordringar. Eller at naudsynt tilrettelegging av arbeid ikkje er mogeleg.

Gruppa som tar i mot uføretrygd er ei utsett gruppe for negativ helsepåverknad. Kor mange som tar i mot uføretrygd er ein indikator på helsetilstand, men må sjåast i samanheng med næringsliv, utdanningsnivå og jobbtilbod i kommunen. 


Grupper som står utanfor arbeidsliv og skule har oftare dårlegare psykisk helse og meir usunne levevaner enn dei som er i arbeid. De siste ti år har andelen som får sjukmelding og uføretrygd vore høgare i Noreg enn i andre OECD-land. Auka helseproblem i befolkninga kan ikkje forklare dette. Årsakene til sjukefråvær og uførepensjon er vanskelige å fastslå. Ofte er dei samansette, og forhold som usikker arbeidssituasjon, nedbemanningar og livsstilsfaktorar kan påverke sjukefråværet og andelen som søkjer om uføretrygd. Kjelde: ''fhi.no

Mottakarar av sosialhjelp

Mottakarar av sosialhjelp varerier mykje mellom kommunane i Sogn og Fjordane. Dette er truleg grunna individuelle lokale forhold. Tala er av eldre dato og Folkehelseinstituttet har slutta å oppdatere statistikkbanken. Dette er truleg ein indikator som i framtida vil bli tatt ut av helseoversiktsdokumentet.


I seinare tid har kommunen ikkje hatt personar på fast utbetaling av sosialhjelp.

Undersøkingar viser at kommunar som har teke imot flyktningar, opplever ei auke i utbetaling av sosialhjelp.  Ein kan ikkje sjå bort frå at dette også kan verte ein realitet i Solund.

God integrering med moglegheit for aktivitet, utdanning og arbeid, kan hindre at personar vert passive mottakarar av sosialhjelp. Mogeleg òg bidra til sosial og økonomisk tryggleik, og auke mogelegheitene for å leve og bu sjølvstendig, fremje overgang til arbeid, sosial inkludering og aktiv deltaking i samfunnet.

Sentrale styresmakter har nyleg vedteke å innføre aktivitetsplikt for mottakarar av sosialhjelp under 30 år.  Dette vil krevje at kommunen har system for oppfølging av aktivitetsplikta, samt tilgjengelege aktivitetar og arbeid å tilby desse brukarane. Kjelde: http://www.ks.no/fagomrader/helse-og-velferd/nav/okte-sosialhjelpsutgifter/

Mottakarane av sosialhjelp er ei utsett gruppe psykososialt og materielt. Dei har ofte ein meir marginal tilknyting til arbeidsmarknaden, kortare utdanning og lågare bustandard enn befolkninga elles. Det er også vist at det er langt større innslag av helseproblem blant sosialhjelpsmottakarane enn i befolkninga elles, og særlig er det ein stor del med psykiske plager og lidingar. 


Utbreiinga av sosialhjelp i totalbefolkninga er eit uttrykk for pågangen på det kommunale hjelpeapparatet frå personar som for kortare eller lengre tid er avhengig av økonomisk støtte til livsopphold. Lang tids avhengighet av sosialhjelp kan mellom anna spegle eit lokalt vanskeleg arbeidsmarknad, men også at sosialtenesta legg ulik vekt på aktivisering av den enkelte og på tverrfaglig samarbeid. Kjelde: ''fhi.no

Utdanningsnivå

Sogn og Fjordane har opplevd ein jamn nedgang i antall personar i alderen 30-39 år som har fullført høgare utdanning på 4,5% (1122 personar) i tidsperioda 2007-2017, der negangen har vore størst dei siste 5 åra med 3,5%. Det er størst nedgang i antal personar som har gjennomført vidaregåande skule, med ein reduksjon på 13% (1942 personar) iløpet av denne 10 års perioda. Trass positiv utvikling m.o.t fullført høgskule utdanning i same aldersgruppe, så er trenden totalt sett negativ. Ein ser og ei negativ utvikling nasjonalt med ein nedgang på 1,5% totalt og 9,8% nedgang i forhold til gjennomført vidaregåande utdanning. Ein ser i varierande grad den same tendensen i kommunane som i fylket, med auke i antall med fullført høgskule, og jamn nedgang totalt med størst nedgang i antal med fullført vidaregåande. Dette kan truleg knyttast til jobbtilbod og demografiske endringar.

Figurar: Høgste fullførte utdanningsnivå , 30-39 år, vidaregåande eller høgare, prosentandel, 1996 til 2016. Kjelde: FHI
Innbyggjarane i Solund ligg litt lågare i utdanningsnivå enn fylke- og landssnittet. Dette har truleg samanheng med arbeidsmarknaden i kommunen. Imidlertid har utdanningsnivået stege jamt, og ligg det siste tiåret på det høgste nokonsinne målt.

Hushaldningars gjennomsnittlege inntektsnivå har fulgt etter. Historisk sett har det ligge under fylke- og landsnitt. Men sjølv om nivået er under fylkessnitt, har det auka jamt og passerte landsnivå i 2014.

Tal frå 2009 viser at menn med universitets- eller høgskuleutdanning kan forvente å leve 6 år lengre enn menn med grunnskule. For kvinner er forskjellen 5 år. Kjelde: ''Folkehelserapporten, 2014

Fråfall i vidaregåande skule

Fråfallet frå vidaregåande skule i Sogn og Fjordane har lege stabilt på kring 18% siste 5 åra. Det er stor variasjon mellom utvalde kommunar i Sogn og Fjordane. Absolutt sett er tala for fråfall høge. I Noreg er det forventa at 90% av befolkinga fullfører vidaregåande opplæring i løpet av livet og 80% før fylte 25 år. Kjelde: Education at a Glance 2018: Sammendrag (s.3)


Ungdom må dagpendle eller bu på hybel for å gå på vidaregåande skule. Vi veit imidlertid at elevar frå Solund har høg fullføringsprosent på vidaregåande. Ein identifiserer «Sommarjobb 13-17år» som mogeleg bidrag til suksess? Der ungdommar får prøve ut mogeleg yrkesretning over tid, før val av studieretning.

Kunnskapsdirektoratet har frå 2016-2020 gitt fylkeskommunen i oppdrag å prøve ut tiltak mot fråfall og betring av læringsmiljø i vidaregåande skule i regionen.

Det er godt dokumenterte samanhengar mellom utdanningsnivå, materielle levekår og helse. Ein antar at personar som ikkje har fullført vidaregåande utdanning er like utsett for levekårs- og helseproblem som dei som har valt å ikkje ta meir utdanning etter fullført ungdomsskule. Kjelde: ''fhi.no.


Grupper som generelt sett har høyere risiko for å ikke gjennomføre videregående skole er elever med svake grunnskolekarakterer, elever med lavt utdannede foreldre, gutter, minoritetsspråklige elever med manglende norskkunnskap og yrkesfagelever med dårlige grunnferdigheter. Frafall er sluttpunkt av en lengre prosess. Årsakene er ofte sammensatte og kan ligge i ulike faser, gjerne tidligere i opplæringen og i overganger mellom ulike skoletrinn. Den viktigste direkte årsaken til frafall er svake skoleprestasjoner i ungdomsskolen som ofte faller sammen med lav motivasjon og manglende engasjement for læring. Dette kan igjen ha bakgrunn i tidlig sosialisering. Rapporten har vist at familiebakgrunn, særlig foreldres utdanning, har stor betydning for hvordan barn lykkes i utdanningssystemet. Kjelde: ''NOVA Rapport nr 12/10. Språk, stimulans og læringslyst – Tidlig innsats og tiltak mot frafall i videregåande opplæring gjennom hele oppveksten (s68)

Barnevern

Barn under tiltak frå barnevernet varierer i følgje tal frå SSB mellom utvalde kommunar i Sogn og Fjordane. Utviklinga siste 5 åra har vore stabil utan at ein kan identifisere større trendar. Ei auke kan skuldast at barnehagen har blitt meir oppmerksam på risikofaktorar og sender fleire meldingar til barnevernet.Ein må vere merksam på at ei auke i barn under tiltak frå barnevernet ikkje nødvendigvis er ein negativ folkehelsetrend.


Kommunen har avtale med HAFS barnevernsteneste. Hovudkontoret er i Dale.

Vi vet at risikofaktorer kan være foreldres psykiske sykdom eller rusmiddelmisbruk, vold i hjemmet, foreldre som er langtidsledige/trygdemottakere, fattigdom i familien osv. Jo flere av disse faktorene som et barn utsettes for, jo større sannsynlighet for skjevutvikling. Jo tidligere en klarer å identifisere disse risikofaktorene og sette i verk tiltak, jo større sannsynlighet er det for at barna klarer seg bra.

Kjelde: Folkehelsepolitisk rapport 2012 (s.46), Helsedirektoretet.

Fysisk, biologisk, kjemisk og sosialt miljø

Ungdomsskuleelevar i Solund hevdar dei er trygge i og, mange ynskjer å busetje seg i kommunen. (UngData Solund, 2017).

Radon

Førekomsten av radon er generelt låg i Sogn og Fjordane, men det førekjem enkelte lommer med høg konsentrasjon av radon (Norges Geologiske Undersøkelse). Kommunane har kartlagt radonførekomst med at alle skular og barnehagar skal ha gjennomført radonmålingar.

Kvalitet på drikkevatn

Kvaliteten på drikkevatnet blant kommunane i Sogn og Fjordane er generelt bra. Men det er nokre variasjonar mellom kommunane. Det er uklart kva som er årsaka, men det kan skuldast usikre eller manglande data. Dette vil gjelde vassverk der det er analysert for få prøver m.o.t E. coli til å kunne vurdere drikkevanns­kvaliteten (færre enn 95 % av krav til antal prøver) og vassverk som ellers mangler data eller har registrert resultat for seint. Kjelde: ''khs.fhi.no


Meldepliktig vassforsyning i Solund er dokumentert rein over tid. Om lag 65 % av befolkninga vår har privat vassforsyning. Desse er ikkje meldepliktige og ein har derfor ingen hygienisk informasjon.

Med store mengder sjøfugl og anna fugl i nærleiken, må ein i tillegg til E.Coli òg vere oppmerksom på faren for forureining med bakterien Campylobacter. Ein kjenner imidlertid ikkje til utbrot frå slike bakterier i drikkevatnet her. Båe kan gi symptom frå mage-/tarmkanalen.

Drikkevatn fritt for smittestoff er ein vesentleg faktor for folkehelsa, og E.coli er ein av dei mest sentrale parameter for kontroll. E.coli er en tarmbakterie som indikerer fersk fekal forureining.  Kjelde: ''fhi.no.

Lovbrot

Sogn og Fjordane ligg under landsgjennomsnittet for sikta personar per 1000 innbyggjarar samanlikna med resten av landet. I løpet av tidsrommet 2010 - 2017 har talet på sikta sunke jamt. Kjelde: ''SSB


Solund tilhøyrer Vest Politidistrikt. Den store avstanden gjev utfordringar i f.h.t. førebygging, krise- og katastrofehandtering. Kommunen har i tillegg avtale med Senter mot incest og seksuelle overgrep i Hordaland; SMISO og Krisesenteret i Sogn og Fjordane.

Frivillige lag og organisasjonar

Frivillig.png
Solund har i fleire år scora toppkarakter og blant dei seks beste som frivilligkommune i Telemarks-forskning sin kulturindeks, og dette fortel om stor aktivitet i lag og organisasjonar, og god dugnadsvilje.

Solund har ein Frivilligsentral, og anslagsvis 60 aktive og inaktive frivillige lag og organisasjonar. Kommunen sitt mangfald av lag- og organisasjonar har stor betyding for innbyggarane si helse og trivsel, då dei deltek i 90% av folkehelsearbeidet.

I Kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2016-2027 s.12, skildrast eit relativt godt og variert tilbod og aktivitetar.

Solund Frivilligsentral har gjennom feire år delteke i  volontørprosjektet  Erasmus+, som er eit EU program for ungdommar i Europa og naboregionar mellom 18 og 30 år. Volontørane hjelper lag og organisasjonar på aktivitetar og arrangement og tenestegjer på ulike einingar i kommunen.

Frivillige organisasjoner representerer en betydelig ressurs i norsk samfunnsliv, også i forhold til samfunnsområder der det offentlige har påtatt seg ansvar og der ansvaret er reflektert gjennom tjenester som ytes til befolkningen. Kjelde: ''Stortingsmelding 47, kapittel 16

Mobbing og trivsel i skulen

Tala for mobbing i Sogn og Fjordane ligg under gjennomsnittet for resten av landet. Utvalde kommunar i fylket har trend i positiv utvikling, med mindre mobbing generelt i skulen. Same positive utviklinga ser ein på trivsel i skulen. Dei siste 5 åra har tala for trivsel auka for kommunane.

Det er viktig med fokus på vidare systematisk arbeid for å førebyggje mobbing i skule og barnehagar.

Mobbing.png
Solund har berre ein skule.

·        To av fem ungdomsskuleelevar er nøgde med skulen (UngData, Solund, 2017).

·        Skulen ligg om lag på landsnivå, men under fylkessnittet, i trivsel.

·        Elevundersøkelsen viser ein førebels positiv, svakt fallande trend når det gjeld mobbing, men framleis førekjem mobbing sannsynlegvis oftare ved vår skule, enn snittet i fylket og landet. M.a. trivselsprogram med trivselsagenter vart satt i gang som treårsprosjekt frå hausten 2016.

Mobbing er en vesentlig individuell risikofaktor for psykiske lidelser (Fosse 2006). Barn som mobbes har opptil sju ganger høyere risiko for psykiske plager som engstelse, depresjon, ensomhet og rastløshet, enn barn som ikke mobbes. Blant barn og unge som mobbes er også kroppslige helseplager som hodepine, ryggsmerter, "vondt i magen" og svimmelhet, dobbelt så vanlig som blant andre barn. Jo oftere et barn blir mobbet jo større er risikoen for helseplager (Nordhagen 2005). Sammenhengen mellom mobbing og helseplager understreker at det er viktig å forebygge mobbing i skolen. Det er dessuten viktig å følge med på statistikk over andelen som har vært utsatt for mobbing for å si om hvordan iverksatte tiltak fungerer, og for å kunne drive lokalt kvalitetsforbedringsarbeid. Kjelde: ''fhi.no

Skader og ulykker

Personskadar behandla i sjukehus

Utviklinga av personskadar har gått jamt ned på landsbasis sidan 1950-talet. Sogn og Fjordane ligg over landsgjennomsnittet, men ein har sett ein liten nedgang i fylket totalt frå 2010 til 2017. Kommunane har variasjon seg i mellom og noko variasjon frå år til år. Ein veit ikkje sikkert kva som er årsaka til at Sogn og Fjordane ligg høgare enn landet generelt når det gjeld innleggingar som skuldast personskadar.

Figuren viser statistikk over lårhalsbrot 67+, rate per 1000, og syner variasjonar frå år til år (Kjelde: www.samhandlingsbarometeret.no).
Kommunen etablerte i 2014 (pil) årleg tilbod om førebyggande heimebesøk til alle 75-åringar, der måla m.a. er at eldre sjølv skal legge til rette for å førebygge skader og ulukker, samt ha god helseadferd.

Vi treng meir informasjon om ulykkesårsaker i vår kommune.

Andre ulykker

Trafikkulykker: Drepne i trafikken varierer mykje frå kommune til kommune. I følgje data frå kommuneprofilen.no (velg Sogn og Fjordane) har det vore over ein halvering av drepne og skadde i trafikken i åra 2000-2015 i Sogn og Fjordane, i 2016 og 2017 har ein sett ei auka i antal drepne i i trafikkulykker.

Drukningsulykker: Tal frå Norsk Folkehjelp viser at Sogn og Fjordane har lege på 3-10 drukningsulykker årleg i tidsrommet 2010-2016.

Brann: Tal frå DSB viser at omkomne i brann i Sogn og Fjordane årleg er lave: 2013: 1, 2014: 0, 2015: 2, 2016: 1.


Solund har hatt 11 skada, men ingen dødsulykker på vegane siste 15 åra.

Ulykker generelt:

Ein antek av m.a. fylgjande faktorar har medverkar positivt på førekomsten av ulykker:

  • Kommunen har eige basseng, som kan nyttast av innbyggjarane og skulen oktober til mai
  • Skulen har symjeopplæring heilt frå 1.- 10.klasse. Det same gjeld livrednings- og førstehjelpskurs
  • Helsestasjon har fast tema på helsestasjonen om sikring av barn i bil
  • Gjennomføring av trafikktryggingstiltak over mange år med tilskot frå «aksjon skuleveg»
  • Interkommunale brannførebyggjande tiltak og motivering frå 2003
  • Skadeførebyggjande informasjon via gratistilbodet «Førebyggjande heimebesøk» hos innbyggjarane det året dei fyller 75 år

Helserelatert atferd

Fysisk aktivitet

Tal frå undersøking av fysisk aktivitet blant barn og ungdom i Sogn og Fjordane er sprikande. Statistikkgrunnlaget er lite og resultata varierer frå år til år og mellom kommunane. Generelt viser tala at 10-20% av barn og ungdom mellom 11 og 15 år er fysisk aktive dagleg i over 60 minutt som er anbefalingar frå Helsedirektoratet. Tal frå Ungdata 2017 viser at 80-95% av ungdom i Sogn og Fjordane er fysisk aktive på fritida.

På landsbasis¨er situasjonen slik at berre

  • Om lag 80-90 prosent av barn i barneskulealder oppfyller tilrådingane om fysisk aktivitet.
  • Halvparten av 15-åringane oppfyller tilrådingane.
  • Blant vaksne er det om lag 30 prosent som oppfyller tilrådingane. (kjelde; Folkehelserapporten 2014, fhi.no)

Organiserte aktivitetar

·        Tilgjenge Utfordringa i Solund er store avstandar og uoptimale kollektivtransporttilbod til organiserte aktivitetar. Mange er avhengig av bil eller eit nettverk som kan bistå, nokon er i tillegg begrensa av ferjetilbodet. Utanfor sentrumskjerna manglar ein både stiar og gatelys mange stader.

·        Aktivitetstypar er begrensa i utval, men er med unntak av aldersgrenser i særskilde høve, opne for alle. Dei fleste aktivitetar er på ettermiddag i kvardagane. Aktiv på Dagtid er eit kommunalt lågterskeltilbod, som sikrar eit aktivitetstilbod for vaksne, på dagtid.

Uorganiserte aktivitetar

Figuren under er frå rapporten Fysisk aktivitet; omfang, tilrettelegging og sosial ulikhet, 2017 (s.43), og viser at flest over 15 år i landet får sin trim via friluftsaktiviteter og uorganisert mosjon. Vidare at denne typen trening har auka, og er føretrekt treningsform. Fordelen med slik aktivitet er at den er lett tilgjengeleg. Ein ser og ein klar skilnad mellom aldersgruppene. Rapporten påpeikar at mykje av dagens utbygging og tilrettelegging av anlegg, skjer med tanke på organisert trening slik den drives i idrettslaga. Dermed treff den ikkje alle. Den dekkjer ei treningsform som hovudsakeleg born og ungdommen nyttar, og i liten grad dei vaksne.

Aktivitet.png

Regelmessig fysisk aktivitet er viktig for barn si vekst og utvikling. Helsedirektoratet anbefaler at barn og unge deltar i fysisk aktivitet med moderat eller høg intensitet i minimum 60 minutt dagleg. I tillegg bør barn og unge utføre aktivitet med høg intensitet minst tre gonger i veka. Vaksne bør ha moderat fysisk aktivitet 150 minutt kvar veke, eller 75 minutt med aktivitet med høg intensitet i veka.

Kjelde: Folkehelserapporten 2014, Fysisk aktivitet i Norge og Anbefalinger om kosthold,ernæring og fysisk aktivitet ( s.12) - Helsedirektoretet

Kosthald

Tal frå Samhandlingsbarometeret og Ungdata 2017 viser at berre 20-40% av barn og unge mellom 11 og 15 år et frukt og bær dagleg. Det er liknande resultat i den vidaregåande skulen, men det er lite data tilgjengeleg når det gjeld dette. Tal frå 2012 synte at at omlag halvparten av ungdomen på vidaregåande åt grønsaker dagleg. Igjen er talmaterialet lågt som gir forskjellar mellom kommunane, og tilgjengeleg talmateriale byrjar å bli gamalt. Det er interessant å observere at jenter generelt et meir frukt og grønsaker i alle aldersgrupper. Tala seier ikkje noko om variasjon i kosthald eller i kva form frukt og grønsaker vert konsumert.


Helsestasjonstenesta føl Nasjonale  faglege retningsliner for veging og måling i helsestasjons- og skulehelsetenesta. Dette inneber bl.a. tilbod  om vekt og lengde for elevar i 3. og 8. klasse. Dette er gode system for å fange opp barna som treng det. Det manglar system for rapportering av data sentralt. Det er store lokale forskjeller i om og korleis barn og unge med over-/undervektsproblematikk følges opp. Vi har i dag for liten kunnskap om verksame tidlige tiltak i forhold til vektproblematikk.

Barnehage og skule har aukande fokus på kosthald. Etter 10. klasse flyttar mange vanlegvis på hybel utanfor kommunen. Det er naturleg å anta at desse m.a. får mindre oppfølging enn heimebuande ungdom.  På internatskuler får elevar servert faste måltid.

Sunt og variert kosthald, kombinert med fysisk aktivitet er bra for både kropp og velvære. Med riktig kosthald kan ein førebygge sjukdom. Ofte kan små grep i kvardagen ha stor betyding for helsa. Matvarer merka med Nøkkelhol er eit hjelpemiddel for å ta dei små, sunne grepa i kvardagen. Det er anbefalt å ete minst fem porsjoner grønsaker, frukt og bær dagleg. Kjelde: ''Helsedirektoratet. Kostholdsråd.


Mange barn får i seg for mykje sukker gjennom brus eller saft. Ein halv liter brus eller saft inneheld om lag 50 gram sukker som svarar til 25 sukkerbitar. Kjelde: 'Matportalen.no, Helsedirektoratet

'Virkemidlene for å fremme sunne valg ligger i all hovedsak utenfor helsesektoren, og samarbeidet med andre sektorer, frivillige organisasjoner og private aktører er viktig. Dette er en felles oppgave. Ansvaret på tvers av sektorer må i større grad synliggjøres. Kjelde: 'Meld.St.34 Folkehelsemeldingen 2012-2013. God helse – felles ansvar (s.75).

Overvekt

Andel gravide med KMI over 25 har vore stabilt høg siste 5 år. Sesjonstal frå 2011 til 2017 viser at andel med KMI over 25 frå Sogn og Fjordane har lege stabilt på kring 26%, som er relativt høgt. BMI målt i vidaregåande skule 2012 KMI under 25. Tal frå elevar 11 og 13 år gamle i 2011 viser normale verdiar. Avgrensa talmateriale gjev variasjonar mellom kommunane og ein saknar data over tid. Ein bør merke seg at KMI stig frå 11 års alder og fram til vaksen alder, samt at elevar i alderen 11 til 15 år opplev seg som meir overvektig enn kva faktiske målingar av KMI viser.


Nye sesjonstal frå 2014 til 2017 (begge kjønn) viser ein nedgang i kommunens andel med overvekt/fedme, frå 35,9 % (2013-2016) og liknande nivå åra før, til 19,2 % i 4-årssnitt 2014-17. Solund er dermed under både lands- og fylkessnitt. Ein kjenner til at fleire faktorar bidreg til overvekt, men det ser ut til at trenden av overvekt etter ei tid med auke no flatar ut på fylkesnivå og truleg på landsnivå, hjå vaksne. Slik vi har sett hjå barn over tid.

Kroppsmasseindeks (KMI) gjev uttrykk for vekt i forhold til høgde og vert nytta til å kunne måle og samanlikne helserisikoen ved blant anna overvekt i ei befolkning. WHO har satt følgjande grenseverdi for å klassifisere overvekt og fedme blant vaksne over 18 år ved hjelp av KMI (kg/m²): 

KMI på mellom 25 og 29,9 = overvektig 

KMI på 30 og over = fedme 


Overvekt og fedme gjev auka risiko for type 2-diabetes, hjerte- og karsjukdom, høgt blodtrykk, slitasjegikt i kne og hofter og enkelte kreftsjukdomar som tjukktarmskreft. Overvekt og fedme kan også ha alvorlige psykiske helsekonsekvensar. Det er ingen klar KMI-grense for når sjukdomsrisiko aukar eller fell, overgangane er glidande. 


Erfaring viser at det for dei fleste er vanskelig å oppnå varig vektreduksjon når ein først har blitt overvektig. Førebygging av overvekt med tiltak som kan påverke mat- og aktivitetsvanar er derfor viktig. Kjelde: ''fhi.no

Røyking og rusmidlar

Utvalde kommunar i Sogn og Fjordane har sett ein fallande trend for kvinner som røyker under svangerskapet. Tala for røykevanar frå vidaregåande skule er låge, men ein manglar samanlikningsgrunnlag frå fleire år. Tal frå Ungdata 2017 viser at 85-95% av ungdomsskule elevane oppgir at dei aldri har røykt, medan 60-75% av elevane på vidaregåande seier det same. Tala frå Sogn og Fjordane føl trenden for den norske befolkninga som viser ein kraftig nedgang i røykarar i Noreg siste åra, spesielt blant ungdom.


Ein høg del av elevar i 10. klasse har prøvd snus. Tala beskriv ikkje den daglege bruken av snus.


Tal frå vidaregåande om ungdom som har prøvd narkotiske stoff ligg lågt i Sogn og Fjordane.


Det er størst andel alkohol innan rusmisbruk, men viser lite info frå ungdomsgruppa, viser Brukarundersøking frå Solund (2013). UngData Solund 2017 viser at nær 1/3 av ungdomsskuleelevane har nytta alkohol siste året, langt høgare enn landet (13%).

Årleg omsetnad av alkohol i Noreg per innbyggjar over 15 år, viser ei klar auke frå 1970 – 2011; frå 4,73 liter til 6,62 liter. Det er og klart auka kulturell aksept på alkohol på landsbasis, og difor eit behov for førebygging i ung alder. Det føreligg ingen informasjon som tyder på at Solund er ulik resten av landet her. Formålet med førebygging er å unngå at eit stort alkoholforbruk kjem over i avhengigheitsproblematikk. Tross auka konsumstatistikk for alkohol, er det positivt at debut-alderen har auka på landsbasis.

Avhengigheitsproblematikk er ofte ein samansett situasjon, som krev tverrfagleg samarbeid på tvers av einingar. Slik er det også i Solund. Dersom ein har eit avhengigheitsproblem, viser erfaringar og brukartilbakemeldingar at eit lågterskeltilbod/tilbod som er opne utanom kontortid, er den hjelpa som er mest etterspurt. Per dags dato finnas det svært få slike tilbod i Sogn og Fjordane, og ingen i kommunen. Alternativet er då henvisning til spesialisthelsetenesta. Dømesvis innlegging på Sogn og fjordane sin eine akuttpost, der statistikk viser at dei vert skreve ut etter eit døgn, eller ambulerande team. Erfaringar viser at mange akuttinnleggingar og bruk av tvang kan minimerast dersom ein har eit velfungerande tilbod i kommunane; også utanom dagtid.

Røyking er ein av dei viktigaste årsakene til redusert helse og levealder. Omtrent halvparten av dei som røyker daglig i mange år, dør av sjukdomar som skuldast tobakk. I tillegg råkast mange av sjukdommar som fører til helseplager og redusert livskvalitet. Studiar viser at dei som røyker dagleg, i snitt dør 10 år tidligare enn ikkje-røykarar, og 25 prosent av dei som røyker dagleg dør 20-25 år tidligare enn gjennomsnittleg levealder for ikkje-røykarar. Kjelde: fhi.no

Røykevanar er knytt opp mot sosial ulikskap i helse. Kjelde: ''SIRUS.no (kapittel 3.3.4)

Bruk av snus aukar risiko for kreft i bukspyttkjertel, spiserøyr og munnhole og har fleire andre negative effektar. Snus aukar risiko for dødfødde og for tidleg fødsel. Kjelde: Helsedirektoratet. Helseskader av snus.

Helsetilstand

Tannhelse

Tannhelsa til barn og unge i Sogn og Fjordane er rekna for å vere god og ligg over landsgjennomsnittet.

På landsbasis har det vore ein nokså jamn nedgong i kariesførekomst i tennene blant 5, 12 og 18- åringane dei siste 25 åra. Om lag ¾ av alle 5, 12 og 18-åringar er undersøkte/behandla eller registrert (Kjelde; SSB). DMTF=0 tyder tenner som ikkje trong behandling eller hadde vore behandla tidlegare (kjelde; SSB, Florø tannklinikk).

Tannhelsetenesta har fast samarbeid med skule- og helsetenesta, både for barn og vaksne, men angjev for lite bevilga tid til førebygging.

Mellom anna får pasientar/brukarar i helsetenesta gratis tannbehandling etter særskilde kriterier. Tiltaka kan fange oppe enkeltindivid som ikkje har økonomi til nødvendig tannbehandlingar

Dei siste 30 åra har tannhelsa betra seg mykje. Fleire barn og unge har ingen eller få hol i tenna. Endå varierer tannhelse med alder, økonomi, og kvar i landet ein bur. Kjelde: fhi.no

Sjukehusinnleggingar generelt

Tal på innleggingar på sjukehus for pasientar i Sogn og Fjordane har vore relativt stabilt frå 2009 til 2017.

Diabetes

Bruk av legemiddel til behandling av type 2-diabetes har auka gradvis frå 2008 til 2017, både nasjonalt og i Sogn og Fjordane. Tala for dei utvalde kommunane varierer.


Det kan sjå ut til at andelen i Solund har flata ut på eit lågare nivå enn fylke og land dei siste åra.

Ein reknar at ca 350.000 personer i Noreg har diabetes type 2, og at halvparten av desse ikkje veit dei har sjukdommen. Ca 28.000 personar har diabetes type 1. Kjelde:Diabetes.no.

Kosthald, mosjon og vektreduksjon kan for nokre normalisere blodsukkeret og halde sjukdomen under kontroll, og er ein sentral del av behandlinga for alle med sjukdommen. Moderne retningslinjer for behandling av diabetes legg likevel i aukande grad vekt på nytta av medikamentell behandling for å redusere førekomsten av seinkomplikasjonar av sjukdommen (tap av syn, amputasjon, hjarte/kar-sjukdommar, sår, nyresjukdom), som er den viktigaste årsaken til redusert helse og økte helsekostnader for denne sjukdommen. Overvekt er ein viktig risikofaktor for utvikling av type 2-diabetes og førekomst av type-2 diabetes kan derfor spegle befolkninga sine levevaner. Kjelde:Helsebilioteket

Hjerte- og karsjukdomar

Det har sidan 2002 vore ein jamn reduksjon i dødelegheit (0-74 år) av hjerte- og karsjukdom. Dette kan skuldast både meir effektiv behandling og førebygging, men også auka levealder i befolkninga generelt.

Muskel- og skjelettlidingar

Sogn og Fjordane ligg rett over landsgjennomsnittet i registrering av muskel og skjelettlidingar i primærhelsetenesta. Liknande trend finn ein og i spesialisthelsetenesta, medan lårbeinsbrot ligg på landsgjennomsnittet.


Solund har færre registrerte muskel- og skjelettlidingar i primærhelsetenesta, men fleire hoftebrot.

Kreft

I Sogn og Fjordane har dødelegheit av kreft vore stabil siste 5 åra . Nye krefttilfelle har auka jamt i same periode. Tala frå Sogn og Fjordane føl nasjonal utvikling.


Årsak til kreftsjukdom er knytt til miljøpåverknader og arvemateriale. Ein reknar at det er få tilfelle av kreft der arv er einaste årsak. Førebygging av kreftsjukdom er knytt til reduksjon i eksponering av miljøgifter, å redusere tobakksrøyking, redusere alkoholkonsum, auke inntak av frukt og grønsaker, auke fysisk aktivitet, førebygge overvekt og unngå å bli solbrend. Kjelde: ''fhi.no

Årsak til auke i krefttilfelle kan vere aukande alder i befolkninga og betring i diagnostiske verktøy. Kjelde: ''fhi.no

Psykiske lidingar

På oversikt over registrerte psykiske lidingar i primærhelsetenesta ligg Sogn og Fjordane under landsgjennomsnittet. Det er stor variasjon i data mellom dei utvalde kommunane, noko som kan forklarast med lavt talmateriale i enkelte kommunar. Ein har for lite data til å kunne vurdere utviklinga.

Nasjonalt viser tal frå reseptregisteret ei auke i bruk av antidepressiva i aldersgruppa 15-19 sidan 2004.

Folkehelseinstituttet estimerer at 8% av barn og unge mellom 3-18 år har ei psykisk liding. Kjelde: ''Psykiske lidelser i Norge: Et folkehelseperspektiv (s 43)


Antidep.png

Kommunen ser ut til å liggje godt under både fylkes- og landssnitt, med diagnostiserte psykiske lidingar og symptom (2014-16, Kommunehelsa). Moment som og er sjekka ut blant ungdom er einsemd, depressive symptom og skade/trugsel om vald.

Det identifiserast tre særskilde utfordringar innan omsorgen til individ med behov for behandling, og som kan vere til hinder for optimal behandling:

·        Få og små ressursar vanskeleggjer å yte tenester lokalt

·        Lang reiseveg til spesialisthelsetenesta (òg nemnt under punkt 5.4 Sjukefråvær)

·        Personleg økonomisk belastning vedrørande transportkostnader

Som landet for øvrig vil det finnast kryssdiagnosar mellom rus og psykiatri.

Begrepet psykiske lidingar omfattar alt frå mildare plager som fobiar og lettare angst og depresjonslidingar, til omfattade og alvorlege tilstander som schizofreni. Kjelde: ''Folkehelseinstituttet: Psykiske lidelser i Norge: Et folkehelseperspektiv (s 15)

Omtrent halvparten av den norske befolkninga vil ha ein form for psykisk liding i løpet av livet, og om lag ein tredjedel i løpet av eit år. Dei tre vanligaste gruppene psykiske lidingar er angstlidingar, depressive lidingar og alkoholmisbruk. Førekomsten har vore stabil i den norske befolkninga siste 10 år. Kjelde: ''Folkehelseinstituttet: Psykiske lidelser i Norge: Et folkehelseperspektiv (s 22)

Tala referert over er høge, og ein kan ikkje trekke konklusjon om at ein tredjedel av befolkinga er psykisk sjuke. Personar kan i kortare perioder vere deprimerte, og det er forholdsvis høg førekomst av fobiar og alkoholavhengighet. Desse gruppene føler seg ofte ikkje psykisk sjuke. Kjelde: ''Folkehelseinstituttet: Psykiske helse i Norge

Andel av befolkinga med alvorleg psykisk sjukdom er turleg låg. Ein studie frå Sogn og Fjordane (Kringlen E, Torgersen S, Cramer V. Mental illness in a rural area - A Norwegian psychiatric epidemiological study. Social Psychiatry and Psychiatric Epidemiology 2006; 41: 713-9) viser at 5,1 prosent av befolkinga er utsett for å få alvorleg psykisk sjukdom.

Psykiske lidingar i barne- og ungdomsåra aukar risikoen for fysisk sjukdom, fråfall frå skulen, lausare tilknyting til arbeidsmarknaden og rusmisbruk. Barn som viser teikn til psykiske plager, eller som er eksponert for alvorlege risikoforhold bør fangast opp på eit tidleg tidspunkt. Helsestasjon, barnehage og skule er sentrale arenaer. Kjelde: ''Folkehelserapporten 2014

Oppsummering av utfordringar og utvikling i Solund kommune

Folkehelseoversikta må lesast som ein samtidspuls, som hovudsakleg viser kvar utviklingstrendpila peikar, i staden for detaljar som varierer frå år til år. Oversikta gir likevel ingen garantiar og krystallkuler inn i framtida, og vi får kun svar på det vi spør om. Oversikta viser at helseutfordringane i Solund i hovudsak ikkje skil seg særleg frå land og fylke, men at dei fylgjande truleg er dei viktigaste:

Låg førekomst av sosial ulikskap

Sjølv om vi har førekomst av sosial ulikskap i kommunen, er den truleg låg. Dette speglast i ulike positive indikatorar. Kommunen har høg fullføringsprosent på vidaregåande skule, og utdanningsnivået har auka over tid og kan måle seg med både land og fylke. Hushaldsinntekta har klatra jamt etter og passert landsnivå. Etter ei tid med få hushaldningar med låg inntekt, har denne auka markant dei siste åra, antakeleg grunna god samfunnsinnsats med busetjing av flyktningar. Kommunen fyl elles fylket på mange område, m.a. med færre barn med einslege forsørgjarar enn landet, låg arbeidsløyse over tid og få sosialhjelpsmottakarar.

Fleire bør i aktivitet, og betre kosthaldet

Som landet for øvrig slit fylket med å få unge og vaksne nok aktive. Dessutan er det for få som oppfyller kosthaldanbefalingane om nok frukt og grønsaker og mindre sukker, sjølv om utviklinga går i rett retning. Diverre har fylket meir overvekt enn landet, men det ser ut til at trenden av overvekt etter ei tid med auke no flatar ut på fylkesnivå og truleg på landsnivå, hjå vaksne. Slik vi har sett hjå barn over tid. Solund har hatt ein nedgang og ligg no under både fylkes- og landsnivå.

Folketalsutvikling med fleire eldre og færre i arbeidsrelatert alder

Folketalet vårt har synke over tid, men stabilisert seg dei siste åra. Som følgje av dette anslåast det auka andel eldre i framtida. Antakeleg vil det ikkje vere nok i arbeidsrelatert alder til å ta seg av auken i helseutfordringane som er forventa å fylgje med. Derimot ser fleirtalet av ungdomsskuleelevane framtida si i Solund, og vi har ei lita auke i innvandrarandelen, truleg hovudsakleg arbeids- og flyktninginnvandring.

God psykisk helse med forbetringspotensial

Den psykiske helsa verkar i hovudsak god. Det kan sjå ut som over tid at trivselen i skulen aukar, med ein svak synkande trend på førekomst av mobbing. Men framleis førekjem mobbing sannsynlegvis oftare ved vår eine skule, enn snittet i fylket og landet. Diverre prøver for mange unge i kommunen alkohol før dei er gamle nok. Rusmidlar som Cannabis førekjem og, medan tala for tobbakk er låge.

Helsetilstanden Medan diabetesmedisinerte aukar jamt i land og fylke, ser det ut til at talet av ukjend årsak har stabilisert seg siste åra i Solund. Muskel- og skjelettlidingar har vi og mindre av. Tannhelsa er god og i betring. Sjukefråværet ligg litt over landsnivå dei siste åra, utan kjend årsak. Fylket ligg litt høgre enn landet på innlagte personskader, medan hoftebrot er omtrent som landsnivå. Vi vil framover, som landet forøvrig, antakeleg sjå ei auke i nye krefttilfelle, men med stabil dødelegheit