Stryn kommune

Fra Folkehelseoversikt.no
Hopp til: navigasjon, søk

[null INNLEIING]

Folkehelsearbeid kan definerast som samfunnet sin innsats for å påverke faktorar som påverkar helse og trivsel. Arbeidet for ei god folkehelse må skje på mange nivå i samfunnet, både innan det offentlege og innan det frivillege lag- og organisasjonslivet, og vil i kommunen omfatte alle sektorar. Folkehelse handlar om befolkninga, eller grupper av befolkninga sin helsetilstand, og korleis helsa fordelar seg. Dvs. utgangspunkt i befolkningsnivået og ikkje i individnivået. For å sikre ei positiv utvikling, treng ein best mogleg kunnskap om no-situasjonen og om faktorar som kan vere med og styrke eller svekke folkehelsa.

Lov om folkehelsearbeid som kom i 2012, stiller auka krav til slik kunnskap om befolkning, helsetilstand og dei ulike påverknadsfaktorane som gjev god folkehelse og gode levekår. Etter folkehelselova § 5, pliktar kommunen å ha oversikt over helsetilstanden i befolkninga og dei positive og negative faktorar som kan virke inn på denne.

Kunnskapsdokument for folkehelse i Stryn kommune er eit konkret tiltak for å samle og systematisere den kunnskapen som finst. Rådmannen si leiargruppe har sett igong dette arbeidet, med folkehelsekoordinator som sekretær. Oversikta skal identifisere kommunen sine særlege folkehelseutfordringar og vere merksam på trekk ved utviklinga som kan skape eller oppretthalde sosiale eller helsemessige problem eller helseskilnader. Helsedirektoratet sin veileder for oversiktarbeid er brukt som mal for arbeidet.

Kunnskapsdokumentet baserer seg på statistikk og informasjon frå tre hovudkjelder:

1)     Opplysningar som statlege helsemyndigheiter og fylkeskommunen gjer tilgjengeleg (Folkehelseinstituttet, Statistisk sentralbyrå/Kostra, Fylkesspegelen).

2)     Kunnskap frå dei kommunale tenestene (statistikk, undersøkingar, rapportar).

3)     Kunnskap om faktorar og utviklingstrekk i miljø og lokalsamfunn. Slik erfaringsbasert kunnskap er innhenta gjennom både skrifteleg og munnleg dialog med ulike tenester og samarbeidspartar.

Erfaringsbasert kunnskap (jfr. pkt. 3) er presentert i grå tekstboks.

Ein har prøvd å finne statistikk med best mogleg oppdaterte tal, men dei fleste tilgjengelege kjelder viser  ferskaste data frå eitt til tre-fire år tilbake i tid. Det må difor takast noko atterhald når vi ynskjer å seie noko om no-situasjonen, men har mange stader teke med data frå eit visst tidsintervall for å sjå moglege utviklingstendensar. I dei fleste samanhengar har ein og valt å samanlikne med tilsvarande data for fylket og heile landet for å ha eit visst samanlikningsgrunnlag.

Under kvart avsnitt er det ein kommentar/drøfting som gjev uttrykk for dei involverte instansane si oppfatning av status for aktuelle data. Denne er markert i grøn tekstboks.

På slutten av kvart kapittel kjem ein rosa tekstboks med oppsummering av dei funna ein særskilt bør merke seg.       

«Kunnskapsdokument for folkehelse» er eit viktig grunnlagsdokument for arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel og øvrig planarbeid i kommunen og ein håper det skal vere eit nyttig reiskap for både politikarar og tilsette. Kommunen har oppretta «Styringsgruppe for folkehelse» (rådmannen si leiargruppe, plansjef og folkehelsekoordinator) som har det overordna ansvaret for oversiktsarbeidet. Kunnskapsdokumentet skal vere eit «levande dokument» som inneber oppdatering (årleg) og revisjon (kvart fjerde år). Dokumentet er tilgjengeleg for alle interesserte på kommunen sine nettsider.

SAMANDRAG

BEFOLKNINGSSAMANSETNING OG DEMOGRAFISKE DATA

Styrke:

-         Det er forventa at folketalet vil halde fram å stige

Utfordringar:

-         Det er forventa at andelen eldre vil auke sterkt dei næraste tiåra

-         Den etninske samansetjinga i kommunen er i stadig utvikling. Pr. 01.01.2015 er 16,8% av innbyggjarane innvandrarar eller norskfødde av innvandrarforeldre

-         På krinsnivå er det stor folketalsvekst i Stryn sentrum. Folketalet minkar i utkantane av kommunen, mest i dei krinsane som ligg lengst frå Stryn sentrum

LEVEKÅR OG OPPVEKST

Styrke:

- Kommunen har generelt ein låg andel mottakarar av sosialhjelp.

- Stryn har ein låg andel uføretrygda

- Kommunen har desentralisert barnehage- og skulestruktur.

- Kommunnen har full barnehagedekning

- Elevundersøkinga på 7. og  10. trinn tyder på lite mobbing og god trivsel i skulen

- Kommunen har lågare prosentandel fråfall frå vidaregåande skule, enn fylkesgjennomsnittet.

- Kommunen har mykje lågare andel barn med barneverstiltak enn fylket og landet.

Utfordringar:

- Kommunen har eit høgare andel hushaldningar med låg inntekt samanlikna med fylkesgjennomsnittet

- I aldersgruppa 18-24 år er andelen mottakarar av sosialhjelp aukande.

- Sjukefråveret på kommunenivå auka frå 2013 til 2014, og ligg no tydeleg over fylkesgjennomsnittet.

- Sidan 2011 har det vore aukande arbeidsledigheit blant unge i aldersgruppa 15-29 år. I 2013 og -14 låg dette talet for Stryn på landsgjennomsnittet, langt over fylkesgjennomsnittet.

FYSISK, BIOLOGISK, KJEMISK OG SOSIALT MILJØ

Styrke:

- God tilrettelegging for eit rikhaldig friluftsliv til alle årstider.

- Kommunen har generelt låge radon konsentrasjonar, og har god oversikt og gode rutinar for dei stadane det er påvist høgt radonnivå.

Utfordringar:

- Kommunen har svært dårleg dekning av gang- og sykkelvegar. Dette gjeld både langs fylkes-/riksvegar og gang-/sykkelvegar og turvegar med kommunalt driftsansvar.

- Kommunen utmerker seg i negativ retning når det gjeld drikkevasskvaliteten.  

SKADER OG ULUKKER

Styrke:

- Betre sikring av arbeidsplassar gjev mindre ulukkerisiko.

Utfordringar:

- Stryn har høg førekomst av hoftebrot. Vi ligg  framleis over gjennomsnittet for fylket og på landsbasis.

- Universell utforming manglar mange stader.

HELSERELATERT ÅTFERD

Styrke:

- Det ser ut til å vere ein generell nedgang i røyking blant ungdom.

Utfordringar:

- Snus-bruk er ei stor utfordring, men ein veit ikkje kor stort omfanget er og om bruken framleis aukar.

- Det er eit tydeleg potensiale for betre kosthaldsvanar i fleire grupper av befolkninga.

- Det er stor skilnad i fysisk aktivitetsnivå blant innbyggjarane både blant barn og unge.

- Bruk av sosiale media blir av fleire instansar framheva som ei folkehelseutfordring. Medvit om tidsbruk og grensesetting for barn kan vere vikitige verkemiddel.

- Sjølv om det ser ut til å vere ein nedgang i røyking blant ungdom, tyder ei undersøking frå 2012 på at det framleis er ein del røyking blant elevane i vidaregåande skule.

- Ifølge politiet er bruk av rusmiddel ein av dei største helserisikoane blant ungdom. Omfanget av misbruk er ikkje kartlagt, men det er særleg bekymring om kunnskapsnivået knytta til farepotensialet.

HELSETILSTAND OG –TENESTER

Styrke:

- Samanlikna med fylket og landet, har Stryn tydeleg lågare førekomst av hjerte-/karsjukdomar og psykiske symptom og lidingar, målt i sjukehusinnleggingar og medikamentbruk.

- Vaksinasjonsdekninga er veldig låg, særleg blant 9-åringar.

- Kreft: - i antal nye tilfeller av kreft hos kvinner ligg vi tydeleg under snittet for fylket og land

- Tannhelse: Barn og unge i kommunen har jamnt bra tannhelse.

- Helsetenester: jordmordekninga er svært god.

Utfordringar:

- Psykisk helse blant barn og unge blir av sentrale informantar i kommunen framheva som ei svært viktig folkehelseutfordring. Dette er eit felt ein treng meir kunnskap om.

- Kreft: for menn ligg vi tydeleg over gjennomsnittet for fylke og land. Tala er særleg høge for prostatakreft.

- Helsetenester: låg dekning av helsesøstre.

[null BEFOLKNINGSSAMANSETNING OG DEMOGRAFISKE DATA]

[null FØDSELSRATE, NETTO INNFLYTTING, NETTO INNVANDRING]

2003 2010 2013
Fødde 95 76 78
Døde 66 51 60
Netto innflytting 60 26 10
Netto innvandring 93 90 75

Tabell og figur: Fødselsrate, netto innflytting, netto innvandring i Stryn kommune

(Kjelde: Statistisk sentralbyrå)

[null LEVEALDER]

1976 1986 1996 2006 2013
Kvinner 78,4 79,4 81,1 82,6 83,6
Menn 72,1 72,8 75,3 78,1 79,6

Tabell og figur: Forventa levealder ved fødsel, Stryn kommune                   (Kjelde: Statistisk sentralbyrå)

[null PROGNOSE FOR FOLKETALSUTVIKLINGA]

2014 2020 2040
0-9 år 906 869 948
10-19 år 971 1008 1020
20-29 år 845 861 820
30-39 år 866 910 916
40-49 år 971 939 1042
50-59 år 862 943 1027
60-69 år 848 825 937
70-79 år 492 644 832
80-89 år 283 299 529
90-99 år 87 83 150
Totalt 7131 7381 8221

Tabell: Prognose for folketalsutviklinga i Stryn kommune.          (Kjelde: Statistisk sentralbyrå)

Figur: Framskriving av folketal 2014-2040, middels nasjonal vekst.          (Kjelde: Statistisk sentralbyrå)

Tala syner ei tydeleg auke i andelen eldre i åra framover. Dette fører med seg ei folkehelseutfordring, slik pleie- og omsorgstenesta peikar på:

Eldre har auka risiko for somatisk  sjukdom,  depresjon, demens. Mange er lite fysisk aktive.

Dei som bur heime med nedsett funksjonsnivå er meir  utsette for isolasjon, einsemd,  dårleg  ernæring (middag spesielt), inaktivitet,  auka fallfare.

På den andre side blir det peika på at dei eldre representerer ein viktig ressurs i lokalsamfunna, særleg innan frivilleg arbeid:

Pensjonistar med god helse kan bidra positivt i mange samanhengar:

Torsdagssamlingar på eldresenteret i Olden og mandagsklubb i Innvik er døme på møteplassar som gjev sosial stimulering for heimebuande eldre. Seniordans i Loen og i Vikane er svært positive tiltak.

Framskrivinga syner at ein forventar at folketalet i kommunen skal halde fram å stige.

Oversikten stadfestar det ein lenge har visst: at talet eldre vil auke sterkt dei næraste tiåra. Dette stiller krav til tenester og infrastruktur i kommunen. Det må leggast til rette for størst mogleg grad av eigenmeistring, med velferdsteknologi  som eit sentralt verkemiddel. Arbeidsmarknaden kan få utfordringar med å finne arbeidskraft når årskulla som blir pensjonistar, er mykje større enn ungdomskulla no.

[null ETNISK SAMANSETJING – UTVIKLING]

2004 2010 2014
Innvandrere Innvandrere Innvandrere
Menn Europa unntatt Tyrkia 142 349 518
Afrika 11 23 30
Asia med Tyrkia 48 39 39
Nord-Amerika 5 5 3
Sør- og Mellom-Amerika 8 10 11
Oseania 3 3 3
Kvinner Europa unntatt Tyrkia 89 215 293
Afrika 8 29 33
Asia med Tyrkia 43 50 68
Nord-Amerika 4 5 4
Sør- og Mellom-Amerika 7 7 8
Oseania 0 0 0
Totalt Europa unntatt Tyrkia 231 564 811
Afrika 19 52 63
Asia med Tyrkia 91 89 107
Nord-Amerika 9 10 7
Sør- og Mellom-Amerika 15 17 19
Oseania 3 3 3

Tabell og figur: Etnisk samansetjing utvikling 2004 -2014.           (Kjelde: Statistisk sentralbyrå)

Pr. 01.01.2015 er det registrert totalt 7155 innbyggjarar i Stryn kommune. Av desse er  1202 innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre, dvs. 16,8 %.

Integrering av arbeidsinnvandrarar  er ei utfordring i både helse- og oppvekstsektoren t.d i forhold til språk, skikkar, oppdragelsesmetodar.

Det er to hovudgrunnar til at talet på utanlandske innbyggjarar aukar:

Kommunen tek kvart år imot flyktningar for busetjing kommunen, siste åra har talet vore  ca 20-25 personar pr. år. I tillegg kjem det ein del som fylgje av familiegjenforeining.

Det er ei stor gruppe arbeidsinnvandrarar i kommunen, desse er ein viktig ressurs for næringslivet, og bidreg positivt til folketalsutviklinga. Ved den største industriarbeidsplassen i kommunen er det over 200 aust-europeiske arbeidarar, eit stort fleirtal er menn.

Mange av arbeidsinnvandrarane kjem flyttande åleine, om dei blir verande kjem gjerne resten av familien flyttande etter. Nokre av arbeidsinnvandrarane fell ut av arbeidslivet, men blir likevel buande. Desse får då behov for sosiale ytingar frå kommunen ( kap. 4.1.6.)

Det er og ei stor gruppe utanlandske sesongarbeidarar innan landbruket, som er på kontrakt i sommarsesongen i max tre månader  og difor ikkje syner att i statistikken.

[null BUSETJINGSMØNSTER, FOLKETALSUTVIKLING PÅ KRINSNIVÅ]

Tabell: Busetjingsmønster og folketalsutvikling, på krinsnivå        (Kjelde: Statistisk sentralbyrå)

Oversynet viser ein klår tendens til at folketalet minkar i dei delane av kommunen som er lengst frå Stryn sentrum – som veks  tilsvarande raskt.

Oppsummering: BEFOLKNINGSSAMANSETNING OG DEMOGRAFISKE DATA

-         Det er forventa at folketalet vil halde fram å stige (kap. 3.3)

-         Det er forventa at andelen eldre vil auke sterkt dei næraste tiåra (kap. 3.3)

-         Den etninske samansetjinga i kommunen er i stadig utvikling. Pr. 01.01.2015 er 16,8% av innbyggjarane innvandrarar eller norskfødde av innvandrarforeldre (kap. 3.4)

-         På krinsnivå er det stor folketalsvekst i Stryn sentrum. Folketalet minkar i utkantane av kommunen, mest i dei krinsane som ligg lengst frå Stryn sentrum (kap. 3.5)